Kommentar

Vi som kjenner oss langt borte frå Gud

I påska utspeler det store dramaet i kristendommen seg. Men kva har det å seie for mitt eige liv?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den seinaste tida har eg gått og grunna på ein liten detalj ved den bibelske påskeforteljinga. Evangelistane skriv noko ulikt om det som skjedde under Jesu krossfesting, men tre av fire er i samsvar med observasjonen som står å lese i Lukasevangeliet: «Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på.»

Setninga rammar meg hardt. Sidan eg var barn, har eg lese og høyrt om Jesus. Eg lærte å kjenne han, som det heitte på bedehuset. Eg kallar meg ein kristen. Likevel kjenner eg meg att i avstanden bibelteksten fortel om: Eg står langt borte og ser på.

Den bortkomne sonen

Gjennom livet har det vore periodar der eg har kjent meg ekstra langt borte frå Gud. Til tider har eg kjent meg som den bortkomne sonen, som Jesus fortel om i ei av likningane vi også kan lese hos Lukas. Den bortkomne sonen, som i utgangspunktet slett ikkje var bortkommen, men som var elska av far sin og budde i same hus som han, ønskte å dra bort frå farsheimen. Han ville ut i verda og oppleve henne. Utvide horisonten, som vi ville sagt i våre dagar.

Denne sonen fekk fritt leide av far sin. Han fekk ikkje berre forskot på arven, han fekk alt som seinare skulle blitt hans. Sonen selde alt saman og drog. Lukas fortel at han levde eit «vilt liv». At han sløste bort alt han hadde hatt med seg heimanfrå.

Eg veit ikkje om eg har levd eit like vilt liv som den bortkomne sonen. Truleg ikkje. Men eg kjenner meg att i avstanden. For sonen i likninga drog langt av stad. Til eit «land langt borte», står det. Før han brått sat der som ein fysisk og åndeleg fillefrans og kjente på den enorme avstanden til det han hadde forlate.

Kong Davids avstand

Også salmediktaren David kom på avstand frå Gud. I Det gamle testamentet kan vi lese om korleis David svikta. Han sende blant anna ein mann i døden for å stele kona hans. Uria, heitte han, mannen som fekk den første uriasposten. Uria kjempa ved fronten mens David låg med Batseba. Fronten var langt borte, slik Gud også var langt borte frå kong Davids tankar.

Grunnen til at David blir halden høgt av dei bibelske forfattarane, er at kongen erkjente at han hadde handla gale. Han vedkjente å ha synda. Og i salmane sine skrik han ut si lengsle etter Guds nærvær: «Ver ikkje langt borte frå meg!» Dette ropet har stige mot himmelen gjennom tusenvis av år: Ver ikkje langt borte frå meg, Gud! Skund deg og hjelp meg!

«Nærmare deg, min Gud» heiter det i den kjente songen. Han er eigentleg ein britisk salme, «Nearer, my God, to thee», skriven av poeten Sarah Adams for snart to hundre år sidan. Salmen uttrykkjer eit ønske om å vere nærmare Gud. Dette ønsket har også eg. Samtidig er kanskje livssituasjonen slik for mange at det i praksis blir lite tid til kontemplasjon. Vi har ofte nok med å halde hovudet over vatnet. «Nærmare deg, min Gud» var den siste salmen musikarane spelte før Titanic sokk.

Tilskodar og deltakar

Alt dette tenkjer eg på når eg les påskeforteljinga i Bibelen og tenkjer på Jesu vener, etterfølgjarar og kjenningar som stod på avstand frå Jesu kross. «Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på.» Dei stod på avstand frå kjernen i evangeliet. Dei var tilskodarar, ikkje deltakarar. Og eg kjenner meg att i dei, kvar og ein. For blir eg ikkje sjølv så ofte ein tilskodar? Står eg ikkje på avstand til dei ufattelege dimensjonane i Guds redningsplan for menneska?

Kanskje er det fleire som har det som meg? Vi ser dramaet finne stad framfor oss, men går ikkje tett inntil det. Kanskje er vi redde, som disiplane var det då Jesus blei tatt til fange og avretta av romarane. Eller kanskje tenkjer vi at trua vår ikkje er stor nok. Vi kjenner oss på avstand. Vi kjenner oss langt borte frå Gud.

«Medan han endå var langt borte»

Eg blir trist når eg tenkjer på dette. Kanskje kjem eg aldri til å kjenne meg nær Gud? Men så kjem eg til å tenkje på ein annan detalj i bibelteksten, i forteljinga om den bortkomne sonen, når han omsider er på veg heim: «Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.»

I Jesu likning er faren eit bilete på Gud. Det er Gud som ser oss mens vi framleis er langt borte, som kjem oss i møte og omfamnar oss i fullkommen kjærleik. Og derfor er desse orda nokre av dei viktigaste som står i Bibelen: «Medan han endå var langt borte». Gud kjem oss i møte. Også vi som kjenner oss langt borte frå Gud.

Kristendommen handlar i sin kjerne om at vi alle er langt borte frå Gud, men at Gud ofrar alt for å komme oss i møte og vere saman med oss. Dette handlar jula om, og dette handlar påska om. Og Paulus skriv i eitt av breva sine at vi som før var langt borte er komne nær, gjennom Jesus.

Difor trur eg på ein Gud som kan kjennast langt borte, men som likevel er med oss. Som Paulus sa det på torget i Aten, til ei stor forsamling søkjande menneske: «Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. For i han er det vi lever og rører oss og er til.»

Gud kjem oss i møte. Også vi som kjenner oss langt borte frå Gud.

—  Alf Kjetil Walgermo

Gud ser oss på lang avstand

Sjølv Jesus kjente seg langt borte frå Gud like før han anda ut på krossen: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Det gir meg håp. Gud er likevel nær, om vi ikkje ser eller høyrer noko frå han. Og difor våger eg å stole på Guds løfter sjølv om eg kjenner meg langt borte frå Gud. Det er løfter som blei forsegla nettopp i påska, i ei påskehøgtid for snart to tusen år sidan. Endåtil røvaren på krossen ved sida av Jesus fekk høyre: «I dag skal du vera med meg i paradis!»

Faren seier det slik i likninga om den bortkomne sonen: «For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkommen og er attfunnen.» Og så tok festen og gleda til, heiter det deretter.

Difor kan vi feire påske i full tiltru til at Gud er ein far som ser også oss som står der på lang avstand. Gud elskar oss som kjenner oss langt borte frå Gud. Det er redninga også for meg.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar