Den naudsynte opprustinga er økonomisk risikosport

Opprustinga av Forsvaret må ikkje bli ei historie om pengar sløst vekk. Det ansvaret må Stortinget ta.

Fregatten Thor Heyerdahl fotografert utanfor Bergen.
OPPRUSTING: Den russiske aggresjonen og utsiktene til ein Trump-siger i USA, gjer at me har dårleg tid, skriv nyheitsredaktør Lars Inge Staveland.

Det er mykje som står på spel. Russland kan vere i ferd med å tvinge Ukraina i kne. Dersom Vladimir Putin kan hevde at han kom sigrande ut av invasjonen av Ukraina i 2022, kan andre land stå på lista. Dette skjer samstundes som at USA frå hausten av kan få ein president, Donald Trump, som har sådd tvil om han vil komme allierte til unnsetning i ein krisesituasjon.

Med andre ord: Europeiske land må vere førebudde på å klare seg aleine. Opprustinga må skje raskt, og derfor vil regjeringa bruke svimlande 600 milliardar kroner fram til 2036 på å styrke Forsvaret av Norge.

Det er brei semje om at Forsvaret ikkje er rusta opp mot dagens trugsmål. Når langtidsplanen nå skal forhandles på Stortinget, vil det komme nye krav på bordet. Men det er fleire grunnar til at nye, større investeringar ikkje bør avgjerast på seine kveldstimar i eit forhandlingsrom.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP