Kommentar

Stjernehimmelen over oss

LAURDAGSKOMMENTAREN: Kva rettar du blikket mot i livskriser? NRK-serien «Etterglød» gir utkast til høgst forskjellige svar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis ville du leve livet ditt dersom du visste at du berre hadde seks månader igjen å leve? Eg trur svaret kan vere ulikt frå menneske til menneske. Somme ville nok leve mest mogleg som «normalt». Andre ville kanskje prøve å realisere ein draum, eller fullføre nokre fleire punkt på «the bucket list» – ting ein «må» gjere før ein døyr.

Livet er det største vi har, og samtidig det aller lettaste å ta for gitt. Dei fleste av oss veit nok, om vi tenker etter, at vi ein dag skal kremerast eller leggast i jord. Memento mori, sa dei i antikken: Hugs at du skal døy! Det gjer vi jo, men samtidig: Døden er forbløffande lett å gløyme.

Frykta for døden

Det er ikkje berre ein dum ting. Tvert om er gløymsla for mange ein god overlevingsstrategi. Å telje sine dagar er betre enn å telje ned sine dagar. Kvar dag har nok med sine eigne gleder og plager, om vi ikkje skulle ta døden på kreditt i tillegg.

I nokre periodar av livet rykker likevel døden nærmare. På eit eller anna tidspunkt går dei fleste av oss gjennom ei livskrise. Det finst få som er ukjente med sorg over nære og kjære som er gått bort. Somme tider kan sorga ramme så hardt at vi bli kasta inn i mørket. Andre gonger er det frykta som driv oss inn i det.

Frykta for døden kan vere tung å bere.

Å telje sine dagar er betre enn å telje ned sine dagar. Kvar dag har nok med sine eigne gleder og plager, om vi ikkje skulle ta døden på kreditt i tillegg

—  Alf Kjetil Walgermo

Særleg for yngre generasjonar nordmenn kan møtet med alvorleg sjukdom og potensiell død vere brutalt. Vi vaks opp i ein del av verda der ting stadig utvikla seg til det betre. Inntil no. Men ikkje eingong den aukande trugselen om atomkrig rett utanfor stovedøra vår, får oss til å hugse på døden i særleg grad. Memento mori er blitt eit motto for gamle dagar. Om vi likevel skulle få nokre bange aningar, kan vi bestille full sørvis på nærmaste private helseforetak.

Den plutselege kreften

Den seinaste veka har eg sett på TV-serien Etterglød, som ligg tilgjengeleg i NRKs app. (Dei tre siste episodane av serien, som er på sju episodar i alt, blir sendt lineært på NRK1 søndag kveld.) Etterglød følgjer den 40 år gamle kvinna Ester Sand (Nina Ellen Ødegård), som plutseleg får vite at ho har kreft i livmorhalsen. Dette utløyser i sin tur ei rad med ulike hendingar i familien og blant dei nærmaste venene.

Ester sjølv er den livsglade som prøver å halde humøret oppe hos dei ho har rundt seg. Ho insisterer på bursdagsfest der alle skal danse, sjølv om ho nettopp har fått kreftdiagnosen på telefon.

Mannen hennar, Arild (Thorbjørn Harr), blir slått i bakken av frykt. Som astrofysikar er han ekspert på stjernehimmelen over oss, men i møte med konas kreftsjukdom er det som om han brått oppdagar kor små vi menneska er, og kor lite kontroll vi har med dei kosmiske kreftene som verkar inn på livet vårt.

Frykta for døden kan vere tung å bere.

—  Alf Kjetil Walgermo

Ester og Arild har nære vener som har sine eigne utfordringar, ikkje minst knytt til forhold og relasjonar. Eg skal ikkje røpe for mykje, men det er av ulike grunnar vanskeleg for dei fleste av Esters vener å leve i stabile og trygge parforhold. På dette punktet bikkar serien etter kvart over i det overdramatiserte. Ikkje minst gjeld dette karakteren Finn Løken (Hermann Sabado), Esters besteven, som endåtil får kalde føter og lagar skandale på sin eigen bryllaupsfest.

Meir truverdig er Esters nære venninne Charlotte (Sara Khorami), som i møte med Esters kreftsjukdom ser sitt eige keisame A4-liv i relieff og tek nokre, for familien, uheldige val.

Vender seg til Gud

Serien lukkast godt med å vise fram dei ulike måtane vi menneske kan reagere på når realiteten ved døden rykker eit hakk nærmare. Han inkluderer også trusperspektivet. Ein av personane Ester møter under opphaldet på sjukehuset, er nemleg presten (spelt av Espen Reboli Bjerke). Ulikt mange andre filmar og TV-seriar blir ikkje presten i Etterglød framstilt som ein tvilsam eller mørkemannsaktig type, men tvert imot som ein open og fin samtalepartnar for menneske i krise. «Eg snakkar om alt», seier presten. «Og dersom nokon vil snakke om Gud, så gjer eg det også».

Ester er ikkje så interessert i Gud. Det er derimot tenåringsdottera hennar, Maya (Elena Pokotylyuk), som får eit godt inntrykk av sjukehuspresten og bestemmer seg for å lese i Bibelen. Mens Ester gjennomgår ei langvarig og tøff strålebehandling, vender Maya seg mot Gud for støtte og håp. Perspektivet blir ikkje overspelt, men ligg der som eitt element blant fleire i dei siste episodane av serien.

Lyset har overvunne mørket

Det er positivt at det kristne håpet på denne måten blir løfta fram og synleggjort i ein stor dramaproduksjon på NRK. Ikkje minst fordi dette håpet er ei reell støtte for mange mennesket i samfunnet vårt. Vi veit at kyrkja og den kristne trua betyr mykje for mange i møte med døden. Kyrkja har ikkje lenger monopol på livet etter døden, men det kristne håpet er like gyldig for menneska i dag som det var for to tusen år sidan. Den gongen Jesus sa til røvaren på krossen ved sida av seg: «I dag skal du vera med meg i paradis».

Somme tider kan alt synast mørkt. Døden grip oss stundom i anklane. Eg har opplevd det sjølv. Kjensla av tap kan vere altomfattande. Nettopp då strålar den kristne bodskapen sterkast mot oss: Mørket er ikkje alt. Lyset har overvunne det.

Døden grip oss stundom i anklane

—  Alf Kjetil Walgermo

Dette er sjølve kjerneforteljinga i Bibelen. Jesus er verdas lys. Dimensjonane er enorme. Ein måte å ane noko av det på, er å gå ut i skogen ein stjerneklar kveld og sjå mot himmelen. Stjernene er så langt borte frå oss at vi knapt kan fatte det. Dei lyser heile tida, men vi gløymer dei ofte. Vi ser dei best når det er mørkt.

I stjernehimmelen over oss er gudshåpet teikna inn. Det er i mørket, om vi rettar blikket oppover, vi kan sjå aller lengst.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar