Kommentar

Knapt Kongresstap og to tunge år for Biden

Republikanarane tek over fleirtalet i Representanthuset. Det er dårlig nytt for president Joe Biden, men det kunne også gått langt verre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det gjekk om lag som forventa i mellomvalet. Det republikanske partiet overtek fleirtalet i Representanthuset, om enn med knapp margin. Sjølv om det i skrivande stund er uklart korleis resultatet blir i Senatet, er ein ting sikkert: Det vart nettopp svært mykje vanskelegare å vere Joe Biden.

Tilbake til normalen

Sigeren var ikkje berre forventa ut frå målingane, men også frå fleire tiår med erfaring: I mellomval vil partiet til den sitjande presidenten tape terreng i Kongressen. Mellomvala er slik sett eit barometer på populariteten til presidenten og hans parti.

Etter nokre år med ekstraordinære tilstandar er resultatet av dette mellomvalet ein slags retur til vanleg forretningsorden i amerikansk politikk, sjølv om marginane vart tettare enn mange såg føre seg i forkant.

Når det kjem til stykket, er det ingenting som motiverer veljarar slik økonomispørsmål gjer det

It’s the economy, stupid

Uttrykket, som for lengst er blitt ein klisjé i amerikansk politikk, kjem frå Bill Clinton-rådgjevaren James Carville i 1992. Opphaveleg var formuleringa meint for å summere ei av kjernesakene til den unge presidentkandidaten, men den har fått tilsynelatande evig liv som ei enkel forklaring på veljarmotivasjon: Det handlar om økonomien.

Når det kjem til stykket, er det nemleg ingenting som motiverer veljarar slik økonomispørsmål gjer det. Pris på drivstoff og daglegvarer, inflasjon og rente er heilt avgjerande når Arne Amerikaner går til valurnene. Inflasjonen er svært høg, og amerikanarane kjenner det på lommeboka. For over ein tredel av veljarane i CNN si første valdagsmåling tysdag kveld oppgav at inflasjonen var den avgjerande saka då dei avla si røyst.

Joe Biden har fått gjennom investeringspakkar som er meint å redusere inflasjonen, men det ser førebels ut til å ha lite effekt på økonomien. Biden må slite med det same som regjeringsleiarar verda over: Ein «straff» frå veljarane for å stå ansvarleg for ein økonomisk situasjon han berre i liten grad rår over.

Vinn trass seg sjølv

Kvelden kunne likevel vore enno betre for republikanarane. I fleire av senatsvalga som akkurat vippa rett veg, burde tala kunne bli langt større, og republikanarane tapte også val som dei burde hatt føresetnad for å vinne.

Noko av dette handlar om kandidatkvalitet. At Herschel Walker i Georgia og Mehmet Oz i Pennsylvania vart partiet sine senatskandidatar i sine delstatar, kan tolkast som eit uttrykk for noko av den same kjendiskulturen som også avfødde Donald Trump sitt presidentkandidatur. Dei var både, på kvar sitt vis, svake kandidatar, og ligg no an til å tape.

Enkelte andre kandidatar på lågare nivå er så langt inne i konspirasjonsteoriane om QAnon, om presidentvalet i 2020 og om Nancy Pelosi og andre sentrale demokratar at det kan vere vanskeleg å seie om dei er fullt ut tilreknelege. Sjølv om visse deler av det republikanske veljargrunnlaget også kan dele slike standpunkt, er det langt frå fleirtalet, og låg kandidatkvalitet kan ha bidrege til at resultatet ikkje vart enno betre for det republikanske partiet.

Eit anna element som kan ha spelt inn og gjort tapet mindre for demokratane, er kampen for abortrettar etter Høgsterettsdommen i sommar som fjerna den nasjonale retten til sjølvvald abort i USA og gjorde det opp til delstatane. Denne dommen, og etterspelet av den, har mobilisert mange. I dei første valdagsmålingane oppgav over 25 prosent av dei spurte at abort var den viktigaste saka for deira stemmegjeving.

Mykje tyder på at dei neste åra no vil bli prega av stillstand i Washington DC

Granskar Biden med lupe

Mykje tyder på at dei neste åra no vil bli prega av stillstand i Washington DC. Revansjesvoltne republikanarar vil blokkere det meste av politikk som president Joe Biden prøver å fremje, og vil fylle tida med høyringar og granskingar. Uttrekkinga av det militære nærværet frå Afghanistan, forretningsverksemda til presidentens son Hunter Biden og oppteljinga av 2020-valet er mellom sakene som den nye Kongressen kan tenkast å sjå nærmare på.

Det er ikkje i seg sjølv oppsiktsvekkande. Det som gjer det heile ein mørkare undertone, er at mange av dei som vil kunne stå for denne granskinga er representantar som ikkje trur at 2020-valet var legitimt, og at Joe Biden ikkje er den lovleg valde presidenten.

Tiltakande polarisering

Amerikansk politikk, som alltid har vore skarp i kantane, står fram i aukande grad som lagsport. I målingar seier store andelar av både parti sine veljarar at det andre partiet er ein overhengande fare for demokratiet.

Dette er ein trend i den amerikanske polariseringa som har gått føre seg over mange år. Utviklinga har gått frå meir eller mindre godt fungerande tverrpolitisk samarbeid til at mange ser på det andre partiet som vonde eller dumme eller både deler.

Det gjer dei kommande åra ekstra vanskelege i eit Washington der ingen av partia har makt nok til å kunne innkassere blanke sigrar. Og Joe Biden får to tunge år inn mot valet i 2024.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar