«Tala er så dårlege at ein nesten kan høyre klirrelyden frå Ap og Sps skjelvande ordførarkjeder»

Dersom Vårt Land og Dagbladets kommunebarometer slår til, vil Jonas Gahr Støre måtte halde ei sørgmodig tale på valvaka etter lokalvalet i september – trass i betre tal lokalt enn nasjonalt.

VALVAKA: Då Jonas Gahr Støre stod på Aps valvake etter valet i 2021, smilte han stort. Viss Vårt Lands kommunebarometer slår til på valnatta, har han liten grunn til å smile, skriv kommentator Emil André Erstad.(Foto: Javad Parsa)
Publisert Sist oppdatert

Stortingsmålingane ned mot 14 prosent har naturlegvis fått Ap-folk til å fortvile. Likevel har dei hatt eit håp om at kommunevalet i haust skal gje partiet ro og ein naudsynt opptur. Spørsmålet er om partiet kan gle seg over at Dagbladet og Vårt Lands kommunebarometer viser 23 prosent til Ap. Det er jo vesentleg betre enn 14 prosent, men ville også vore partiets dårlegaste val nokon gong.

Der stortingsvalet i 2025 er fleire år unna, er det få månader att til lokalvalet i september. Det er nesten så ein kan høyre klirrelyden frå Ap og Sps skjelvande ordførarkjeder. Likevel ser veljarane ut til å like lokale Ap- og Sp-folk betre enn partia sine representantar på riksplan.

Høgresida kan gle seg til 2025

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP