Kommentar

Mannen som ikkje kan tape andlet

2022 gjorde Xi Jinping til verdas mektigaste person. Men året har også kasta lys over ein alvorleg svakhet ved regimet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Joe Biden eller Xi Jinping? Frå Sovjetunionens fall og fram til nå, har svaret vore enkelt. Verdas viktigaste mann, og fram til nå har det berre vore menn, har sitte i Washington DC.

Slik er det ikkje lenger, ifølgje forfattarane av ei ny biografi om Xi Jinping. Dei tyske journalistane Stefan Aust og Adrian Geiges har sett på kor Xi kjem frå, korleis han bygde seg opp i kommunistpartiet. Og kva som driv han framover. Tittelen på boka er klar: Xi Jinping — verdas mektigaste mann.

Denne kommentaren har ikkje som mål å skildre Xis veg til makt. Den tar for seg to tilhøve ved det kinesiske samfunnet. Stikkorda er makt og eit virus vi alle kjenner så altfor godt.

For å gjere det klart med ein gong: Kina er ikkje verdas mektigaste militærmakt. Det er heller ikkje den største økonomien i verda, enda. Desse posisjonane har framleis USA.

Politiet har slått hardt ned på demonstrasjonene flere steder i Kina, som her i Shanghai søndag. Foto: AP / NTB

Inga demokratisk avgrensing

Men USAs president Joe Biden styrer over eit djupt splitta land. Mekanismane som avgrensar Bidens makt, styrkjer demokratiet.

Persondyrkinga av Xi Jinping overgår no alt andre leiarar har sett i Kina sidan kommunist-statens grunnleggjar Mao Zedong

—  Lars Inge Staveland, nyhenderedaktør

Situasjonen kunne ikkje vore meir annleis i Beijing. Under haustens partikongress vart det slått endeleg fast at Xi Jinping kan styre landet så lenge han lever.

Persondyrkinga av Xi Jinping overgår no alt andre leiarar har sett i Kina sidan kommunist-statens grunnleggjar Mao Zedong. Ingen meistrar nettsensur like godt. Eller som Aust og Geiges skriv, Xi Jinping har gjort internett om til eit gigantisk, sensurert intranett for Kina.

Økonomar er samde om at det berre er eit spørsmål om tid før Kina overtek posisjonen som verdas største økonomi.

Kva så med militærmakt? Stefan Aust og Adrian Geiges spør kva den overlegne militære kapasiteten til USA eigentleg kan nyttast til. Også Kina har atomvåpen og kan truge med ragnarok. Den amerikanske krigsmakta er også avgrensa av krigstrøytte veljarar.

Dette er berre nokre av grunnane til at Xi Jinping er den mektigaste personen i verda. Men Kinas sterke mann er også sårbar. Ei påminning om dette kom sist veke, og det handlar om covid-viruset.

Viruset som kom tilbake

«Under leiing av det kinesiske kommunistparti har menneske i alle samfunnslag kjempa hand i hand mot viruset med klokskap, handlekraft og moral. Dette gir eit levande bilete av kor overlegent det kinesiske systemet er.» Denne jubelmeldinga vart sendt ut av det statlege nyhendebyrået Xinhua våren 2021, altså året etter at verda stengde ned i mars 2020.

Viruset, som først vart oppdaga i kinesiske Wuhan, var slått tilbake. Det har kosta dyrt. For å stoppe viruset, vart folk låst inne i eigne heimar. Befolkninga vart utsett for eit ekstremt testregime og ein smittevern-app som sporar alle rørsler, utan omsyn til personvern. Men i år har viruset kome tilbake og først svarte styresmaktene med same harde hand. Det har kosta både folket og den kinesiske økonomien dyrt.

Her heime kunne det merkast då Apple varsla at iPhone 14 kunne bli forseinka til jul, grunna forseinkingar på fabrikken i Zhengzhou. Årsaka var strenge covid-restriksjonar som ramma dei tilsette på fabrikken i Zhengzhou.

Foto: Huang Jingwen / Xinhua via AP / NTB


Lettare å stenge folk inne enn å tvangsvaksinere

Men sjølv ikkje verdas mektigaste mann kan fengsle store deler av eigen befolkning i lang tid. Over store deler av Kina demonstrerte folk og kravde at Xi Jinping måtte gå av.

Så kom snuoperasjonen. Siste veke la Kina vekk den harde linja. Smitteappen er lagt ned. Var det demonstrasjonane som tvang Xi til å endre kurs? Eller var det ein lenge planlagt endring for å redde økonomien? Litt av begge deler, ser ut til å vere omkvedet frå Kina-kjennarar.

Det kinesiske kommunistpartiet har monopol på makta, men kan ikkje kvitte seg med sin suverene leiar

—  Lars Inge Staveland, nyhenderedaktør

Kina risikerer nå ei enorm smittebølgje som kan ta livet av ein million, ifølgje ein fersk analyse. Den harde linja mot covid-viruset har ført til færre smitta og dermed også ein langt dårlegare flokkimmunitet enn vi har i Europa.

Dei kinesiske vaksinane er heller ikkje så effektive som dei vestlege. Ifølgje The Economist er det ein stor skepsis mot vaksinar blant eldre kinesarar. Det er enklare for autoritære styresmakter å nekte folk å forlate heimane sine, enn det er å tvinge folk til å ta vaksine.

Slår spådomane til, er det viruset i seg sjølv, ikkje tiltaka, som kan lamme den kinesiske økonomien. Kina kan stå att som det siste landet som klarer å hamle opp med covid-viruset.

Ingen vil varsle

I møte med krisa kan Kina svare med brutal handlekraft. Langt vanskelegare kan det vere å skifte meining.

Det er ingen helsebyråkrat i Kina som ope vil åtvare mot at regimet er på feil kurs. På same sett er det heller ingen korrupsjonsjeger eller samfunnsøkonom som vil gå ut og seie at regimets politikk er feilslått. Dei få som har prøvd, har fått merka konsekvensane.

Og kva med Xi Jinping sjølv? Han må ha kontroll på historieforteljinga om korleis Kina handterte covid. Folket må tvingast til å tru at han handterer alle kriser med «klokskap, handlekraft og moral». Verdas mektigaste mann kan ikkje tape andlet.

Ein demokrati beskyttar seg sjølv ved at ein leiar som mister folket støtte, vert skifta ut. Det kinesiske kommunistpartiet har monopol på makta, men kan ikkje kvitte seg med sin suverene leiar. Xi Jinping er verdas mektigaste mann, men makta gjer han også sårbar.

Handteringa av covid-viruset viser at Kina på ingen måte er betre rusta enn demokratiske land til å handtere neste krise som vil dukke opp.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar