Kommentar

Slik var spelet i kulissene mellom Støre og samane

Det sat langt inne for regjeringa å innrømme at den hadde krenka rettane til samane på Fosen. Likevel kom Jonas Gahr Støre fram til at det var det einaste som kunne løyse situasjonen. Det kom med ein enorm politisk kostnad.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

500 dagar etter Høgsterettsdommen om Fosen-saka: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) nekta å kalle situasjonen på Fosen eit pågåande menneskerettsbrot. Han nekta også å be om orsaking til samane. Tvert om var Aasland offensiv på talepunkta han fekk i Olje- og energidepartementet (OED) om at målet var å halde fram med vindkraft på Fosen. Det skjedde trass i Høgsterett sin konklusjon om at turbinane krenka samiske rettar.

Ikkje vakker grafikk for Støre

Situasjonen var bokstaveleg tala heilt fastlåst, der samiske demonstrantar og unge naturvernarar sat lenka fast utanfor fleire av dei viktige departementa i Regjeringskvartalet. Byråkratar i departementa fekk ikkje gjort jobben sin. Bileta av demonstrantane som vart tatt med makt av politiet, gjekk verda rundt takka vere draghjelp frå aktivisten Greta Thunberg. I over ei veke sat demonstrantane lenka framfor fleire av dei viktige departementa i regjeringskvartalet.

Dermed gjorde SMK det klart at OEDs offensive talepunkt ikkje var heile sanninga i saka. Dessutan meinte fleire på SMK at OEDs handtering hadde ei alvorleg brest: Mange i OED og sjølve regjeringsadvokaten var usamde med dommen frå Høgsterett. No risikerte denne usemja med Høgsterett til at regjeringa ikkje handterte saka tilfredsstillande.

—  Emil André Erstad, kommentator

Kvifor tok det så lang tid for regjeringa å komme demonstrantane i møte?

Kjelder på innsida av regjeringa fortel om intense diskusjonar mellom Aaslands departement som hadde handtert saka både før og etter Høgsterettsdommen, på den eine sida. På den andre sida stod Statsministerens kontor (SMK) og Jonas Gahr Støre.

Rekkene med politibilar mot dei unge aktivistane var ikkje vakker grafikk for Støre-regjeringa. No hadde OED fått handtere saka lenge nok.

Tok ikkje Aasland sanning som god fisk

På SMK var det ei oppfatning at OED i si over 500 dagar lange handtering etter Høgsterettsdommen hadde lagt for sterk vekt på iveren etter å byggje ut kraft. Det var også forståeleg, sidan det var kjerneoppgåvene til embetsverket i OED å få opp forsyningstryggleiken for energi.

Terje Aasland gjorde berre jobben sin, kan ein hevde.

SMK kunne ikkje lenger sjå på at OED prøvde å handtere saka åleine. Støre og hans folk kjende ikkje at bileta av demonstrantane og situasjonen i Regjeringskvartalet var til å leve med over tid. Dessutan erkjente SMK at trong eit større perspektiv på saka enn det dei fekk gjennom OEDs energibriller. Med OEDs blikk var det berre sameksistens mellom vindkraft og reindrift som var løysinga på Fosen.

På SMK stilte dei seg derfor spørsmålet: Kva er eigentleg sanninga i denne saka?

Dermed gjorde SMK det klart at OEDs offensive talepunkt ikkje var heile sanninga i saka. Dessutan meinte fleire på SMK at OEDs handtering hadde ei alvorleg brest: Mange i OED og sjølve regjeringsadvokaten var usamde med dommen frå Høgsterett. No risikerte denne usemja med Høgsterett til at regjeringa ikkje handterte saka tilfredsstillande.

Langflat Aasland etter SMK-press

Det var lett å sjå utanfrå då SMK tok over kommandoen i saka, omtrent tysdag eller onsdag førre veke: Kommunikasjonen endra seg drastisk. Først ved at olje- og energiminister Terje Aasland bad om orsak overfor reindriftssamane på Fosen – etter i lang tid å ikkje ha gjort det. Så audmjuk var Aasland at ein av deltakarane på møtet skildra det på følgjande vis overfor Adresseavisen: «Jeg vet ikke hvor mange ganger statsråden brukte ordet beklager. Jeg har aldri sett en politiker legge seg så langflat». Den audmjuke Aasland var sannsynlegvis eit resultat av press frå SMK.

Deretter vart det pressekonferanse der Aasland plutseleg sa at han «ikkje utelukka noko løysingar på Fosen». Det var milevis frå dei talepunkta OED hadde hatt undervegs i handteringa, og basert på nye signal frå SMK og Jonas Gahr Støre.

På SMK visste dei også at politikarar gjerne kan stå for upopulære saker, så lenge politikarane har evne til å stå sakene ut. Når politikarar gjer slik Støre gjorde no – å snu – gir det mindre respekt. Det forsterkar inntrykket av vingling, eit ord mange politiske motstandarar i fleire år har klart å knyte til Støre.

—  Emil André Erstad, kommentator

Støre involverte seg også personleg for å roe situasjonen ved å møte demonstrantane i Trefoldighetskirken i Oslo, og deretter ha reindriftssamane og samiske leiarar på frukost. Der gjentok Støre orsakinga frå Aasland og det nye talepunktet om å ikkje utelukke noko løysing.

Det gav håp til samiske leiarar, demonstrantar og reindriftssamar.

Lærepenge

For Støre og hans regjering var det likevel ein enorm politisk kostnad å gå frå OED si kompromisslause linje til å sei orsak. Viss Aasland og hans departement hadde lagt seg på ei meir moderat og forsonande linje innleiingsvis, hadde saka aldri blitt så stor.

På SMK visste dei også at politikarar gjerne kan stå for upopulære saker, så lenge politikarane har evne til å stå sakene ut. Når politikarar gjer slik Støre gjorde no – å snu – gir det mindre respekt. Det forsterkar inntrykket av vingling, eit ord mange politiske motstandarar i fleire år har klart å knyte til Støre.

For Støre og SMK vart saka likevel ein lærepenge: Dei bør vere tettare på i store saker tidlegare. På SMK held dei nok no pusten om at Aasland ikkje skal sei noko som set fyr på demonstrantane igjen.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar