Kommentar

Støre rettar klokleg blikket mot skjermen i skulen

Kanskje kan elevane sitt monotone blikk inn i skjermen vere ei etterlengta moglegheit for Jonas Gahr Støre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mange trengande menneske no før jul. Nokre manglar pengar på konto og står i matkø. Andre er statsministrar utan oppslutning. Dei første treng betre råd, medan dei siste treng betre kampsaker og ein tydelegare bodskap.

Denne veka fekk vi eit forvarsel om at Jonas Gahr Støre kan ha funne begge delar.

Teknologien har ført oss bak lyset

Då statsministeren med dei dårlege meiningsmålingane samanfatta sitt politiske halvår, gjekk han til overraskande kraftig åtak på skjermbruken i skulen. Det ulmande opprøret blant foreldre som har sett seg lei skjermbruken, har endeleg fått innpass på Statsministerens kontor.

Skodespelar Ane Dahl Torp og forfattar Maja Lunde er blant foreldra som har engasjert seg mot den ukritiske digitaliseringa av norsk skule. Dei to peikte på korleis vi alle hadde latt oss sjarmere av teknologien før den førte oss bak lyset. Alt vi sat att med var djupe blikk inn i skjermen.

Skjermbrukutvalets konklusjonar blir viktige, men vi treng ikkje vente på dei for å slå fast at digitaliseringa av norsk skule har vore noko nær ein fiasko

Dei ferske tala frå Pisa-undersøkinga frå 2022, gir uroa tal å gå på. Der ser vi at omtrent ein av tre elevar rapporterer at dei blir distrahert av eigen bruk av digitale ressursar, medan ein av fire lar seg distrahere av andre elevar som brukar digitale ressursar. Desse tala er basert på sjølvrapportering blant norske elevar, og verkelegheita kan derfor vere både betre og verre. Mange argument talar for det siste. Folk – og born spesielt – har ein tendens til å overvurdere eigen konsentrasjon i møte med distraksjonar.

Til korpset av frammøtte politiske journalistar sa Støre at regjeringa hans vil «stoppe ukritisk digitalisering av skolen». I det ligg det ein påstand om at den digitaliseringa som har fått føregå fram til no, ikkje har vore god. Han såg dei dårlege Pisa-resulta i samanheng med bruken av skjerm i skulen. Støres poeng var nedslåande: Elevane sin motivasjon fell, medan skjermbruken aukar.

Utolmodige foreldre og Ap-folk

Den tidlegare kunnskapsministeren hans Tonje Brenna sette ned skjermbrukutvalet, som har som oppgåve å gjere dei undersøkingane vi burde gjort før vi innførte skjerm i skulen. Betre seint enn aldri.

Den nyutnemnde kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun har ikkje sett behovet for å vente på konklusjonane til utvalet. Ho har hastverk på vegner av elevane og utolmodige foreldre. Allereie rett etter at ho fekk jobben ville Nordtun slå av skjermen i skulen. Ho ville ha meir papir og mindre skjerm.

Skjermbrukutvalets konklusjonar blir viktige, men vi treng ikkje vente på dei for å slå fast at digitaliseringa av norsk skule har vore noko nær ein fiasko. Som Jonas Gahr Støre sa tidlegare i haust er «det ikke rakettvitenskap å si at med så stor tilgang på skjerm og sosiale medier, så taper lesing».

Skjerm har ein del av skulda

I ein velskriven og leseverdig artikkel skreiv Morgenbladets Martin Gedde-Dahl at svaret på «hvem som drepte norsk skole» er meir komplisert enn å skulde på digitaliseringa og pandemien. Begge skal ha kritikk for sin innsats til å svekkje elevane sine prestasjonar. Men vel så mykje kan skulda liggje på kva skulesystem vi har vald å halde oss med.

Det er store og viktige spørsmål, men det er framleis gode grunnar til å gå laus på akkurat denne biten med skjerm og digitalisering.

Under den oppsummerande pressekonferansen ville ikkje Støre fordele skuld for denne ukritiske digitaliseringa. Veljarane kan jo berre tenkje seg til kven som kan vere blant dei mistenkt skuldige, etter Erna Solbergs åtte år lange regjeringstid.

Det analoge sosialdemokratiet kan vere ei vinnaroppskrift

—  Emil André Erstad

Saka kan minne om noko som liknar eit strategisk grep av Arbeidarpartiet – slike grep som partiet Høgre har vore langt betre til å gjennomføre dei siste åra.

Grunnen ligg i Høgres landsmøtevedtak som avviste innføringa av eit nasjonalt mobilforbod i skulen. Forslaget vart nedstemt med stort fleirtal på landsmøtet i fjor vår. Den gongen sa mellom anna den kvikke Høgre-mannen Peter C. Frølich at «denne debatten bare er i startfasen» og at «på sikt kommer det ganske stramme regler for dette både nasjonalt og internasjonalt». Han sa òg at «helseutfordringene knyttet til dette er så store at det ikke går an å ignorere fra politisk hold».

Kamp mot Høgre

Den gongen var ikkje Høgre samde med Frølich. Dei som garantert merka seg denne førestillinga, var strategane i Arbeidarpartiet.

Det finst sjølvsagt veljarar som støttar ei storstilt digitalisering av skulen. Fram til no har desse sannsynlegvis utgjort ein stor del, kanskje ein majoritet, av dei viktige lillaveljarane. Det kan ha snudd etter foreldreopprøret mot skjerm i skulen og dei sjokkerande dårlege resultata frå Pisa-undersøkinga. Det rommet kan Jonas Gahr Støre ta før mindre politiske aktørar som Mímir Kristjánsson og Kjell Ingolf Ropstad kuppar det.

Støres parti har mangla gode kampsaker med folkeleg appell som Høgre har vore prinsipielle motstandarar av. I spørsmålet om å bremse digitaliseringa og innføre nasjonale forbod i skulen kan det liggje ei overordna kampsak av strategisk karakter for Arbeidarpartiet.

Spørsmålet er om det er tidsnok. I så fall kan det analoge sosialdemokratiet vere ei vinnaroppskrift.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar