Kommentar

La også dei fattige barna bli med

Sjå for deg ein gut som heiar på Erling Haaland og vil bli best i verda i fotball når han blir stor. Og så har ikkje foreldra hans råd til å melde han inn i den lokale fotballklubben.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kommentaren er oppdatert etter publisering.

I det siste har eg tenkt mykje på korleis samfunnet sakte rivnar i to. Den eine delen klarer seg greitt. Straumen tek regjeringa seg av, lånet er til å leve med trass galopperande renter og matvareprisane er framleis fordøyelege.

Den andre delen slit, kanskje utan å ville innrømme det. Summen som kjem inn på konto kvar månad er så vidt nok til å få hjula til å gå rundt. Alle ekstrautgifter blir ei utfordring, og ikkje ei utfordring av den gøyale Mesternes mester-sorten. Nødvendig utstyr til heimen blir sett på vent til fordel for rein overleving.

10.000 fattige fotballag

Verst er det når den nye norske armoda går ut over barna. Ulikheitene i Noreg spelar seg stadig høgt opp på barna sin banehalvdel. Fleire og fleire foreldre har rett og slett ikkje råd til å la poden kjøpe nytt treningsutstyr til tusenvis av kroner. Kanskje kan dei heller ikkje prioritere kontingentane dei må betale for dei to eller tre fritidsaktivitetane til dottera.

Sjå for deg ein gutunge som heiar på Erling Haaland og vil bli best i verda i fotball når han blir stor. Ein jentunge som vil bli like god som Guro Reiten eller Ada Hegerberg, den einaste norske fotballspelaren som til dags dato har vunne den internasjonale Gullballen. Guten og jenta har stjerner i blikket. Dei har draumar. Som blir knuste før avspark. Foreldra deira har ikkje råd til å melde dei inn i den lokale fotballklubben.

Tala for 2021 viste at 111 700 norske barn lever i låginntektsfamiliar. Det er nesten like mange som befolkninga i Ålesund og Kristiansand til saman. Prøv å visualisere folkemengda i dei to byane, det er over 10.000 startellevarar på fotballbanen. Men alle er barn. 10.000 fattige fotballag. Det er noko å tenke på for dei som deltek på levekårskonferansen i Kristiansand onsdag og torsdag denne veka.

Norsk olje og gass blir framleis ikkje brukt til å varme opp stova til alle innbyggarane i landet vårt

Folk frys og svelt

I 2021 levde vi dessutan i eit Noreg der dyrtida ikkje hadde slått inn over oss for fullt. Det er verre no. I 2021 var fire av ti nordmenn bekymra for auka levekostnader. I haust var det seks av ti. Éin av ti barnefamiliar sa samtidig at dei ikkje hadde råd til å la barna vere med på fritidsaktivitetar, ifølgje ei undersøking bestilt av Redd Barna.

Nye tal frå UNICEF viser at 600.000 nordmenn gruar seg til jul, mykje på grunn av trong økonomi. Men det er ikkje berre jul som er problemet. Ifølgje Frelsesarmeen hindrar eller avgrensar prisveksten kvar fjerde norske forelder å kjøpe klede, sko og anna nødvendig utstyr til barna sine. For eit fleirtal av foreldra som mottar sosialhjelp frå det offentlege, er heller ikkje den økonomiske støtta tilstrekkeleg, ifølgje Raudekrossen. «Vi fryser om vinteren, og jeg går sulten så barna mine skal slippe», seier ein av dei i rapporten «Til barnets beste?».

Familiar som frys og foreldre som svelt? Dette skjer altså 133 år etter at Knut Hamsun skreiv romanen Sult og 60 år etter at regjeringa Gerhardsen proklamerte Noregs suverenitet over den norske kontinentalsokkelen. Norsk olje og gass blir framleis ikkje brukt til å varme opp stova til alle innbyggarane i landet vårt. Folk frys og svelt, heilt utan kunstnariske ambisjonar a la Hamsun eller Hamsuns Sult-helt.

Idrett kan skape klasseskilje

Og dei sender ikkje barna sine på fritidsaktivitetar. Idrett står i våre dagar i fare for å skape eit klasseskilje, stikk i strid med den inkluderande dimensjonen som ligg i botnen for all breiddeidrett. Jo, sjølvsagt kan ein søke klubbane om fritak frå kontingent. Men det ligg også noko stigmatiserande i den e-posten for mange. Ikkje alle får seg til å sende han. Og det er meir enn kontingenten som kostar. Redd Barna har fortald om barn som sjølv seier til foreldra sine at dei «ikkje har lyst» til å gå på fotball eller handball, fordi dei veit at foreldra ikkje har pengar nok til å betale for dei.

I ein kronikk på NRK Ytring nyleg peika handballpresident Kåre Geir Lio og inkluderingsansvarleg Benedicte Fjeldberg i Norges Håndballforbund på at alle forbund i norsk idrett gjer det dei kan for å legge til rette for deltaking og varig medlemskap. Derimot kallar dei det for «bemerkelsesverdig» at førebygging ikkje står høgare på agendaen hos våre folkevalde. Dei ønsker seg eit endå tydelegare signal frå politikarane, inkludert tilrettelegging for stabile økonomiske rammer i klubbane, om at idrett skal vere for alle.

Ti millionar mot idrettsfattigdom er som å plante neper på verandaen for å brødfø ein heil by. Berre Jesus kunne lukkast med noko slikt

Småpengar mot fattigdom

Det er mykje som kviler på skuldrene til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap), som sjølv har kjent utfordringane på kroppen ved å vekse opp i ein familie som ikkje hadde råd til å kjøpe korpsuniform til henne. Noko tydde likevel på at det finanspolitiske armslaget hennar ikkje var av dei største. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre får svare for det.

Regjeringa delte i vår ut 125 millionar kroner til idrettslag i område med levekårsutfordringar, men dei ti ekstra statsbudsjettmillionane Jaffery gav til arbeid mot «idrettsfattigdom» kunne ikkje liknast med eit sennepsfrø eingong. Sennepsfrøet er lite, men kan vekse seg stort. Ti millionar mot idrettsfattigdom er som å plante neper på verandaen for å brødfø ein heil by. Berre Jesus kunne lukkast med noko slikt.

No har regjeringa omsider tatt nye grep og gitt idretten 100 ekstra millionar kroner over statsbudsjettet, etter same modell som i vår. Løyvinga er så fersk at ho ikkje kom med i den første versjonen av denne kommentaren. Det er positivt at regjeringa går til eit slikt ekstraordinært tiltak for å motverke at barn og unge skal falle utanfor.

Jaffery inviterer også eit breitt lag av idretts- og samfunnsaktørar til å hjelpe henne med problemet. Regjeringa ber «alle gode krefter bli med på en laginnsats», stod det å lese i eit innlegg ho hadde på trykk i Aftenposten tidlegare i november. Ein handlingsplan for like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter skal vere klar før sommaren 2024.

La barna få ha draumane sine!

Pengar er ikkje nok, seier Jaffery, og ho har rett i det. Men problemet for mange er at det ikkje er pengar nok. Då må regjeringa gå i front og vise ansvar, som Haaland og Hegerberg på fotballbanen. Fritidskort eller fritidskasse, det finst mange vegar til målet. Men det viktigaste spørsmålet å stille seg er dette: Alle barn med draumar, som vil vere ein del av noko større, skal ikkje dei få vere med?

Jo, sjølvsagt skal dei få vere med! Alle barn har rett til draumar. La også dei fattige barna få bli med! Fiksar vi ikkje dette, har vi feila som samfunn. Då har samfunnet rivna i to.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar