Kommentar

Frelsaren i ørkenen

FILM: Hovudpersonen Paul Atreides i «Dune» blir sett på som ein Messias. Parallellane til Moses og Jesus er mange i det svært religiøse og synkretistiske universet vi kan oppleve på kino i påska.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Religionen spelar ei stor rolle i Frank Herberts sci-fi-klassikar Dune. Herbert lét seg inspirere av ei rekke ulike religionar, både kristendom, jødedom og buddhisme, i forminga av Dunes mangefasetterte religiøsitet. Meir enn noko anna kan vi kalle romanuniverset for eit synkretistisk paradis – ei religionsblanding utan like. Men det er eit spennande paradis.

For tida går Dune. Part two på kinoar over heile landet, eit spektakulært sci-fi-eventyr med storslåtte ørkenscener, kjærleik, offer og maktkamp på livet laus. Bak den actionfylte fasaden ligg dei religiøse trådane tydeleg opp i dagen. Først og fremst er det interessant å sjå korleis hovudpersonen Paul Atreides (Timothée Chalamet) blir skildra som ein religiøs frelsarfigur, ein messias.

Meir enn noko anna kan vi kalle romanuniverset for eit synkretistisk paradis

—  Alf Kjetil Walgermo

«Ein son er oss gjeven»

Kristne vil identifisere Messias med Jesus Kristus, der «Kristus» nettopp kjem frå den greske omsettinga av det hebraiske ordet for Messias. Messias-forventingane stammar frå jødedommen og blir referert til ei rekke gonger i Det gamle testamentet. Blant dei mest kjente er profetien hos Jesaja om eit barn som er fødd – «ein son er oss gjeven» – ein gut som skal få herreveldet lagt på skuldrane sine, ein fredsfyrste. Paul er ein son som blir fødd til ei heilt spesiell oppgåve, å skape fred på ørkenplaneten Arrakis og få herrevelde over heile det kjente universet (som tel ei lang rekke med folk og planetar). Likt Jesus har han også mirakuløse evner – han kan gjere under, om enn ikkje av same slag som mannen frå Nasaret.

Det er viktig å minne oss sjølve om at dei bibelske innslaga i Dune sjølvsagt berre er inspirasjonar og lån som Herbert har gjort seg nytte av då han skapte universet sitt. Det har lite med den bibelske fortellinga å gjere, og dei realitetane som kristendommen fortel om. Samtidig er det interessant korleis store populærkulturelle fenomen låner frå djupe kjelder.

Dune

Har overnaturlege evner

Paul blir sett på som ein frelsar, ein Messias, på mange måtar. For det første blir det klart at han, som son av eit medlem i den mystiske ordenen Bene Gesserit, har særlege og overnaturlege evner. Ikkje berre toler han ekstrem smerte, men gjennom ei blanding av genetisk arv og iherdig trening utviklar han ei evne til å sjå inn i framtida. Dette er ein eigenskap som Bene Gesserit-ordenen i lang tid har søkt å utvikle i ein framtidig Messias-figur, ein såkalla «Kwisatz Haderach», då det viser seg at evnene allereie er til stades i den lett uvillige Paul.

Paul blir dermed ein ufrivillig Messias-skapnad for den politiske viktige kvinneordenen, som har som mål å kontrollere heile imperiet med mental kraft. Men Paul er ikkje berre ein Messias for Bene Gesserit-søstrene, han er også ein folkeutfriar for den nomadiske lokalbefolkninga på Arrakis, dei såkalla frimenene. Mens vi i filmen får aller mest sympati for Chani (Zandaya), som blir offer for det storpolitiske spelet om makt, handlar Pauls veg til makta i stor grad om den rolla han blir tillagt av frimenene. I ein og same person oppfyller Paul «Muad’Dib» Atreides nemleg to av frimenene sine messiasprofetiar.

Skal leie folket til paradis

Den første profetien deira handlar om ein frelsarskapnad dei kallar «Mahdi», som i mangt kan minne om den jødiske forventinga om Messias i hundreåra før Jesu fødsel – han skal leie folket til siger over undertrykkarane deira. Mahdi tyder då også «han som skal føre oss til Paradis», som i den frimenske økologitanken betyr ei forvandling av den golde ørkenplaneten til eit grønt paradis.

Den andre frimen-profetien handlar om «Lisan al-Gaib», «stemma frå verda utanfor». Også dette er ein frelsarskapnad, eit barn, som skal frigjere folket og forandre verda deira. Når Paul brukar evnene han har lært hos Bene Gesserit-søstrene til å kontrollere andre ved å «bruke stemma», og seier fram visjonar om ein fruktbar planet, er saka klar for frimenene: Paul er frelsaren som er komen til dei. Han er den lenge etterlengta Messias.

Parallellane mellom Paul og Moses er også tydelege i Dune. Moses var nettopp ein folkeutfriar som leia israelittane mot det lova landet, eit land som skulle fløyme over av mjølk og honning. Han opererte i ørkenen, i heile 40 år. I ørkenen frigjer Paul frimenene frå tyranniet til Vladimir Harkonnen og folket hans. Moses førte folket sitt ut av slaveriet i Egypt, mot eit betre samfunn bygd på eit godt (Guds) lovverk. Ørkenen er i begge tilfelle ein slags reinsingsstad.

Paul er frelsaren som er komen til dei. Han er den lenge etterlengta Messias.

—  Alf Kjetil Walgermo

Kompleks religionskritikk

Dune, og Paul sjølv, problematiserer dei messianske forventingane til folket, og Herbert får fram farene ved å følgje ulike messiasfigurar utan å stille kritiske spørsmål. Dune viser også korleis religion kan brukast til sosial manipulasjon og politisk kontroll. Som det blir sagt i filmen: «Viss du vil kontrollere folk, sei at ein Messias vil komme. Då vil dei vente i hundreår.» Og Herbert fortel om korleis Bene Gesserit plantar religiøse mytar på ulike planetar for å utnytte dei til sin eigne politiske formål på eit seinare tidspunkt (eit opplegg kalla «Missionaria Protectiva»).

Slik sett er religionskritikken også tydeleg i Dune. Det er ei kompleks forteljing som ikkje berre har enkle posisjonar som rett og gale, godt og vondt. Mangfaldet i menneska si tru kjem verkeleg fram, og både oppsidene og nedsidene blir belyst i det samansette sci-fi-universet.

Korleis det går med frelsaren i Dune-ørkenen, må vi lese bøkene for å få vite – eller vente til neste film i serien. Men universet kastar lys over kor viktig religiøs tru er i eit samfunn. Sjølv i dei mest fantastiske avkrokane av universet kjem vi ikkje unna Gud.

---

Dune

- Bokserie skrive av Frank Herbert. Den første boka, Dune, kom i 1965, og blir rekna som ein av dei bestseljande og viktigaste science fiction-bøkene nokon gong skrive.

- Herbert skreiv i alt 6 bøker i serien, men det finnes minst 23 bøker skrive av andre forfattarar i Dune-universet.

- David Lynch lagde filmen Dune i 1984 som blir sett på som fullstendig mislukka. Den franske regissøren Denis Villeneuve har no stor suksess med nyfilmatiseringane Dune og Dune II.

- Dune II hadde premiere 28. februar og går no på kino.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar