Kommentar

Skandaleforskjellar

Den enorme forskjellen mellom korleis Senterpartiet og Arbeidarpartiet handterer dei politiske skandalene, vitnar om to vidt forskjellige politiske kulturar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då senterpartistane Odd Roger Enoksen, Ola Borten Moe og Sandra Borch var avslørt i høvesvis sex-coaching, aksjehandling og masteroppgåve-plagiat, fekk dei ingen andre alternativ enn ein effektiv retrett frå statsrådskontora. Ingen seigpining der politikarane vart dratt baklengs gjennom den offentlege gapestokken.

I Arbeidarpartiet har det vore annleis.

Støy i valkampen

Anette Trettebergstuen er nok den av dei avgåtte Ap-statsrådane som har hatt ein exit som liknar mest på dei avgåtte kollegaene frå Sp. Frå hennar brot på habilitetsreglane vart kjend, til ho varsla eigen avgang, gjekk det få timar.

Skandale-avslørte politikarar som Tonje Brenna og Ingvild Kjerkol sit framleis på post. Nyleg avgåtte Anniken Huitfeldt er aktuell som regjeringas kandidat til ambassadørvervet i Washington D.C.

I tida frå avsløringa av skandalen til i dag, har desse sakene skapt mykje støy og uro for partiet. Huitfeldts sak skapte så mykje støy i valkampen for Ap, at det var eit av momenta Støre sjølv peika på då han oppsummerte valkampen.

Tidkrevjande og kompliserte vurderingsprosessar

Brennas brot på habilitetsreglane har blitt rekna som mindre alvorleg enn avsløringane hos andre politikarar, og ho ser ut til å overleve også Kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling i Stortinget. Det er ingenting som tyder på at Aps kronprinsesse vil miste jobben med det første.

Vi kan også kalle det ærleg realpolitikk, der Støre har måtte forholde seg til kva makt han har i partiet

Kjerkols politiske skjebne ligg no i hendene på Nord universitets klagenemnd, som skal vurdere om plagiat-avsløringane om hennar masteroppgåve er brot på reglane. Skulle dei kome til konklusjonen om at ho har brote reglane, kan det hende Støre vil vurdere tilliten til henne på nytt.

Det er gjennomgåande at Arbeidarpartiet brukar lengre tid på handtering og har meir kompliserte vurderingsprosessar av sine skandale-saker enn Senterpartiet.

Vedum har enklare jobb enn Støre

Ein kan innvende at det er urettferdig å stille Arbeidarpartiet og Senterpartiets saker og handtering opp mot kvarandre, fordi sakene er vesensforskjellige.

I sakene til Senterpartiets avgåtte statsrådar har det vore så klokkeklare brot på reglane og tilliten at det ikkje var noko tvil. Det var ingen gråsoner i sakene til Enoksen, Borten Moe og Borch. Partileiar Trygve Slagsvold Vedum hadde dermed ein enklare jobb enn regjeringssjefen.

Borten Moe handla sjølv aksjer samstundes som han sat i statsrådsstolen, medan det var aksjehandlinga til Anniken Huitfeldts ektemann som sørga for hennar politiske fall.

Maktkampar

Trass i nyansane er det verd å merke seg dei store forskjellane i handtering.

Det er gode grunnar til å tenke at det handlar om meir enn tilfeldigheiter. Sannsynlegvis er det også ein god illustrasjon på forskjellen i dei politiske kulturane mellom dei to regjeringspartia.

For det første handlar det om intern makt. Trygve Slagsvold Vedum er leiar for eit mindre parti han har styrt med stor autoritet sidan han kom til makta i 2014. Han har gitt partikollegaene makt og posisjonar gjennom å bidra til fleire av partiets beste valresultat.

Med glimt i auget kan vi sei at Støre har plagiert Solbergs handteringsmetode utan å oppgi referanse.

Jonas Gahr Støres posisjon som Ap-leiar har vore annleis. Nesten frå start vart det stilt spørsmål ved hans bakgrunn og evne til å leie partiet. Arbeidarpartiet er dessutan ein mykje større koalisjon av politiske fraksjonar som kvar for seg kjempar for makt og innflytelse. Maktkampane internt har vore synlege langt utanfor partiets kontor og møterom.

Når ei krise har oppstått, har ikkje Støre nødvendigvis hatt høve til å gjere som han vil eller meinte var rett. Han har også måtte ta omsyn til maktstrukturane i partiet sitt på ein heilt annan måte enn Vedum.

Ærleg realpolitikk

Vi såg det i handteringa av metoo-sakene mot Trond Giske i si tid. Vi har også sett det i handteringa av Huitfeldt og Kjerkols saker.

Det har fått Støre til å verke svak eller nølande. Politisk redaktør Eirin Eikefjord i Bergens Tidende kallar det «feig strutsepolitikk». Ho skriv også at det «ikkje er Nord universitet» som skal styre landet.

Vi kan også kalle det ærleg realpolitikk, der Støre har måtte forholde seg til kva makt han faktisk har i partiet. Overilte avgjerder kunne gje uante konsekvensar, også for han sjølv.

For det andre ser Ap-leiaren ut til å ha arva ein del handteringsdynamikk frå forgjengaren i statsministerstolen, Høgre-leiar Erna Solberg.

Hennar suksess var å sitte stille i båten og vente til vanskelege saker enten gjekk skeis eller løyste seg.

Med glimt i auget kan vi sei at Støre har plagiert Solbergs handteringsmetode, utan å oppgi referanse.

Uansett kan vi sei at Trygve Slagsvold Vedums raske mønøver med å fjerna sine skandaliserte statsrådar, har gitt han meir handlingsrom enn Støre.

Vedum har no til dømes allereie lufta tanken om at Sandra Borch kan få kome tilbake som statsråd. Det er lettare å tenke slike tankar, etter at skandalesakene har fått tydelege konsekvensar.

Den effektive og klare handteringa gir dermed klare fordelar.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar