Å la seg bedra til å tru på Gud

Bono og Eugene Peterson lærte meg korleis eg kan lese Bibelen no til dags.

kk
FEIL: Eg trudde U2 og Bono var eit tilbakelagt kapittel i livet mitt, skriv gjestekommentator David Sviland. Så feil skulle han ta.
Publisert Sist oppdatert

Eg trudde U2 og Bono var eit tilbakelagt kapittel i livet mitt. Dette halvkristne rockebandet som tok kristne musikkmiljø med storm frå 1990 til 2010, spelte ei viktig rolle i tenåra mine, ja heilt fram til eg tjue år gammal såg dei spele på Wembley i London. Etter det tok andre band og kunstnarar over interessa mi. I seinare år har det gått meg hus forbi når U2 kjem med nye album.

Å bruke kunsten og metaforane til å forstå Gud

Nyleg kom eg over ein Youtube-video kor Bono snakkar om salmane, i dialog med Eugene Peterson (1932-2018), den amerikanske pastoren og forfattaren som omsette Bibelen til den lettleselege bestseljaren The Message. «Klamt», tenkte eg, men trykte på filmen likevel. Så feil kunne eg ta. Det viste seg at denne videosnutten ikkje skulle gjere meg sveitt, men styrkja i trua på Gud og kunsten.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP