Kommentar

Avtalen med SV viser Støres problem

Med SV i regjering ville Jonas Gahr Støre fått eit enklare liv, meir oppslutning og mindre støy. Det viser budsjettavtalen SV og regjeringa fekk på plass tysdag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ingen av dei som sa det, då dei presenterte den rykande ferske budsjettavtalen mellom SV og regjeringspartia Ap og Sp. Avtala viste kva dei tre partia vil få til saman, og alle sa dei at budsjettet var blitt endå betre. Men alle visste det: At viss SV hadde vore del av regjeringslaget, ville dei sannsynlegvis fått til ei liknande avtale – lenge før.

Det var denne tenkinga som låg bak då AUF-leiar Astrid Hoem sa til Vårt Land at ho trudde SV kom til å gå inn i regjeringa før neste stortingsval. Det sa ho i Vårt Lands politiske podkast, «Kammerset».

SV skin

SV veit det. Dei fekk på plass store sigrar i forhandlingane med regjeringa. Dei med mest minst pengar, som er ramma av dyrtid og eksplosive utgifter, får meir. Klimapolitikken vert skjerpa frå Ap og Sps framlegg. SV fekk på plass gratis SFO til og med 2. klasse på grunnskulen. Dei fekk stansa 26. konsesjonsrunde for oljeutvinning, heilt ut denne stortingsperioden. Det skal òg bli vanskelegare for milliardærar å flytte ut av landet. SV fekk òg auka bistandsbudsjettet.

Det er solide gjennomslag, sjølv om mange forventa at SV skulle flytte på større beløp enn litt under 7 milliardar.

I SV er logikken at dei får meir gjennomslag enn om dei hadde vore del av regjering. Det er ein omdiskutert strategisk analyse. Fordi gjennomføringa av avtalen skjer frå regjeringskontora, er det langt frå sikkert at det er sant. Kanskje ville SV fått alle desse gjennomslaga – og fleire til – dersom dei sat på innsida.

Viss Støre ønsker eit langt liv som statsminister, bør han ha ein plan for å sleppe fleire forhandlingsrundar med SV i Stortinget. Han bør få partiet inn i regjeringa si, slik Erna Solberg til slutt klarte å lokke inn både KrF og Venstre.

—  Emil André Erstad, kommentator

Likevel veit SV at deira kamp ville vore mindre synleg på innsida av regjering, og dermed ville den sannsynlegvis ha påverka oppslutninga til partiet negativt. No kan SV skine, medan det raudgrøne prosjektet går skadelidande ut. Regjeringa måtte dra seg gjennom den offentlege debatten med sitt forslag i nær to månader før budsjettavtalen var på plass.

Grått først

Senterpartiet veit òg at SV på innsida ville gjort ting lettare. Dei veit òg at SV må få gjennomslag – uavhengig om partiet sit i regjering med dei eller ikkje. I forhandlingane vart det peika på av fleire kjelder at både Sp og Ap forstod i større grad enn i fjor at dei trong SV for å skaffe fleirtal. Ikkje berre trong dei fleirtalet, men dei trong òg den finpussinga av budsjettet som forhandlingane med SV kunne tilby.

For det største regjeringspartiet er SV sine gjennomslag med på å forsterke retninga dei la opp til i utgangspunktet, då dei tidleg i oktober presenterte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

—  Emil André Erstad, kommentator

Geir Pollestad, Marit Arnstad og deira mannskap i partiet forstår nok at regjeringa står svakt og treng ei tydelegare retning. Ap/Sp-prosjektet får kritikk for å vere for grått, men med SV kjem det meir farge på det.

Lokke inn

Jonas Gahr Støre og Ap veit at SV i regjering ville gjort underverker for regjeringas popularitet. For det største regjeringspartiet er SV sine gjennomslag med på å forsterke retninga dei la opp til i utgangspunktet, då dei tidleg i oktober presenterte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Der var to saker dei viktigaste: Tryggleik for folk i ei vanskeleg tid og omfordeling mellom fattig og rik. Likevel måtte dei gå omvegen via forhandlingar i Stortinget, og stor offentleg kritikk for manglande sosiale satsingar, før dei fekk på plass det mange sosialdemokratar reknar som eit betre budsjett.

Eit anna element som vi kan merke oss ved, er at den økonomiske verkelegheita endra seg i rekordfart i haust. Slik gav budsjettforhandlingane regjeringa eit høve til å møte den økonomiske krisa med forsterka tiltak – ettersom krisa har forverra seg mykje berre sidan oktober. Det kan ha gjort SVs kjensle av gjennomslag større.

Viss Støre ønsker eit langt liv som statsminister, bør han ha ein plan for å sleppe fleire forhandlingsrundar med SV i Stortinget. Han bør få partiet inn i regjeringa si, slik Erna Solberg til slutt klarte å lokke inn både KrF og Venstre.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar