Kommentar

Det stygge maktspelet til den israelske statsministeren

For Benjamin Netanyahu ser det ut til å vere viktigare å redde sitt eige politiske skinn enn å slå Hamas.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Skrika frå sivile palestinarar på Gazastripa forsvinn ikkje frå minnet. Det gjer heller ikkje dei grufulle bileta som har blitt formidla av seriøse redaksjonar dei siste dagane og vekene. Det er vanskeleg å kalle situasjonen på Gazastripa noko anna enn eit inferno.

Sinnet mot Israel er stort, og få klarar å forstå kva dei ansvarlege leiarane i den israelske krigsleiinga tenkjer på. Sjølv folk som hadde sympati med Israel etter terroråtaket, ber landet stanse åtaka som rammar Gazas sivile.

Gravlegg framleis sivile israelarar

Der vi i mange vestlege land kritiserer Israel som om landet er ei slags einskapleg gruppe, er det verdt å merke seg at kritikken mot den politiske leiarskapen er vel så stor i byar som Tel Aviv og Jerusalem – som den er i Oslo. I israelske medium – som den kritiske avisa Haaretz – kjem det stadig til syne lekkasjar frå regjeringsmøte, interne dokument og usemje.

Akkurat no er noko av den største forskjellen på Norge og Israel, kor ulik mediedynamikken er. Medan vi fokuserer på dei sivile lidingane på Gazastripa og talet på drepne palestinarar, er dei fleste israelarane framleis opptekne med å identifisere og gravleggje sine drepne landsmenn etter terroråtaket 7. oktober.

Israelarar flest opplever ein trugsel om utsletting det er vanskeleg for oss som sit langt unna å sette oss inn i. Traumet etter terroren handlar om eit land som fryktar sin eksistens.

Opplever at dei kjempar for sin eksistens

Det er denne israelske verkelegheita som er viktig for Benjamin Netanyahu.

Han er allereie under sterkt press frå familiane til alle gislane som Hamas tok tilbake til Gazastripa, for å få flest mogleg av desse heim att i live. Samstundes piplar det allereie fram krass kritikk frå ulike hald i Israel om at hans politikk gjorde massakren mogleg. Mellom anna vert det peika på at han flytta militære ressursar frå Gaza og sørlege Israel til busettingane på Vestbredden.

No som krigen på Gazastripa er ein realitet, slår ein annan viktig samfunnskontrakt inn for Netanyahu. Den handlar om å ikkje risikere liva til israelarar unødvendig. Det gjeld òg israelske soldatar som no skal gå gate frå gate i Gaza by, med Hamas luskande rundt i tunnelar med sine feller og bakhald. Denne kontrakten er ein av grunnane til at Netanyahu – som har vore den viktigaste figuren i israelsk politikk sidan 90-talet – har vore tilbakehalden med å risikere liva til israelske soldatar.

Kampen for Israels eksistens handlar òg om å sikre at flest mogleg israelske soldatar overlever.

Vil Netanyahu overleve politisk?

No som israelske bakkestyrkar forserer innover mot Gaza by, er det mange som har byrja å tenkje på kva som kjem etter krigen. Ein ting er kva som kjem på Gazastripa, men for Benjamin Netanyahu er det eit viktigare spørsmål: Vil han overleve politisk?

Israel står samla mot å slå tilbake mot Hamas. Over to hundre tusen reservistar har sitte seg på fly heim att til Israel for å støtte opp under den militære kampanjen. Mange er også opptekne av å presisere at det politiske oppgjeret med Netanyahu får vente til krigen med Hamas er over.

I denne konteksten klarte likevel Benjamin Netanyahu laurdag kveld å publisere ein post på Twitter der han la ansvaret for 7. oktober-åtaket på dei israelske tryggleikstenestene. Dei hadde ikkje klart å åtvare han om kva som var i ferd med å skje. «Ikkje på noko tidspunkt kom det ei åtvaring til statsminister Netanyahu om intensjonane til Hamas», skreiv han på Twitter. Posten vart seinare sletta.

Kampen om den israelske historieforteljinga

Kampen om historieforteljinga om det verste traumet i Israel sidan 2. verdskrigen, er dermed i full gong. Twitter-meldinga blir ståande som eit symbol på at det for Benjamin Netanyahu ser ut til å vere viktigare å redde seg sjølv, enn å sikre samling i møte med trugselen frå Hamas. Han prøver å sleppe unna ansvaret, med å la dei militære leiarane ta skulda – midt oppe i ein krig. Det er lite som tyder på at han får meir støtte av å opptre slik.

Tvert om tyder mykje på at Netanyahu vil hamne under sterkt press den dagen krigen tar slutt.

Det er førebels eit ope spørsmål om det er Benjamin Netanyahus politiske liv eller Hamas som overlever denne krigen.

Fleire spekulerer i om den isralelske statsministeren nyttar krigen mot Hamas til å redde sitt eige skinn, til dømes ved å gå hardare til verks inne på Gazastripa enn naudsynt? Tanken er nær etter den intense bombinga som har føregått dei siste vekene.

Etter åtaket vart det danna ei samlingsregjering – eit krigskabinett – med den viktigaste leiaren for opposisjonen, venstreorienterte Benny Gantz. Der sit òg Netanyahu saman med sin forsvarsminister, Yoav Gallant, som er kjend som ein sterk kritikar av Netanyahu. Desse får konkrete forslag til vurdering om krigsstrageiske avgjerder frå stabssjefen i det israelske forsvaret (IDF). Det er dermed lite handlingsrom for Netanyahu til å bruke krigen for å redde sitt eige skinn. Meldinga på Twitter kan dermed vere ein illustrasjon på at han forstår kva veg det går for si eiga politiske karriere.

Kritiserer naivt syn på Hamas

Brutaliteten til IDF i møte med Hamas handlar sannsynlegvis meir om at Israel vurderer krigen mot Hamas som ein regional krig mot krefter som vil utslette landet. Dei støttar denne analysen med at åtaka skjer både frå Gaza, Libanon, Syria og Jemen – der den iranske edderkoppen har sine bein alle stader.

Det står i sterk kontrast til korleis vi i land som Norge ser på Hamas, der vi kan få inntrykk av at gruppa er meir å rekne som ei mellomstor geriljagruppe som kjempar for frigjering. Israelarane – og amerikanarane – ristar på hovudet av det dei reknar som ei altfor naiv undervurdering av fienden dei står overfor.

Akkurat no er det fokuset til israelarane. Det er førebels eit ope spørsmål om det er Benjamin Netanyahus politiske liv eller Hamas som overlever denne krigen.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar