Mange pressefolk hadde møtt opp for å høyre Erna Solbergs tale til sentralstyret med påfølgande pressekonferanse måndag morgon. Fleire hadde fått hint om at Solberg ville sei viktige ting. Etter avsløringane om ektemannens aksjekjøp, har Solberg i intervju etter intervju halde fast på at ho ikkje tar viktige avgjerder medan det stormar. Det har vore eit av hennar viktigaste talepunkt.
At saka hennar framleis er til behandling i Stortingets kontrollkomité kan framleis gje stormfulle kast. Derfor var det ein del som heva på augebryna då Solberg på måndagens pressertreff kunngjorde at ho hadde bestemt seg for å halde fram som Høgre-leiar og statsministerkandidat for stortingsvalet i 2025. Bodskapen var retta mot kontrollkomiteen på Stortinget, norsk politikk og alle oss andre: I Høgre er det Høgre som bestemmer.
Solberg skreiv eit vis sin eigen konklusjon på førehand for kontrollkomiteen.
Maktgrep av Høgre
Ingen skulle vere i tvil: Dette var eit maktgrep av Høgre. Eit kringvern rundt partileiaren som manglar sidestykke i norsk politikk.
Grunngjevinga var at partiet Høgre gjennom helga hadde sjelegranska Solbergs leiarrolle. Det skjedde på ein konferanse for folkevalde ute på Gardermoen, og under eit ope og ærleg sentralstyremøte. Svaret var at den mektigaste partileiaren i norsk politikk framleis hadde støtte i eige parti. Eller som Henrik Asheim sa: «Solberg har støtte av det store fleirtalet i Høgre». Den siste delen av setninga er viktig, fordi den i Høgre-samanheng inneheld ei litt oppsiktsvekkande faktaopplysing.
Det er nok ein del i Høgre som håpar Solbergs sak skal gå i gløymeboka. Det gjer den neppe.
Gjennom fleire liknande kommentarar på pressekonferansen lot nestleiar Henrik Asheim det skine gjennom at ein del av Høgre-folka i sentralstyret openbert hadde kome med eigne synspunkt på kor alvorleg saka var, og at det kom «ulike nyansar» fram i drøftingane. Det står i kontrast til korleis Solberg har styrt partiet i eineveldig majestet dei siste åra.
Erna Solberg starta pressetreffet med å erkjenne alvoret i saka og konsekvensane av hennar brot på habilitetsreglane, som følge av ektemannens aksjekjøp. Det har skada tilliten til norsk politikk på ein måte som ho er lei seg for. Argumentet hennar for å bli sittande er at det er ein måte å ta ansvar for dette på, ved å prøve å gjenreise tilliten. Solberg er ærleg på at ho ikkje veit om det i det heile tatt er mogleg.
Var lenge undrande til eiga framtid
Som leiar for opposisjonen i Stortinget er Erna Solberg i ein posisjon der ho kvar einaste dag må vere klar til å ta over styringa av landet, dersom den sittande regjeringa skulle falle. Det betyr at ho i teorien kan sleppe å vente heilt til stortingsvalet i 2025 dersom Jonas Gahr Støre skulle få eit mistillitsforslag mot seg.
Tilliten til Erna Solberg har fått seg ein trøkk på fleire målingar, medan oppslutninga til partiet Høgre har ligge relativt stabilt mellom 25 og 30 prosent.
Det er mogleg å tenke seg at ein av grunnane til det har vore Erna Solbergs opne tilnærming til eiga framtid, etter dei alvorlege tillitsbrota med habilitetsreglane. Ho har stilt seg sårbar og undrande til om ho kan halde fram som partileiar. Slik har ho nok vist skuffa veljarar at ho tar saka på alvor og at ho er ein politikar som tenker seg nøye om. Andre som har vurdert å skifte parti har fått ro til å tenke seg om. Det har slik vore ei opning for at Høgre kan hende ordnar opp i sakene på eiga hand.
Den døra lukka Erna Solberg og Høgre mandag morgon. Spørsmålet er om det innbyr til meir eller mindre tillit til Solbergs leiarskap.
Saka går neppe i gløymeboka
At det skjer allereie før Stortingets kontrollkomité har behandla saka, forsterkar eit inntrykk av eit Høgre og ei Erna Solberg som har bestemt seg.
No lar dei det i realiteten vere opp til veljarane å bestemme om det var rett avgjerd. Det her den mest risikable delen av Høgres og Erna Solbergs strategi slår inn. For kva kjem til å skje i vekene og månadane som kjem?
På pressekonferansen svara Solberg fleire journalistar at ho trur ektemannen framleis handlar aksjar, men la til at det er heilt greitt så lenge ho ikkje er statsminister. Spørsmålet er om veljarane er samde i det.
Det er nok ein del i Høgre som håpar Solbergs sak skal gå i gløymeboka. Det gjer den neppe.
Ein av grunnane til at det vanskeleg vil skje, er at Solberg i alle offentlege opptredenar fram mot stortingsvalet i 2025 vil be om veljarane sin tillit til å bli statsminister igjen. Det er lite som er forandra sidan førre gong ho var statsminister og braut habilitetsreglane. Ho er veldig tydeleg på at ekteskapet med Sindre Finnes står støtt. Skulle borgarleg side vinne i 2025 vil dermed Solberg og Finnes på nytt flytte inn i statsministerbustaden.
Ingen aksjehandling i statsministerbustaden?
På pressekonferansen svara Solberg fleire journalistar at ho trur ektemannen framleis handlar aksjar, men la til at det er heilt greitt så lenge ho ikkje er statsminister.
Spørsmålet er om veljarane synst det er tillitsvekkande nok. Det er òg mykje som tyder på at denne historieforteljinga ikkje går rett heim hos dei andre borgarlege partia. I Venstre er det til dømes no aukande skepsis mot Solberg som statsministerkandidat i 2025, i følgje Vårt Lands kjelder.
Solberg sa også at dersom ho i teorien skulle bli statsminister i morgon, vil det bety at Sindre Finnes på dagen måtte enten fryse eller selje aksjane sine. Noko aksjehandling i statsminiserbustaden kjem ikkje på tale, sa ho. Akkurat det har Solberg og Finnes vore samde om før.