Kommentar

ChatGPT – ven eller fiende?

Bør innleveringsoppgåver fasast ut av skulesystemet, til fordel for skuleeksamenar utan hjelpemiddel? Kunstig intelligens-tenesta ChatGPT stiller lærarane på store prøver. Men å stille klokka attende, kan neppe vere den mest framtidsretta vegen å gå.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei seinaste vekene har eg, som så mange andre, leika meg med eit chatteprogram med kunstig intelligens (KI). Då det amerikanske forskingsforetaket OpenAI gjorde ChatGPT tilgjengeleg i fjor haust, tok det ikkje lang tid før etterspørselen eksploderte. Ikkje utan grunn. Du kan spørje ChatGPT om nesten alt, og du får som regel eit raskt og hjelpsamt svar tilbake.

Feilfri er chattetenesta slett ikkje. Fleire gonger er nivået på faktainformasjonen sjokkerande lågt for ei teneste som kan skumme og sette saman alt av offentleg tilgjengeleg informasjon på nettet (inntil 2021). Somme tider presenterer ho reint jug som fakta, til dømes om eg ber henne lage ein biografisk tekst om meg sjølv. (Nei, eg har ikkje skrive bøkene «Så lenge jeg lever», «Det du ikke ser» og «Det du ikke vet».) Freidig er tenesta også når ho blir utfordra på moderne pressehistorie. (Sjefredaktør i Vårt Land er som dei fleste andre veit verken Per Arne Kalbakk eller Egil Mikkelsen, som ChatGPT føreslo, men Bjørn Kristoffer Bore.)

Presisjonen er med andre ord under ein kvar kritikk. Samtidig overraskar ChatGPT også positivt ved å komme med gode løysingar på tenkte utfordringar. Desse innspela fekk eg til dømes på eit spørsmål om korleis eg kan styrke den kristne trua mi:

* Lese i Bibelen regelmessig.

* Delta på gudstenester eller i bønegrupper, for å vere ein del av eit fellesskap av truande som kan støtte og inspirere meg.

* Prate med andre kristne.

* Be regelmessig. Prate med Gud i bøn; både takke og be om hjelp.

* Gjere gode gjerningar. Kristendommen fokuserer på å tene andre, så eg bør vere open for moglegheiter til å hjelpe og til å vere raus og generøs.

Raskt og vaklande

ChatGPT sjenerer seg ikkje for å hjelpe, med mindre du etterspør erotiske vitsar eller anna innhald som bryt med grunnreglane for tenesta. Så lenge praten er sømeleg, er chatbot-en med, både på alvor og skjemt. Å skrive ein spesialtilpassa konfirmasjonssong er til dømes ikkje noko problem for ChatGPT – med kvalitet av det ein kan forvente innan sjangeren (med haltande rytme og flust av nødrim, til dømes).

Å produsere rask og vaklande brukstekst er ein av ChatGPTs styrker

—  Alf Kjetil Walgermo

Nettopp dette – å produsere rask og vaklande brukstekst – er ein av ChatGPTs styrker. Avgjort er tenesta betre på diktanalyse enn på sjølv å bringe stor kunst til torgs. Artisten Nick Cave blei nyleg ramma av ein kunstig produsert låttekst som etterliknar hans eigen stil. Dommen var hard og brutal: ChatGPTs tekstar er ein grotesk hån!

Forhåpentleg er det lenge til artistar, forfattarar og andre kunstnarar er desimert av kunstige intelligensar. Men å lire av seg nokre refleksjonar kring Olav H. Hauges dikt «Det er den draumen», til dømes, er barneskirenn for chatbot-en.

Dette har sjølvsagt skuleelevane oppdaga. Unge brukarar er gjerne i fremste rekke når ny teknologi blir rulla ut. Fram mot jul i fjor blei det klart at ChatGPT, med si evne til å stille saman og analysere informasjon, var godt eigna til å løyse innleveringsoppgåver på ein brøkdel av tida det ville tatt å skrive tekstane sjølv. Ein av dei første som testa ut dette, var Andrea Holm Tanderø (18) ved Elvebakken VGS i Oslo. Ho fekk 5-ar for ei innleveringsoppgåve i historie, der det var ChatGPT som hadde skrive teksten om teknologien sin påverknad i Noreg på 1800-talet.

Tanderø var i etterkant open om metoden sin overfor skulen. Open var også stortingspolitikaren Abid Raja (V), som nyleg fekk medieoppslag om eit KI-generert spørsmål han leverte til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Rajas brukte ChatGPT for å få fram det politiske poenget sitt om bruk av kunstig intelligens: Vi må kunne nyttegjere oss teknologien positivt, ikkje la oss lure og utnytte av han.

Må få nye vurderingskriterier

I motsetnad til Landslaget for norskundervisning, som har sendt bekymringsmelding om ChatGPT til Stortinget, er ikkje kunnskapsminister Brenna bekymra for kunstig intelligens-hjelpemidla som er på full fart inn i skulen. Ho har tru på at etisk refleksjon og gode arbeidsvanar kan hjelpe oss å omfamne den nye teknologien.

Eg har veldig lyst til å vere einig med henne. Samtidig trur eg norske lærarar kan bli stilt på store prøver i tida som kjem, om dei skal vurdere nivået til elevane sine basert på innleveringsoppgåver. Det kan fort bli høgaktuelt å ha fleire prøver og eksamenar med fysisk oppmøte på skulen, utan andre hjelpemiddel enn «penn og papir».

Chatboten fremmer latskap og evnen til å ta minste motstands veg

—  Alf Kjetil Walgermo

Denne typen førebygging mot juks kan likevel ikkje vere det einaste svaret skuleverket stiller med. Først og fremst må det utviklast nye vurderingskriterier som tek opp i seg moglegheita for KI-hjelp. ChatGPT er ikkje endestasjonen på kunstig intelligens-ferda. Å stille klokka tilbake er neppe den mest framtidsretta vegen å gå. Teknologien forsvinn ikkje, og på sikt nyttar det dårleg å forby bruken av han. Nokre innstrammingar må likevel til, for per no er det ikkje opplagt at ChatGPT fremmer læring. Snarare fremmer chatboten latskap og evnen til å ta minste motstands veg.

På få veker er ChatGPT gått frå å vere noko nytt og litt eksotisk, til å bli kjernen i ein debatt om vurderingsform og bruk av hjelpemiddel i skulen. Men spørsmåla den nye tenesta reiser, er også langt meir eksistensielle enn som så. I grunnleggande forstand handlar det om kor vidt menneskeleg eksistens og samhandling blir styrkt eller svekka som følgje av ein smart og lynrask chatterobot som kan hjelpe deg med alt frå eksamensoppgåver til religiøs praksis.

Blir framtida vår fylt av samtalar på kunstig tomgang, eller kan den nye teknologien hjelpe oss med å frigjere tid til sann menneskelege utfalding? Det slår meg at spørsmålet er blitt stilt før ­– ja, så lenge mennesket har utvikla teknologi. Men svaret ligg ikkje fast. Det er opp til oss sjølve å respondere på best mogleg vis, kvar nye dag.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar