Akkurat no held stortingspolitikarane til SV på med sluttføringa av sitt alternative budsjett, før dei skal leggje fram sitt utgangspunkt for forhandlingane med regjeringa på fredag denne veka. Der står dei i ei knipe: Skal dei ta kampen om bistandspengane regjeringa har kutta?
Her ligg det kime til mange konfliktar mellom støttepartiet i Stortinget og regjeringspartia i dei kommande forhandlingane.
Éin-prosenten
Den første konflikten står om det i det heile tatt kan verte kalla eit kutt, når bistandsbudsjettet er på rekordstore 43,8 milliardar kroner i regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2023. Det er ein vekst på minst 2,5 milliardar. For å nå prosentmålet ville regjeringa måtte auke bistandsbudsjettet opp mot 16 milliardar meir.
Likevel er veksten ikkje stor nok til å halde følgje med resten av statsbudsjettet. Norge fell dermed under den viktige éin-prosentgrensa for bistand. Den er ikkje berre symbolsk, men òg eit avgjerande pressmiddel mot andre land.
Likevel er det sannsynleg at oppkjøpet av Meraker Brug får større innverknad på norsk økonomi, enn 16 ekstra milliardar til verdas fattige over bistandsbudsjettet ville fått
— Emil André Erstad, kommentator
Då Sverigedemokraterna nyleg fekk gjennomslag for å skrote den svenske bistandsprosenten, sa den nyslåtte statsministeren i Sverige, Ulf Kristersson, at Sverige framleis er blant landa som gir mest. Ja, det er rett, men dei gir òg mindre enn før.
Er éin-prosenten så viktig? Det spørsmålet kjem SV og regjeringspartia til å kjempe om. Ein kan uansett vere samde om at det vert vanskeleg å få den inn att dersom den først er ute. Det kan få enorme konsekvensar for norsk bistand i åra framover.
Pengane trengst
I bistandsmiljøa er det ei utbreidd oppfatning at Finansdepartementet – som vert styrt av Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum – tviheld på to mytar om bistandsbudsjettet. Desse har SV-leiar Audun Lysbakken prøvd å avlive fleire gonger.
Det første handlar om det som Finansdepartementet kallar absorberingsevne. Det er lettare forklart ideen om at Utanriksdepartementet, Norad og det internasjonale humanitære systemet ikkje har kapasitet til å handtere ei så stor auke som prosentmålet ville kravd – kring 16 milliardar kroner.
Det er sannsynlegvis ingen post på statsbudsjettet som leverer meir velferd per krone til vanlege folk, enn den delen som går over bistandsbudsjettet. Forskjellen er berre at dei vanlege folka bur i Uganda, Etiopia og Sør-Sudan, ikkje i Uvdal, Egersund og Sørsalten
— Emil André Erstad, kommentator
At det openbert er ei myte, tyder alle rapportane om matmangel og svolt i mange fattige land på. I Sør-Sudan må Verdens matvareprogram kutte hjelpa, slik at folk må ete ugras og urter for å overleve. Det finst ikkje mat.
Organisasjonen som deler ut mat over heile verda manglar allereie fleire hundre milliardar kroner, og må no kutte matrasjonane i fleire flyktningleirar. 16 milliardar ekstra i bistand frå Norge ville fint kunne bli brukt her, om det er det som er problemet.
Ingen inflasjon
Den andre myten handlar om Finansdepartements frykt for at høgare bistand vil forsterke inflasjonen i Norge. I politiske kretsar snakkar ein ofte om å finansiere ekstraordinære kostnadar med pengar «under streken», som betyr at pengane ikkje vert brukt av det ordinære statsbudsjettet for å ikkje skape press i norsk økonomi.
Til dømes vart det nylege oppkjøpet av skogbrukseigedommen Meraker Brug i Trøndelag finansiert på denne måten – ved at staten nyttar pengar frå Oljefondet som ikkje får konsekvensar for norsk økonomi.
[ Liv Signe Navarsete: – Eg var sikker på at eg kom til å få ei orsaking ]
Likevel er det sannsynleg at oppkjøpet av Meraker Brug får større innverknad på norsk økonomi, enn 16 ekstra milliardar til verdas fattige over bistandsbudsjettet ville fått. Store delar av bistandspengane er knapt innom norske lommer før dei går ut i verda, og bidreg dermed ikkje til tilsvarande press i økonomien.
Avliva myte
Så finst jo alltids dei gamle mytane med spørsmål som: Fører bistand eigentleg til økonomisk vekst for dei fattigaste?
Der er det no så liten tvil i forskingslitteraturen, at SV og regjeringspartia neppe er usamde. Det er ettertrykkjeleg bevis for at bistand fører til at fattige land veks raskare økonomisk, enn dei ville gjort utan bistand. Det er ein effekt som fordeler seg utover dei sosiale gruppene i fattigaste landa.
[ Minneord etter Rosemarie Köhn: «En særegen biskop går ut av tiden» ]
Blant dei største mottakarlanda av norsk bistand i Afrika, peikar resultata oppover på alle dei viktige indikatorane: Levealderen, utdanningsnivået og helsetilstanden vert alle betra. Om det skjer som følgje av norsk bistand, er meir uklart, men det er mogleg å argumentere for ein samanheng der internasjonal utviklingspolitikk har effekt.
Spenning
Det er sannsynlegvis ingen post på statsbudsjettet som leverer meir velferd per krone til vanlege folk, enn den delen som går over bistandsbudsjettet. Forskjellen er berre at dei vanlege folka bur i Uganda, Etiopia og Sør-Sudan, ikkje i Uvdal, Egersund og Sørsalten.
Det blir spennande å sjå kor langt SV får regjeringspartia til å strekke seg på bistandsfeltet, men det er ingen grunn til å vere ukueleg optimist på vegner av dei aller fattigaste i årets budsjettforhandlingar.