Kommentar

Moralsk metamorfose

Eit samfunn kan spele moralsk fallitt i tru på at målet helgar middelet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Her om dagen fekk eg besøk av ei gammal dame som snudde opp-ned på livet mitt. Det vil seie, det var meir som at ho vrengte det frå innsida og ut. Gamle damer skal ein lytte til, så mykje har livet lært meg. Og denne gamle dama hadde ein bodskap som var verdt ta på alvor. Ho lova bort økonomisk vekst og utvikling i bytte for ein liten detalj: rettferd.

Rettferd, tenker du kanskje, er det berre det? Sjølvsagt er vi for rettferd! Heilt frå vi er små barn er rettferd mellom dei sterkaste verdiane vi kjenner til. Like mange bitar i godteskåla. Like høgt på glaset med saft. Like store porsjonar med Honni Korn.

Men rettferd er ikkje alltid ei enkel sak, verken for enkeltpersonar, lokalsamfunn eller regjeringar. I jakta på å rette opp att gammal urettferd kan vi fort komme til å gjere ny urett.

I jakta på å rette opp att gammal urettferd kan vi fort komme til å gjere ny urett

Kollektiv moral og individuell etikk

Den gamla dama fekk meg til å tenke på nettopp dette. Dama blei spela av skodespelaren Jan Sælid og var hovudperson i skodespelet Besøk av gammel dame på Nationaltheatret, og ho fekk meg til å tenke over korleis samfunnet kan spele moralsk fallitt sjølv når den individuelle etikken er upåklageleg. Sett med motsett blikk: Vi må vere obs på korleis moralsk forvandling kan få eit heilt samfunn til å meine at noko uhyrleg likevel er akseptabelt.

I Friedrich Dürrenmatts skodespel kolliderer den kollektive moralen i samfunnet med den individuelle. Alt blir sett i sving når den styrtrike gamle dama Clara Zachanassian besøker den fattige heimbyen sin og gir innbyggarane i byen eit tilbod: Dei skal få tusen milliardar kroner dersom dei tek livet av eitt av bysbarna, nemleg mannen som dumpa Clara i ungdommen og vitna falskt i ei rettssak om farskap.

I starten av stykket står dei fattige borgarane opp for syndaren, Alfred som han heiter, og nektar å gå med på forslaget til den gamle dama. Dei har trass alt, kvar enkelt av dei, ein etikk som forbyr dei å ta liv for pengar. Samtidig begynner den kollektive oppfatninga av moral å dreie i Alfreds disfavør.

Velstand og økonomisk tryggleik til alle blir viktigare enn eitt enkelt liv

Også presten raslar med gevær

I stykket ser vi korleis fleire og fleire av innbyggarane begynner å venne seg til tanken om at det er verdt å ofre eitt liv for at samfunnet samla sett skal bli mykje betre. Snart går alle, inkludert den lokale presten, rundt og raslar med gevær.

Men ingen ønsker å vere den som trykker på avtrekkaren. Dei begynner å skulde den gamle syndaren for å gi dei samvitskvalar.

Alfred er i praksis dødsdømt, noko han også forstår sjølv. På eit allmøte i byen går han til slutt med på å respektere folkeviljen. Alle skal vere samde om «det felles beste for samfunnet», inkludert mannen som skal avrettast.

I botnen av denne samfunnssatiren ligg det ein kritikk av korleis alt kan kjøpast for pengar. Samtidig viser han oss altså korleis eit samfunn kan gå gjennomgå ei moralsk forvandling, eventuelt ei dreiing frå individuell pliktetikk til kollektiv konsekvenstenking. Velstand og økonomisk tryggleik til alle blir viktigare enn eitt enkelt liv.

Moralen endrar seg i krig

Det er dette som gjer stykket så aktuelt, og som er grunnen til at besøket frå den gamle dama kjentest så prekært og nærgåande – ved sida av det glitrande skodespelet til Jan Sælid. Det peikar inn mot fleire aktuelle kjernepunkt i samtida.

Vi ser det ikkje minst i striden om tryggleik og landegrenser. Både i Israel/Palestina-konflikten og i Russland/Ukraina-krigen er det fatal usemje om rett til land. Usemja har ført til blodige krigar mellom nabofolk, der alle meiner at dei kjempar med retten på si side. Dermed endrar også det moralske kompasset seg. Der både israelarar, palestinarar, russarar og ukrainarar meiner det er gale å drepe på individnivå, stør det store fleirtalet av befolkninga opp om krigføring med forferdelege menneskelege konsekvensar. Land i krig er kjernedøme på samfunn der moralen endrar seg mens målet helgar middelet.

Når det uhyrlege blir akseptabelt

Kan også ei atombombe bli etisk forsvarleg i ei slik moralsk forvandling? Nyleg såg vi same tematikken på lerretet, i årets store Oscar-vinnar om opphavsmannen til atombomba, Oppenheimer. Det er fullt mogleg å sleppe dødskreftene fri trass i ein sterk personleg yrkesetikk.

Det same kunne vi sjå i spelefilmen The Zone of Interest, som eg her i avisa omtalte som eit meisterverk og som nettopp vann Oscar for beste framandspråklege film. I Hitlers Tyskland var den moralske metamorfosen så å seie total. Dermed kunne den nazistiske familien Höss leve eit triveleg familieliv vegg i vegg med massedrapet på jødar i konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Hitler såg på jødar som eit problem som kunne utryddast. Brått var det uhyrlege – å drepe dei – både mogleg og akseptabelt. I dag ser vi sporane til ei farleg kollektiv feilslutning om at jødar rundt ikring i verda har skuld eller delskuld i Israels krigføring. Også her i Skandinavia er antisemittisme eit problem, med forsterka press mot ein allereie sårbar minoritet. Det er vanskeleg for mange å skilje mellom kritikk av israelske styresmakter og jødehets. Då bygger aggresjonen seg opp.

Heile oljenasjonen Noreg ligg i konstant spenning mellom behovet for kollektiv velferd og personleg etikk

Vi er nøydde til å vake

Det finst også andre måtar samfunnet kan spele moralsk fallitt på. Til dømes seier gjerne den kollektive moralen i miljø- og menneskeverdsspørsmål noko anna enn den individuelle. Heile oljenasjonen Noreg ligg i konstant spenning mellom behovet for kollektiv velferd og personleg etikk.

Alt kan kjøpast for pengar, blei det sagt i besøket frå den gamle dama – også moral. Derfor vrengte ho altså livet mitt frå innsida og ut. Er det slik også for meg? Kunne eg ha vore ein av dei som ofra rettferda for skinrettferd? Ein som ofra ideala for å sørge for meg sjølv og alt mitt?

Vi gjer i alle fall lurt i å vere medvitne om følgjande: Moral er ikkje alltid ein fastlagt kategori, men ein fleksibel. Han er underlagt våre eigne økonomiske og politiske interesser. Han er underlagt strøymingane i storsamfunnet. Derfor er vi nøydde til å vere vakne, ikkje berre la oss drive med.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar