Kommentar

Brukar kyrkjer til å overvake flyktningar

ERITREA I NORGE: Eritrearar som slost i Bergen speglar korleis regimet i heimlandet kontrollerer miljøet langt inn i eksilkyrkjene. Norske styresmakter gjer lite.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Han uttrykkjer skribentens analyse av situasjonen.

Dei som vil sjå bak nyhendemeldingane om eritrearar som slost mot eritrearar i Bergen, ser eit eksilmiljø som er djupt splitta i to leirar:

  • Dei som støttar opp om regimet til frigjeringshelten som er blitt Afrikas siste diktator, som styrer eineveldig og slår ned på all opposisjon – og kontrollerer den koptiske kyrkja.
  • Dei som har flykta frå Eritrea, særleg frå den livslange, brutale samfunnstenesta, og som ønskjer å demokratisere heimlandet.

Begge grupper har bede om vern. Begge grupper har fått opphald i Norge.

Kallar tilbake opphaldsløyve

Måndag sende Frps innvandringspolitiske talsmann Erlend Wiborg ut eit krav til regjering og utlendingsforvaltning: «Eritreere som hyller regimet de «flyktet» fra, bør umiddelbart miste oppholdstillatelsen i Norge.»

Akkurat det arbeidet starta i 2019. På oppdrag frå dåverande justisminister, Frps Jøran Kallmyr, byrja Utlendingsdirektoratet (UDI) å granske asylsøknaden til 150 eritrearar nærare.

I fjor melde Vårt Land at UDI hadde utvist fire og kalla tilbake opphaldsløyvet til 13 personar. Men ingen blei returnert til Eritrea. Det var for farleg.

Bakgrunnen for granskinga var ein reportasje i NRK om eit kulturarrangement i Oslo. Her deltok ein høgtståande person frå eritreiske styresmakter, presidentens nære rådgjevar. På festen kom det også flyktningar med opphaldsløyve.

Regjeringar har fått to rapportar

På tre år har det komme to rapportar, begge frå analyseselskapet Proba, begge levert til ansvarleg statsråd, om overnasjonal undertrykking av eritrearar i Norge. Om omfattande press og kontroll. Utført av eritrearar i Norge. På oppdrag frå regimet i heimlandet.

«Funnene i rapporten er veldige alvorlige. Flyktninger har søkt til Norge for å få leve trygge liv, men opplever press og kontroll», sa dåverande minister Guri Melby (V) i 2020 – og lova handling: Tiltak same haust.

Men ingen tiltak kom.

I mai kom rapport to: «Forebygging og bekjempelse av transnasjonal undertrykking er – slik vi oppfatter det – ikke høyt prioritert. Særlig justissektoren og i noen grad Utenriksdepartementet later til å ha et handlingsrom som i dag ikke blir utnyttet», melde konsulentfirmaet i rapporten til inkluderingsminister Marte Mjøs Perssen (Ap).

Justisdepartementet svarte Vårt Land: «JD har notert seg rapporten.»

Eritrea's President Isaias Afwerki arrives at Mitiga Airport in Tripoli, Libya, Sunday Nov. 28, 2010. Africa and the EU will hold their 3rd Summit in Tripoli on 29-30 Nov. 2010. 80 African and European Heads of State and Government are expected, and some 50 observers from third countries and international organizations are invited. (AP Photo/Geert Vanden Wijngaert)

Kontrollerer kyrkjelydar

Eritreiske kyrkjelydar i Norge spelar ei sentral rolle. Eritrearane er gudfryktige og har organisert kring 40 forsamlingar. Om dei skriv Proba i rapport nummer ein: «mange av de norsk-eritreiske trossamfunnene oppfattes å være regimevennlige og politiserte» og at opposisjonelle medlemmer blir frosne ut. «Utfrysing fra menighetene skal skje dels ved at de styrende organer overtas av regimevennlige personer, og dels ved at de «uønskede» personene ekskluderes fra viktige sosiale sammenhenger i menigheten (...).»

Fleire av desse kyrkjelydane leiger lokale av Den norske kyrkja, utan at kyrkja stiller kritiske spørsmål.

Vårt Land fortalde i fjor om ein kyrkjelyd som blei splitta i to. Utbrytarane skipa ein kyrkjelyd som er i opposisjon til den opphavelege: Dei støttar ikkje opp om den regimekontrollerte koptiske kyrkja som er styrt av Eritreas mektige mann, president Isaias Afwerki.

Før kyrkjedelinga sende kyrkjelyden pengar frå Norge til Eritrea, i form av ei avgift.

Straffar dei som ikkje betalar skatten

Strid om pengar står sentralt i den eritreiske diasporaen i Norge – og i andre land med eritrearar i eksil, fortel Vårt Land.

Toprosentsskatten er ei svært viktig inntekt i statskassa. Alle som har reist eller flykta blir avkrevd to prosent av inntekta dei har, i eksil. Proba-rapporten frå 2020 fortel at «Norsk-eritreere som ikke betaler to-prosentskatten kan bli nektet adgang på møter, gudstjenester og kulturarrangementer».

Dei som ikkje betalar opplever at regimet i Eritrea straffar familiemedlemmer på ulike måtar.

For å stoppe den eritreiske skatteinnkrevjinga i Norge ber Utanriksdepartementet eritrearar om å melde innkrevjinga til politiet. Men til no har politiet svart med å leggje vekke desse sakene.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) møtte PST-sjef Beate Gangås og Politidirektør Benedicte Bjørnland fredag morgen etter at evalueringsrapporten om 25. juni-skytingen ble lagt fram torsdag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Mehl peikar på politiet

Justisminister Emilie Mehl (Sp) nøyer seg også med å peike på politiet: «Dersom det er slik at noen i Norge opplever at de blir utsatt for ubehagelig press eller noe som kan være ulovlig, er det viktig at disse personene, dersom de ønsker det, tar kontakt med politiet, slik at man kan få hjelp der», sa ho i Stortinget i mai.

Sjølv har ho notert seg den siste rapporten om transnasjonal undertrykking.

---

Eritrea

  • President Isaias Afwerki har styrt Eritrea sidan landet reiv seg laus frå Etiopia i 1993.
  • Kvart år rømer tusental frå den lange, brutale samfunnstenesta.
  • Kring 28.000 eritrearar bur i Norge. Dei første kom i tiåra fram til sjølvstende i 1993, og mange er lojale mot frigjeringsleiaren Isaias Afwerki.
  • I 2015-2020 har vel 15.000 eritrearar søkt og fått opphald og vern i Norge, opplyser Utlendingsdiretoratet.
  • Statskontrollerte Eritrean Orthodox Tewahdo Church skal ha rundt tre millionar medlemmer i inn- og utland.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar