Kommentar

Brødre i frykt og terror

Zaniar Matapour og Anders Behring Brevik har oppsiktsvekkande mykje til felles. Oslos ramadan- og regnbogegater viser at dei aldri vil vinne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei gjennomførte dei to verste terroråtaka i nyare norsk historie. Høgreekstremisten Anders Behring Breivik bomba først regjeringskvartalet og skaut deretter uskuldige ungdommar og menneske på Utøya. Islamisten Zaniar Matapour brukte maskingevær mot skeive og uskuldige menneske ved utestadane London Pub og Per på Hjørnet. Målet for begge var å spreie frykt, splid og avstand mellom muslimar og oss andre.

Kjende seg som dyr som skulle drepast

Dei påstår sjølv å ha stikk motsett ideologisk ståstad, men sjeldan har to menneske betre bevist teorien om den ideologiske hesteskoen. Ytterpunkta er nærare enn vi forventar. Høgreekstremisten og islamisten vert ufrivillig allierte.

Begge slo dei til tett på staden dei seinare skulle stå til rette for ugjerningane – i Oslo tinghus.

Vi har altså å gjere med ein mann som ville henrette uskuldige menneske, som etterpå ikkje vil sjå dei augo og som ikkje vil sei kvifor han gjorde det

Denne veka har Matapour sittet på tiltalebenken i rettssal nummer 250. Taus og dukknakka har han måtte høyre vitne og ofre for terroren forklare kva som skjedde. Vitne etter vitne har svara på detaljerte spørsmål frå aktorar og bistandsadvokatar. Mange av dei er skeive, som i utgangspunktet hadde tatt steget over ein terskel ved å i det heile tatt komme ut av skapet. Dei hadde allereie betalt ein sosial kostnad for å vere seg sjølv. Fleire hadde slite med å akseptere den dei var.

Så kom Matapour med sitt automatvåpen og drap to av dei, 25. juni 2022. Fysisk skada han 21 menneske. Ein av dei som var til stades sa i retten at han han kjende seg som eit lite dyr i eit hjørne, som skulle drepast. Han kunne sjå hatet og raseriet i augo til Matapour.

Vitna om terrorens effektivitet

Denne veka har vi fått høyre fleire av dei som fekk skade på sinn, tryggleik og sjølvkjensle. Fleire har fått så store usynlege sår at dei er ute av jobb og kvardagsliv. Nokre fungerer betre, medan fleire er skuggar av seg sjølv. Dei klarar ikkje lenger å kjenne seg heilt trygge. Dei ser seg over skuldra. Ein av dei sa at ho ikkje lenger tillét seg eit glas vin fredagskvelden til gullrekkja, fordi ho heile tida må vere i beredskap til å kunne stikke av.

Fleire av vitna ønskte heller ikkje å oppgi privatadresse, slik det er vanleg å gjere som vitne i ei rettssak. Dei forklara det med frykt for at nokon skulle møte opp for å gjere dei noko. Det er ei forståeleg frykt for menneske i konstant alarmberedskap.

Matapour, som for under to år sidan prøvde å myrde desse menneska, har heile vegen sitte på tiltalebenken med kufi på hovudet. Det er ei lue brukt av enkelte muslimske menn. Ikkje éin gong har han festa blikket på dei han prøvde å ramme. Vi kan berre dikte om kva kjensler som skjuler seg bak steinansiktet.

For alle oss andre har det vore sterk kost å følgje forklaringane frå vitna. Dei har vitna om terrorens effektivitet.

Verre enn ynkeleg og feig

Ein av dei første som inntok vitneboksen fortalde at han tidlegare hadde hatt mange muslimske vener og kollegaer. Han var etter alle solemerke eit inkluderande og tolerant menneske. Etter det islamistiske terroråtaket 25. juni 2022, kjende han likevel på ei uforklarleg frykt overfor desse venene og kollegaene. Mistilliten er den gifta terroren prøver å spreie. Han fortalde at han hadde jobba hardt for å imøtegå denne frykta. Terror set djupe spor, og den hoppar bukk over fornuft, verdiar og haldningar.

Matapour visste sannsynlegvis at terror har den effekten.

I våre gater kan og skal skeive og muslimar leve side om side

Fredag i retten kunne vi sjå Matapour snakke og kommunisere med forsvararane, mellom anna ved å skrive ting på eit ark. Det skjedde medan fleire av vitna snakka. Terroristen har varsla at han ikkje vil forklare seg. Fleire håpar han skal ombestemme seg innan det blir hans tur. Det kunne vore interessant å høyre han sei noko om kvifor han valde å bli mordar og terrorist, sjølv om mistankane sannsynlegvis er tett på sanninga. Vi har altså å gjere med ein mann som ville avrette uskuldige menneske, som etterpå ikkje vil sjå dei augo og som ikkje vil sei kvifor han gjorde det.

Ord som ynkeleg og feig er ikkje tilstrekkelege.

Ramadan- og regnbogegater

Det var berre englevakt, heltemodig innsats frå dei som var på staden og flaks som gjorde at fleire liv ikkje gjekk tapt den Oslo-natta i det målretta åtaket mot skeive.

Det verste islamistar som Matapour veit, er at vi som storsamfunn gjer ein innsats for å inkludere muslimar – samstundes som vi slår ring om heile det skeive miljøet. Vi må ikkje velje, sjølv om terroristane prøver å overtyde oss om det. I fleire gater, ikkje langt frå Oslo tinghus, er det pynta til ramadan. I gata der terroren skjedde er det måla regnbogefargar.

Derfor er det lett å tenkje at terroristane – både den høgreekstreme og den islamistiske – har tapt. Det blir likevel for enkelt og naivt.

Som vi veit er sanninga meir komplisert. Terroren har nemleg den effekten at tankegodset spreier seg som gift, sakte og umerkeleg, slik at haldningane terroristane stod for, etter ei stund, er mindre kontroversielle enn då dei utførte åtaket. Vi har sett det med Breiviks tankegods. Det er meir sannsynleg enn usannsynleg at vi også vil sjå det med Matapours. Ein del vil nok la seg radikalisere av den spliden terroren skapte.

Det er grunnen til at vi må gjenta bodskapen til det er så sjølvsagt at ingen bryr seg: I våre gater kan og skal skeive og muslimar leve side om side. Det finst ingen alternativ.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar