Kommentar

«Som sjølvhjelp har kristen tru null verdi»

Kva skal vi med ei kristentru som ikkje konfronterer synd og får oss frå død til liv?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ved eit tilfelle vart nokre av årets første dagar brukt i selskap med ei eldgammal bok, nemleg Fioretti, ein klassikar frå 1300-talet, om St Frans av Assisi og dei tolv første venene hans. Forteljingane gir eit fargerikt innblikk i ei tid og ei tru så fundamentalt annleis enn vår, at ein undrar: Er dette verkeleg forløparen til kyrkja av i dag?

Kven stiller seg til dømes fram som ein narr for evangeliet i kristne samanhengar, slik Frans og venene gjorde? Kven stoler på Herren slik at eigen komfort vert heilt underordna? Korleis kjem det til uttrykk at dei som skal vera leiarar, skal ha den lågaste plassen? Ofte høyrer vi i staden argument for at trua er billetten til det gode liv. Ho har i mange samanhengar blitt fornufta sin forlenga arm, og teologisk argumentasjon ser i dag ut til å måtta lena seg tungt på ein appell til at trua har eit allmennyttig siktemål. For all del, også Frans og venene påverka samfunnet positivt. Slike utslag var likevel berre bieffektar av eit liv vigd til Gud.

Spektakulært i to tusen år

Moderne kristentru tek altfor lett rolla som fornufta si litt keisame kusine, mens det som trengst, no som på Frans’ tid, er det som er radikalt annleis. Kva skal vi med ei tru som ikkje bergar oss frå synd og alskens elende? Det er jo meir enn nok av dødskrefter i sving på alle kantar. Det føresviv meg at det velordna, pengesterke og motebevisste kristenidealet i like lita grad som dåpen-åleine-liberale maktar å revitalisera kyrkja. Vi treng grunnkategoriane: Ordet, korset og nåden. Etterfølging. Jesus oppretta ikkje eit døsig legat til allmennyttige formål. Bibelen byr i staden på radikal overgang frå død til liv.

Vi treng grunnkategoriane: Ordet, korset og nåden. Etterfølging. Jesus oppretta ikkje eit døsig legat til allmennyttige formål. Bibelen byr i staden på radikal overgang frå død til liv.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

Bibelens sentrale persongalleri deler eit vesentleg trekk: radikalt forandra liv. Eitt døme er kvinna ved brønnen, ei som hadde det vi i dag vel kallar eit «komplisert relasjonskart». Teksten vert med rette dratt fram som eit døme på Jesu evne til å møta og løfta den marginaliserte. Men her er så mykje meir! Jesus er nemleg ikkje så stillfarande pedagogisk. Han set kontant lyskastaren på synda. Brutalt? Ikkje dersom vi er med på Bibelens premiss om at det står om livet.

Spørsmålet er om kvinner ved brønnar eller pengegriske menn som Bibelens skakkjørte Sakkeus, får hjelp i dagens Kristen-Noreg. Stilnar kallet til omvending, går vi glipp av eit poeng som har halde seg like spektakulært i over to tusen år: Eit nytt liv!

Den rådande ideologien

I ein podkast-episode om Guds eksistens (frå «Uncommon Knowledge»), reflekterer mellom andre dei eminente forfattarane Tom Holland og Douglas Murray nyleg over tema som institusjonalisert kristendom og sekulariseringa av kyrkja. Instinktet hos kyrkjeleg leiarskap, kommenterer Holland, er å identifisera seg med den rådande ideologien, som for tida er sekulær. I Hollands analyse er dette eit frykteleg feilskjær. «Kristendom er ingenting om ikkje spektakulært underleg, ingenting dersom ikkje det merkelege, rare og mystiske får plass til å pusta». Eg trur han har rett. Men har vi plass til det underlege? Kan kyrkja orka å leva med skuldingar om ikkje å vera relevant?

Evangeliet er blitt ytterlegare redusert til generelt «life mangagement», ein måte å handtera livet best mogleg her og no. Men som sjølvhjelp har kristen tru null verdi.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

Den kristne filosofen Dallas Willard gjekk i si tid i rette med at evangeliet vart gjort til «sin management», altså berre eit regime for å handtera synd. Willard etterlyste disippelskap og det nye livet med Kristus. 25 år etter Willards klassikar «The Divine Conspiracy» er det knapt innanfor å snakka om synd, anna enn som brot med allmennytta.

Kristen tru som sjølvhjelp

Evangeliet er blitt ytterlegare redusert til generelt «life management», ein måte å handtera livet best mogleg her og no. Men som sjølvhjelp har kristen tru null verdi.

Tilbake til Fioretti og 1200-talets radikale Frans av Assisi. Ein må gjerne lesa slikt distansert, som artige, klassiske segner, men her er mykje som er høgaktuelt. For Frans kjem det spektakulære, men usynlege Gudsnærværet alltid først, og den som prioriterer slik, vert rekna for ein ufornuftig narr. Såpass bør ein tola. Både på 1220-talet og på 2020-talet kan ein Guds narr formidla noko til folk som lengtar etter orden, openberring, korreksjon og nytt liv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar