Kommentar

Derfor var det riktig å kondolere til Iran

Den iranske presidentens hender var fulle av blod. Likevel var det rett av utanriksminister Espen Barth Eide å kondolere dødsfallet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Iran trudde dei han skulle bli den nye ayatollaen, då Ebrahim Raisi for tre år sidan vann det som skulle førestille eit presidentval. Embetet som president skulle vere springbrettet til den verkelege toppjobben i iransk politikk, å bli øvste leiar for den islamske republikken. Den sittande øvste leiaren, ayatollah Khamenei, er ein aldrande mann på 85.

Historia ville det annleis. Etter eit besøk til nabolandet Aserbajdsjan enda Raisi livet då helikopteret styrta. Også utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian og sju andre mista livet. Spekulasjonane om kva som eigentleg skjedde peikar i alle retningar.

Kontroversiell kondolanse

Kort tid etter nyheita om dødsfallet, kondolerte utanriksminister Espen Barth Eide til «alle de berørte etter den alvorlige helikopterulykken som kostet livet til Irans president og utenriksminister, deres følge og mannskapet». Han sa òg at hans tankar går til dei etterlatne.

Vanlegvis ville ikkje kondolansen vore kontroversiell. Det er nesten automatikk i å sende kondolansar når ein statsleiar døyr. Denne gongen var det mange som reagerte på Eides kondolanse til den iranske leiarskapen.

I den usikre prosessen med å finne og velje etterfølgaren til Raisi, er det avgjerande at vestlege land har ei linje inn til Teheran. Då er det av og til naudsynt å kondolere ein død mann med blod på hendene.

Forfattar og samfunnsdebattant Jan Arild Snoen posta på Facebook at kondolansen til «alle berørte» etter Raisis død vel ikkje omfattar «de tusenvis av liv denne slakteren har på samvittigheten». På Twitter skreiv Snoen at «diplomati fordrer vel en grad av falskhet, men det er lov å holde kjeft. Døden var vel fortjent og verden er et bedre sted uten Raisi».

Kritikken er forståeleg. Var det likevel rett av utanriksminister Eide å kondolere denne gongen?

Feira dødsfallet med fyrverkeri og dans

Eksil-iranarar i Norge feira presidentens død med fyrverkeri og dans. Dei hadde gode og talrike grunnar til å hate mannen som vart kalla «slaktaren frå Teheran».

Det tilnamnet fekk han mellom anna fordi han som dommar i «dødskommisjonane» som skapte skrekk og gru i Iran sommaren 1988. Den mørke sommaren reinska presteregimet ut politiske motstandarar meir intenst enn noko anna tidspunkt. Talet på politiske fangar som vart drepne har variert mellom nokre tusen og 50.000. Amnesty International meiner talet var kring 5.000. Raisi sende sjølv uskuldige menneske til galgane.

Det har blitt karakterisert som ei av dei verste brotsverka mot menneska sidan 2. verdskrigen, på linje med folkemordet i Srebrenica. Han forsvarte si rolle i det han kalla «kampen mot statens fiendar», så seint som i eit intervju med BBC i 2018. Ingen har blitt stilt til ansvar for ugjerningane. No er det for seint for Raisi.

Presidenten var djupt lojal til resten av leiinga i det korrupte, iranske presteregimet. Regimet liknar meir på ein kriminell organisasjon enn eit gudfryktig presteskap. Raisi var overtydd om at den konservative, reaksjonære forma for sjiaislam han stod for, var rette måten å styre landet på. Han slo hardt ned på alle formar for protestar og liberalisering. Folk fekk valet mellom hans og regimets vilje eller å henge dinglande frå galgen.

Med andre ord: Det var gode grunnar til å ønske Raisi død. Talet på potensielle sabotørar som kunne ha tukla med helikopteret er mange.

Presidentens hender var fulle av blod

Likevel valde altså den norske regjeringa å kondolere til «alle berørte». Det same gjorde Nord-Koreas Kim Jong-un, Vladimir Putin, EU-leiarane og resten av verdsleiarane. Alle dei liberale demokratia på lista over kondolansar, kan verke tonedøvt eller som openbert hykleri.

Den iranske presidentens hender var jo fulle av blod.

Den grusomme logikken er dermed at Raisis liv – uavhengig av all djevelskapen han har vore ansvarleg for i og utanfor Iran – rett og slett var viktigare enn alle liva han tok.

Snoens kritikk av Eides kondolanse til Raisis etterlatne, er spesielt treffande på punktet om at den neppe omtalar «de tusenvis denne slakteren har på samvittigheten». Trass det norske Utanriksdepartementets gjentekne fordømmingar av den islamske republikkens drap på sivile, har ikkje alle regimets dødsoffer fått same merksemd og ære som den Raisi fekk gjennom kondolansemeldinga.

Døden like urettferdig som livet

I boka Frames of War. When Is Life Grievable? skriv Judith Butler om forskjellen på liv vi sørger offentleg over, og liv som går ut av tida utan sorg eller eingong merksemd. Det er påfallande å sørge over Raisis død, medan han gjennom fleire tiår har påført andre død vi knapt har registrert. På ein brutal måte viser det kva liv som betyr noko for oss, og kva liv som ikkje gjer det.

Den grufulle logikken er dermed at Raisis liv – uavhengig av all djevelskapen han har vore ansvarleg for i og utanfor Iran – rett og slett var viktigare enn alle liva han tok. Det er ikkje ei etisk vurdering, men eit kjølig og skrekkeleg maktpolitisk faktum.

Slik er døden like urettferdig som livet.

Trass i desse paradoksa var det rett av utanriksminister Espen Barth Eide å kondolere dødsfallet til Ebrahim Raisi og resten av helikopterfølget hans. Slik det også var rett av Jonas Gahr Støre å halde samtalar med Ebrahim Raisi då han framleis var i live, slik han gjorde i november i fjor. Dersom vi skal tru at diplomati er meir kraftfullt enn krig, må vi også snakke med politiske leiarar vi hatar.

Naudsynt å kondolere Raisis død

I eit perspektiv der vi er opptekne av kva som skjer vidare i Iran, er det liten grunn til å glede seg for tidleg over at Raisi er borte. Det er ikkje sikkert etterfølgaren er betre på noko vis. Regimet i Teheran skuldar USA og Israel for helikopterstyrten. Enten har USA direkte sabotert helikopteret, eller så er landet skuldig gjennom dei strenge sanksjonane mot Iran, meiner regimet. Opposisjonelle eksil-iranarar er overtydde om at ayatollah Khamenei står bak, for å bane veg for sin eigen son Mojtaba Khamenei.

I den usikre prosessen med å finne og velje etterfølgaren til Raisi, er det avgjerande at vestlege land har ei linje inn til Teheran. Då er det av og til naudsynt å kondolere ein død mann med blod på hendene.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar