Kommentar

SV vil slite med å erstatte Lysbakken

Den som skal etterfølge Audun Lysbakken som partileiar, får store sko å fylle. Det er langt frå sjølvsagt kven det blir av dei tre mest tydelege kandidatane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var forventa og sjokkerande på same tid då Audun Lysbakken onsdag morgon sa at han ikkje kom til å ta attval som SV-leiar. Forventa fordi rykta om hans avgang hadde gått i lengre tid – i etterkant av at han hadde fått eit barn til og vore i pappaperm. Sjokkerande fordi Lysbakken av mange no var rekna som den beste partileiaren i norsk politikk, langt utanfor SVs rekker. Etter ein turbulent start som partileiar, hadde han endeleg skaffa partiet ei viktig og mektig rolle på Stortinget med gode moglegheiter for vekst.

No tenkte mange at Lysbakken omsider kunne hauste fruktene av sitt leiarskap i åra framover.

Vi kan skildre Audun Lysbakken som ein omgjengeleg, humørfylt og erfaren partileiar med mykje kunnskap og tyngde. Han er akkurat like hyggeleg på bakrommet som han er framfor kamera. Det er ekte vare, og teiknar eit bilete av ein politikar med stor integritet. For SVs del har det vore eit leiarskap som har skapt suksess dei siste åra – seinast då han i 2021-valet skaffa 7,6 prosent oppslutning og ei avgjerande maktrolle som forhandlingspartnar for Støre-regjeringa i Stortinget.

Det har gitt respekt.

Forståeleg exit

På spørsmål om det har blitt vanskelegare å vere toppolitikar i åra Lysbakken har vore SV-leiar, svara han at det «vil vere eit stort tap for demokratiet dersom folk med familie ikkje kan gjere den jobben». Men han meinte ikkje at det har blitt tøffare, og grunngav det med at det er færre debattprogram i media enn før. Likevel er jobben som partileiar altoppslukande fordi det krev helger, kveldar og mykje jobb utanom ordinær arbeidstid.

Det er derfor forståeleg at han legg inn årene no, sjølv om det skapar bekymring i SV, og om familiefolk kan vere toppolitikarar.

Det er tidleg å sette pengane sine på noko, ettersom ingen endå har lansert sine kandidatur. Men viss ein skulle gjort det, ville nok Kari Elisabeth Kaski vore det mest inntektsbringande namnet

—  Emil André Erstad, kommentator

Etter nyheita om ein partileiaravgang, kjem alltid spørsmålet: Kven tar over? Rolla som SV-leiar er attraktiv og mektig, og partiet har fleire kandidatar som kan fylle rolla godt. Ingen har per no sagt seg villige til å stille, men det kjem nok til å komme fleire kandidatur dei neste vekene.

Viss vi skal spekulere i dei mest opplagde kandidatane, er det nokre sikre ting vi kan sei om den neste SV-leiaren: Vedkommande sit på Stortinget, kjem frå Nord-Norge og har fleire års erfaring frå toppolitikken. Det er hovudsakleg snakk om tre kandidatar: Kari Elisabeth Kaski, Torgeir Knag Fylkesnes og Kirsti Bergstø.

Valkamp frå mammapermisjon

Kanskje kom ikkje nyheita om Lysbakkens avgang heilt på riktig tidspunkt for Kaski, som for tida er i mammapermisjon med nyfødd barn. Å drive kamp for partileiarvervet frå mammapermisjon, er ikkje optimalt, men fullt mogleg.

Mange vil skildre Kaski som den kandidaten som liknar mest på Audun Lysbakken og hans politiske prosjekt – både i stil og innhald. Som partisekretær var ho god til å breie ut partiet, skaffe fleire medlemer og gjere partiet aktuelt for fleire veljargrupper. Ho viste seg som ein solid organisasjonsbyggar, men òg ein kunnskapsrik politisk tenkar. Som stortingsrepresentant og partiets representant i finanskomiteen på Stortinget, har Kaski vist seg som ein dyktig, overlegen debattant og pragmatisk forhandlar.

Eit apropos som kan spele ei viktig rolle i ein leiardebatt er at det først byrja å gå verkeleg bra for Lysbakkens SV då Kaski tok over som partisekretær i 2015.

Ein av dei ho sannsynlegvis vil konkurrere mot, viss begge lanserer sine kandidatur, er Torgeir Knag Fylkesnes. I 2019 vart han vald til nestleiar i kampvotering mot Kaski på landsmøtet, med 9 stemmers margin. Han vert skildra meir som ein cowboy med ei litt meir kompromisslaus haldning til partiets program, og har også fått ein mektig posisjon som partiets sjefsforhandlar på Stortinget. I partiet vert han skildra som ein mann for distrikta, som er flink til å profilere partiets næringspolitikk på ein til tider overtydeleg måte.

Nestleiarminuset

Den siste moglege kandidaten – dersom det ikkje dukkar opp ein outsider – er den andre nestleiaren i partiet, Kirsti Bergstø, som i si tid var Lysbakkens statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet. Ho er ein mindre synleg aktør i SVs leiing, men godt likt og tydeleg på SVs kjernesaker gjennom mange år. Ho har òg leia partiet i den tida Lysbakken har vore i permisjon, men er kanskje den av dei tre kandidatane som er minst sannsynleg som arvtakar. Mest fordi Kaski og Fylkesnes er større profilar.

Mange i SV kan tenke seg at Fylkesnes fungerer godt som ein terrier og cowboy i partiets leiing, men det er ikkje sikkert at dei vil ha ein slik profil som partiets leiar

—  Emil André Erstad, kommentator

Sjølv om Fylkesnes slo Kaski i nestleiarvalet i 2019, er det langt frå sikkert at han vil slå henne i ein eventuell leiarkamp. Det er stor forskjell på å velje ein nestleiar og ein partileiar. Ein god nestleiar kan vere diskvalifisert til å vere partileiar – som vi har sett i liknande prosessar hos andre parti. Mange i SV kan tenke seg at Fylkesnes fungerer godt som ein terrier og cowboy i partiets leiing, men det er ikkje sikkert at dei vil ha ein slik profil som partiets leiar.

Interne konfliktlinjer

For partiet er eit leiarval dårleg nytt. Endeleg hadde SV funne forma i si opposisjonsrolle. Ein leiarkamp kan endre på korleis partiet profilerer seg, og kan nøre opp i interne konfliktlinjer som har ligge stilt under Lysbakken. Alt etter kven som blir vald, kan SV-profilen endre seg.

Det er tidleg å sette pengane sine på nokon, ettersom ingen endå har lansert sine kandidatur. Men viss ein skulle gjort det, ville nok Kari Elisabeth Kaski vore det mest inntektsbringande namnet.

Uansett kven det blir, vil det bli vanskeleg for den nye profilen å fylle Lysbakkens store sko.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar