Kommentar

Den raude skammekroken

Raudt sine stortingsrepresentantar hadde ikkje sin beste dag på jobben på torsdag, då Stortinget presenterte det tverrpolitiske og gigantiske Nansen-programmet for Ukraina. Dei stod skamfulle i eit hjørne.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kva skjedde eigentleg då Jonas Gahr Støre forhandla med partia på Stortinget om ei tverrpolitisk pakke for Ukraina – verdt over 75 milliardar kroner over fem år? Var det Raudt som eigentleg ikkje ville vere med? Eller var det dei andre partia som ville gjere det vanskeleg for sosialistane på ytste flanke?

Uavhengig av kva som skjedde, veit vi resultatet: Alle partia på Stortinget var med då pakka blei lansert til brask, bram og applaus frå ein ukrainsk president på storskjerm i Lagtingssalen. Til og med Frp og Pasientfokus var med. Berre Raudt måtte stå i skammekroken – utanfor avtala.

Uggen stemning i skammekroken

Partileiar Bjørnar Moxnes spøka i korridorane med at han aller helst ville gøyme seg i ein krok. For som alle veit: Dei fleste stortingsrepresentantane til Raudt er eigentleg usamde med partiets linje i synet på våpen til Ukraina. Å gå på jobb i Stortinget torsdag var nok for desse ei uggen oppleving.

Den avskya for Raudts standpunkt og utanforskap, er delt av mange. Å ikkje stå opp for eit demokrati sin kamp for overleving i kampen mot eit kynisk diktatur, kan vel ikkje vere anstendig for eit politisk parti?

—  Emil André Erstad, kommentator

Partiet fauk i vêret i månadane etter at dei kom inn på Stortinget med ei stor gruppe i 2021, før dei brått mista den sterke folkelege støtta då krigen braut ut 24. februar i fjor. Partiet snusa på oppslutning over ti prosent, men ligg no i snitt litt over seks.

Museumsvaktarane bestemmer

Den linja har ikkje partileiinga gjort noko med, men det er varsla eit oppgjer på landsmøtet i april.

Mange hevdar at Raudts våpenmotstand avslører kva parti dei eigentleg er. Fagsjef i Tankesmien Agenda, Andreas Christiansen Halse – som mellom anna er medlem i Ap og tidlegare SU-leiar skreiv på sosiale medier at «så lenge jeg kan huske har Rødt vært partiet som alltid har mer penger enn andre. Til alle formål. I alle budsjetter. I alle forhandlinger. I alle debatter. Grensen går tydeligvis ved støtte til frihetskamp mot en brutal og fascistisk okkupasjonsmakt.»

Den avskya for Raudts standpunkt og utanforskap, er delt av mange. Å ikkje stå opp for eit demokrati sin kamp for overleving i kampen mot eit kynisk diktatur, kan vel ikkje vere anstendig for eit politisk parti?

Som om dei ikkje var på Stortinget

Likevel er det heller ikkje så vanskeleg å kjenne litt medynk med stortingsrepresentantane i Raudt. Under torsdagens presentasjon av Ukraina-pakka i Stortinget verka det nesten ikkje som partiet Raudt var på Stortinget i det heile tatt. Seansen skjedde med alle parti i lagtingssalen og nemnde Zelenskyj som takka hjarteleg på storskjerm. Til og med invitasjonen til pressekonferansen hadde Stortingsadministrasjonen sendt ut.

Raudt-politikarane ville jo eigentleg vere med, men standpunkt laga av museumsvaktarar i partiet gjorde det ikkje mogleg.

Slik legg dei andre partia eit press på Raudt som mange i partiet opplever som utidig. Det kan likevel føre til våpenrevolusjon då Raudts tillitsvalde skal stemme over våpenspørsmålet på landsmøtet.

—  Emil André Erstad, kommentator

For dersom Bjørnar Moxnes og hans gruppe eigentleg ville vere med på avtala, burde ikkje dei andre partia strekt seg lenger for å få det til?

Folk i Raudt snakka om at det ikkje verka som dei andre politikarane ville ha dei med. Raudt hadde varsla at dei gjerne kunne stille seg bak avtala, dersom dei fekk leggje inn eit punkt om at partiet ikkje støtta våpeneksporten. Det ville ikkje gjort noko forskjell til eller frå på det endelege resultatet. Frå dei andre partia vart sagt at alle som stod bak avtala måtte ta alt eller ingenting. Dei større partia – og støttepartiet SV – fekk på plass justeringar av sluttresultatet.

Frp viktigare enn Raudt

I motsetnad til Raudt, fekk Frp reservere seg mot den delen av avtala som handla om bistand på fem milliardar til utviklingsland i år. Statsminister Støre uttalte at «det er viktig å ha Frp med».

Like viktig var det openbert ikkje å ha med Raudt, som vart sendt i skammekroken. Samstundes er det vanskelegare å skilje mellom sivil og militær støtte til Ukraina enn å skilje mellom bistand til Ukraina og fattige land. Derfor var Frps atterhald meir akseptabelt.

Det kan ha vore strategisk, både for å vise fram forskjellane mellom Raudt og dei resterande partia på Stortinget. Men òg fordi Raudt blir invitert inn til å støtte avtala etter landsmøtet i april.

Slik legg dei andre partia eit press på Raudt som mange i partiet opplever som utidig. Det kan likevel føre til våpenrevolusjon då Raudts tillitsvalde skal stemme over våpenspørsmålet på landsmøtet.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar