Lua er tilbake i handa
Dersom velferdsstaten abdiserer i møte med auka fattigdom, er økonomisk krise berre starten på problemet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
I 2019 sparte ni år gamle Ryan Kirkpatrick opp lommepengane sine for å betale ned lunsj-gjelda til andre elevar på skulen sin i ein liten by i California. Rektor var rørt og takka for at gutten betalte ned dei dryge 60 amerikanske dollar det var snakk om – rundt rekna 600 norske kroner – og mor vart intervjua om guten sitt sterke moralske kompass. Ei skikkeleg gladsak.
Dekker sosial naud
Mange av oss har sett ein eller fleire slike videoar frå amerikansk lokal-tv. Dei florerer i sosiale media: Saker om born som, til dømes, fletter armband eller sel eigenproduserte kjeks, med formål om å gjere gode gjerningar i lokalmiljøet, bidra til familieøkonomien eller spare til eiga utdanning.
Sakene er utelukkande positive, og blir ofte vist mot slutten av dei lokale nyhendene som ei gladsak inn mot kvelden.
Det er lett å bli rørt av desse oppriktig hardtarbeidande unge menneska, som gjer ein innsats for andre eller for eiga framtid, men tenkjer ein berre litt nøyare er det dystopisk. Born som ikkje får vere born, men i staden tek ansvar dei burde få sleppe å vere gamle nok til å aksle.
På Ryan Kirkpatrick sin skule, og tallause skular rundt om i Amerika, går born utan mat gjennom ein heil skuledag fordi foreldra ikkje kan betale ned det dei skuldar, trass i at det ikkje er mange kroner det er snakk om. Den gledesstrålande nyhendedekninga dekker over djup sosial naud.
Folkefinansiering
Dersom ein har nokon kontaktflate inn mot USA i sosiale medier har ein heller ikkje unngått å bli eksponert for lenker til såkalla folkefinansiering for menneske i vanskelege livssituasjonar. Nettsida gofundme.com, ei av dei mest brukte til formålet internasjonalt, rapporterer at deira plattform vert nytta til å samle inn over 100 millionar dollar til menneske med akutte økonomiske problem kvart år.
Det er lett å tenke at dette først og fremst er eit USA-problem. Eit land utan tryggingsnett, der ein kvar må klare seg på eiga hand, kan vi tenkje, lett nedlatande. Ikkje som det trygge og gode systemet vi sjølv får nyte godt av. Tenkjer vi det, konkluderer vi både for sjølvgodt og for fort.
Spleis, den foretrukne nettstaden for denne typen innsamling i Noreg, oppgjer at det på deira plattform er samla inn rundt 11 millioner kroner til menneske i økonomisk vanskelige situasjonar i Noreg.
Tryggingsnettet sprekk
Vi tenkjer som sagt gjerne på oss sjølve som innbyggjarar i eit land med eit solid tryggingsnett. Er du i økonomiske vansker, finst det system for å hjelpe.
Dersom dette er svaret frå offentleg hald på prisstigning og aukande fattigdom, er det alvorleg for det norske samfunnet
Joda, det systemet finst. I teorien. NAV står klar til å hjelpe, men frustrerande mange opplever at dette systemet ikkje fungerer. Lange handsamingstider, overarbeida tilsette, og eit komplisert system som er tungt å navigere, rigid og lite tilpasningsvillig, er tilbakemeldingar som går att.
Og kanskje fell du mellom fleire stolar. For eksempel kan det skje dersom du klarer, så vidt det er, å få mat på bordet i kvardagen, men ikkje har ei krone til overs for å skape jul for familien din. I skrivande stund er det nærmare tusen annonser på Finn frå fortvila foreldre som treng hjelp inn mot jul.
Mat til trengande
Dei siste månadene har Matsentralen fått mykje merksemd. Matsentralen har avdelingar rundt om i landet, der dei samlar inn overskuddsmat frå grossister og leverandører og fordeler maten vidare til hundrevis av organisasjoner som deler ut til enkeltmenneske. I takt med at prisane stig er det stadig fleire som nyttar seg av dette tilbodet for å få kvardagen til å henge i hop. Regjeringa har auka støtta til arbeidet som dei åtte Matsentralane gjer, men ikkje nok til å møte behovet som vert meldt inn.
No går Matsentralen ut og ber om fleire frivillige og om meir pengar. Det er bra. Vi har alle godt av å gjere ein frivillig innsats, og mange har råd til å gje litt av det dei har, til nokon som treng det meir. Inn i adventstida, der vi bruker mykje pengar på oss sjølv og våre nærmaste, er det spesielt verdifullt å tenkje på andre og dele av det vi har.
Tillitskrise
Men dersom dette er svaret frå offentleg hald på prisstigning og aukande fattigdom, er det alvorleg for det norske samfunnet. Dersom velferdsstaten abdiserer i møte med store prisstigningar og auka fattigdom, og overlet til det private initiativ å hjelpe, risikerer vi at den økonomiske krisa går over i ei tillitskrise, ja, beint fram ei eksistenskrise for den norske modellen.
Dei av oss som bur i dei store byane, har dei siste månadane blitt vant til å sjå køar utanfor døra hjå organisasjonane som deler ut mat til dei som treng det. Ein del av bybildet, men djupt opprørande.
Ingen ønsker at vi skal tilbake til ei tid der dei som mangla det dei trengte måtte stå med lua i handa framføre dei som har mest. Ingen ønsker eit samfunn der dei som har litt for lite skal leve på nåde frå dei med rikeleg. Men det arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen ikkje ser ut til å ta tilstrekkeleg på alvor, er at om vi ikkje ønskjer oss dit, kan vi ikkje bøte på akutte økonomiske vansker med matkøar og privat velgjerd. Då vil lua i handa vere einaste utveg.