Kommentar

Partiet med peikefingeren

LANDSMØTE: Når til og med KrF har lagt bort peikefingeren, kvifor insisterer MDG på den?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då Olaug Bollestad gjekk ut før KrF sitt landsmøte og sa at KrF ikkje skal vere eit parti som rettar peikefingeren mot folk, var det ikkje overraskande. Bollestad har over tid stått fram som meir oppteken av å fremje hjartesakene enn at partiet skal stå reine og ranke i vanskelege samvitsspørsmål. Meir uventa er det kanskje at KrF ikkje vart det siste partiet til å leggje frå seg peikefinger-kommunikasjonen.

Tid for eit miljøparti?

Då partileiar Arild Hermstad opna Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sitt landsmøte til ståande applaus fredag, må fleire ha kjent på ei viss undring over partiet si utvikling. Det er ti år sidan MDG fekk det ein kan kalle eit slags nasjonalt gjennombrot – mars 2013 var første gong nettstaden pollofpolls.no, som samlar gjennomsnitt av norske meiningsmålingar, registrerte over 1 prosent oppslutning for partiet. Den hausten vart dei for første gong representerte på Stortinget, og mange vona nok at glanstida for Miljøpartiet no var kommen.

Slik har det ikkje blitt. Partiet har periodevis hatt stigande oppslutning, og gode resultat i fleire kommuneval. Dei maktar likevel ikkje å knekke sperregrensa i stortingsval, sjølv om dei i 2021 var svært nære.

Konflikt og breiare parti

MDG gjer det betre i kommuneval enn i stortingsval, som kanskje ikkje er så rart: I fleire av dei store byane spesielt har partiet appellert til breie lag av veljarane med sitt engasjement for betre sykkelvegar, og styrkja kollektivtrafikk. Det har ikkje gått smertefritt føre seg: Konfliktnivået mellom Oslo MDG sin tidlegare frontfigur og noverande nasjonal nestleiar Lan Marie Berg, og hovudstaden sine svorne bilistar var tidvis svært høgt. Den famøse Facebookgruppa «Ja til bilen i Oslo» bidrog absolutt ikkje konstruktivt til å roa gemytta – men det gjorde ikkje alltid Berg sjølv heller, med medvitent provoserande fråsegner som «Jeg elskar bomringen».

Likevel var det i denne perioden, då Lan Marie Berg var byråd i Oslo og konfliktnivået lokalt var høgt, at MDG gjorde sitt beste val nokosinne. Kanskje var det fordi Berg, og andre frontfigurar som Une Bastholm, trass alt, makta å breie ut partiet. Dei viste også at dei makta å stå med smil i stormen. Den evna ser partiet ut til ha mist.

Det enorme raseriet som bobla opp og trefte MDG – og Lan Marie Berg særleg – var stygt. Samstundes var det ein indikator på kor relevant partiet og politikken deira vart opplevd. Med enkelte unntak, inkludert hovudstaden og dei største byane, er det ikkje like lett å skape storm i dag. Ein har ikkje klart å leggje om kursen etter 2021-valet, og veljarbasen til partiet vert ikkje større, trass stadige drypp av nyhende som tilseier at klimaendringane er vår største utfordring som folk og som verdssamfunn.

Rett nok er nordmannen som art gjerne i overkant snar til å oppleve seg moralisert over – det er ikkje MDG sin feil

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Krevjande klimamoralisme

Etter 2021-valet slo MDG sin evalueringsrapport fast at partiet stod fram som «krasse, kompromissløse, umodne og ensporede» i valkampen. Det inntrykket slit partiet framleis med. Då er det dobbelt merkeleg at det vi høyrer kanskje mest om frå MDG for tida er ulike initiativ for kjøtfrie måltid ved offentlege institusjonar.

Det er bra både for oss og for klimaet å ete mindre kjøt, men i iveren etter å få gjennomført gode klimatiltak gløymer MDG likevel ein kardinalregel i all politikk: Dersom veljarane opplever at du kjem med peikefingeren, har du alt tapt. Rett nok er nordmannen som art gjerne i overkant snar til å oppleve seg moralisert over – det er ikkje MDG sin feil, men det er likevel ein realitet dei må ta omsyn til.

Fokuset på å velje vekk kjøt står fram, i det vesentlege, som symbolpolitikk, fordi politikarane som lanserer desse forslaga ikkje er flinke til å forklare grunngjevinga for politikken dei foreslår. Dei aller fleste av oss er klar over at dei klimatiltaka som monar må gjennomførast på nasjonalt og overnasjonalt nivå – om du og eg sorterer plastavfallet vårt og bytter ut kjøtdeig med bønner i fredagstacoen utgjer det bitte små desimalar i klimarekneskapen. Det er ikkje rart at ein blir frustrert av at partiet som forfektar klima og miljø som viktigast av alt vil bruke den makta dei har fått lokalt til tiltak på individnivå som blir opplevd invaderande og moraliserande.

Vanskelege enkeltsaker

Dette veit sjølvsagt partileiar Arild Hermstad, og den einaste referansen til kjøtdebatten i talen hans på fredag var ein vits om vegetarkosthaldet han fekk hjå dagmamma då han var barn. I staden fokuserte han på solidaritet. Då han nemnde klima og miljø var det det store biletet og regjeringa sin iver etter framleis oljeleiting som var hoggestabben. Så spørst det om det hjelper.

Etter valet i 2021 sa heile 39 prosent av veljarane at klima og miljø var ein av dei viktige sakene når dei skulle velje parti på valdagen. Samstundes var det berre ein av fire som lét enkeltsaker avgjere partivalet, og det er dårleg nytt for dei grøne. Sjølv om partiet dei siste ti åra har gjort ein stor innsats for å bli som eit «vanleg» parti, med utvikla politikk og eit breitt anlagt partiprogram (det er ikkje eit einaste «forsøk med lokal valuta» å spore i det gjeldande partiprogrammet, for å seie det slik), er det vanskeleg for eit parti med ein enkeltsak i namnet å slå gjennom på andre politikkfelt. Spesielt er det vanskeleg viss dei kampane du tek der folk kan sjå deg, gjer at folk opplever seg leksa opp for.

MDG hadde, som nykomar, hatt høve til å sjå på dei andre partia og lære av deira erfaringar. Det ser ikkje ut til at dei har gjort

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Om ein ikkje kjem seg vekk frå diskusjonane om kjøtfrie måltid vil det vere med på å dra biletet av MDG tilbake til tidleg 2000-tal, då dei var eit mikroparti for folk med fotformsko og klede av naturlege fiber. MDG er ikkje det partiet lenger. Dei har ei stortingsgruppe, rett nok berre med tre representantar, og ein stadig meir profesjonalisert organisasjon. Då er også forventningane frå veljarane høgare.

Lærer ikkje av andre sine feil

Andre parti som har vore belemra med moralismestempelet, har funne vegar ut av uføret og fått monaleg oppslutning i lønn. KrF gjorde det, forbigåande, i 1997, og Rødt gjorde det gjennom 2010-talet fram mot valet i 2021. Kva var oppskrifta? Dei haldt fast på prinsipp og verdiar, men fann nye saker, nye løysingar og nye måtar å kommunisere med veljarane. Den øvinga må også MDG gjere dersom dei vil vekse.

Som ein relativ nykomar i den norske partifloraen hadde Miljøpartiet Dei Grøne hatt høve til å sjå på dei andre partia og lære av deira erfaringar, for å komme best mogleg ut av sine møter med veljarane. Det ser ikkje ut til at dei gjer, og dermed er dei kanskje dømt til å gjenta feil andre allereie har gjort – som til dømes å møta Ola Nordmann med peikefingeren framme.





Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar