Kommentar

Solbergs analyse

Den rådande analysen om Arbeidarpartiets fall er feil, skal vi tru den tidlegare statsministeren og hovudkonkurrenten. Kanskje kan statsminister Støre lære noko av forgjengaren. I ei uroleg verd må regjeringa skape ro heime. Støre-regjeringa har oppnådd det motsette.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Er det ikkje litt urettferdig at Høgre i månadsvis har gjort det så godt, når partiet har nesten identiske løysingar i energipolitikken som regjeringspartiet Ap?

Framleis svevar Høgre over 30 prosent på målingane, medan Ap slit med å komme over 20.

Toa hendene og smila

Mange har trudd Erna Solberg òg inst inne synest at det er litt urettferdig, der partiet hennar i stor grad har toa hendene og smilt over dei gode målingane. Partiet har i liten grad føreslått annan politikk enn den regjeringa har ført.

Derfor var analysen ho kom med i Vårt Lands politiske podkast Kammerset for nokre veker sidan, interessant å lytte til.

I Norge har det lenge vore ei utbreidd oppfatning om at det nesten er det same om det er Arbeidarpartiet eller Høgre som styrer.

Særleg har mange i næringslivet gitt uttrykk for at stabiliteten ville vere lik uansett styringsparti ved roret. I podkasten sa Solberg at ho «opplever den haldninga forsvann» hausten 2022.

Mykje er i spel

Ho peika på skatteforslag, åtak på private og ideelle aktørar og reverseringsprosessar i kommunane som årsak til det. Mykje er i spel. Mykje flyt. Tidspunktet kunne ikkje vore verre for tryggleikssøkjande veljarar.

«Det er farleg for Arbeidarpartiet å tru at dette dreier seg om straum (...). Det dreier seg om at Norge vert opplevd uføreseieleg. Veldig mange i næringslivet opplever det», sa Solberg. Vidare nemnde ho eksempel på at den same kjensla av ein uføreseieleg situasjon hos ideelle aktørar innan rusomsorg, helse og andre private organisasjonar som har levert offentlege tenester. I tillegg kjem prosessar og kostnadar knytt til reversering av kommunar og fylkeskommunar.

I Ap handlar det om å vise dei lyseraude sosialdemokratiske veljarane – dei som i løpet av hausten tok seg ein pause på gjerdet – at partiet styrer med Senterpartiet, og ikkje på nåde frå Senterpartiet.

—  Emil André Erstad, kommentator

Solbergs analyse er like enkel som den er treffande: I ei verd med aukande uro og krig, er jobben til ei norsk regjering å skape mest mogleg ro heime. Men regjeringa har oppnådd det motsette, viss vi skal tru den tidlegare statsministeren.

Polariserande og splittande

Sjølvsagt må vi ta Solbergs analyse med to klyper salt, då den heilt sikkert inneheld ein dose av det vi kallar politisk spinn. Høgre har ei sjølvstendig interesse av å få det til å verke som regjeringa ikkje er oppteken av rammevilkåra for næringslivet og at Støre skapar uføreseielege rammevilkår. Samstundes er det vanskeleg å lukke augo heilt for det Høgre-leiaren seier, fordi det treff ganske godt med verkelegheita. Dessutan er det ei analyse som til ein viss grad er gjengs oppfatning internt i Arbeidarpartiet.

Noko av skulda har partistrategane på Youngstorget og i regjeringa lagt på slagordet «no er det vanlege folks tur». Valkamp-slagordet frå 2021-valkampen vart kritisert av mange for å vere polariserande og splittande. For viss det no var vanlege folks tur, kven skulle då stå att i køen? Ap-folk meinte dei fleste skulle få bli med, men av dei politiske framlegga til regjeringa vart det definert som at folk som tente over 750 000 kroner fall utanfor definisjonen av vanlege folk. No var det plutseleg deira tur til å få tøffare skattlegging.

Uro krev gamle slagord

I staden har Arbeidarpartiets strategar blitt samde om å endre språkdrakt til dei tradisjonelle Ap-slagorda «skape for å dele» og «alle skal med». «No er det vanlege folks tur» får derimot ikkje bli med vidare på ferda.

Også hennar eige parti sleit med oppslutninga i folket den første tida etter den blåblå regjeringa vart danna i 2013. I støttepartiet KrF vart mykje av skulda lagt på den enorme reformvilja Høgre viste. Politireform, ABE-reform, kommunereform og ei rekke andre reformer vart sett i verk på kort tid.

—  Emil André Erstad, kommentator

Den retoriske snuoperasjonen – som internt i Ap slett ikkje vert oppfatta som noko u-sving – får politiske konsekvensar. Den er langt meir i tråd med Erna Solbergs bodskap om å skape ro heime når det er uro ute. I Ap handlar det om å vise dei lyseraude sosialdemokratiske veljarane – dei som i løpet av hausten tok seg ein pause på gjerdet – at partiet styrer med Senterpartiet, og ikkje på nåde frå Senterpartiet.

I løpet av regjeringas første halvanna år vart det for mange store og blanke gjennomslag til partiet som gjekk på tvers av tradisjonell Ap-politikk. Det skremde lyseraude Ap-veljarar.

Solbergs dyrkjøpte erfaringar

Eit anna interessant moment med Erna Solbergs analyse er at den treff henne sjølv. Også hennar eige parti sleit med oppslutninga i folket den første tida etter den blåblå regjeringa vart danna i 2013. I støttepartiet KrF vart mykje av skulda lagt på den enorme reformviljen Høgre viste. Politireform, ABE-reform, kommunereform og ei rekke andre reformer vart sett i verk på kort tid. Sjølv om det var Høgre-politikk, fekk det mange menneske til å kjenne på utryggleik. Derfor sleit den blå regjeringa på målingane.

Den gongen var det heller ikkje krig i Ukraina, inflasjon, straumkrise eller pandemi. Slik sett har rammevilkåra for Støres lag til å gjere store endringar vore mindre.

Etter kvart modererte Solberg-regjeringa kursen. Dei hadde framleis stø kurs mot Høgre, men svingen var ikkje like skarp. Derfor kan det hende at rådet ho no gav Støre kjem av dyrkjøpte, eigne erfaringar.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar