Kommentar

Torhild Bransdal, ein raus og uredd politikar

MINNEORD: Den utradisjonelle politikaren med det bankande hjartet. KrF-nestoren sette djupe spor i norsk politikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Lenge såg det ut til at ikkje eingong den alvorlege kreftdiagnosen kunne stanse Torhild Bransdals utrøyttelege engasjement for eit betre samfunn. I korte oppdateringar på sosiale medier om sjukdomskvardagen denne sommaren, delte Bransdal små glimt med politisk bodskap.

«For en velferdsstat vi har», skreiv ho og varsla at ho ikkje hadde gitt opp kampen for å leve, medan kreften spreidde seg i kroppen.

Ekte og ujålete

Engasjementet hennar var ekte og ujålete. Bransdal gav 34 år av livet sitt for politikken og engasjementet for Kristeleg Folkeparti.

Då terrorangrepet råka Oslo i juni, skreiv den tidlegare kristendemokratiske stortingsrepresentanten at alle burde heise regnbogeflagget. «Vi bør gjøre det for å si et rungende nei til fordommer», oppmoda Bransdal.

For var det eit menneske som mangla fordommar, så var det Torhild Bransdal.

Fordomsfri

Gjennom alle åra i politikken kjempa ho for utsette, sårbare og stemmelause på ein måte som aldri førte til at nokon kjende seg ekskludert eller fordømt.

Hennar utradisjonelle framtoning gav henne høg oppslutning og gjorde henne til den folkekjære ordføraren ho var for Vennesla gjennom 18 år.

Sjølv då kreften ramma, heldt Torhild Bransdal fram i vervet som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti. Ho engasjerte seg i stort og smått frå rolla på Stortinget. Ingen var for høg eller låg for hennar politiske kamp. Ho var aldri skuggeredd for autoritetar som ynskte å overtyde henne.

Visjonær og konkret

Bransdal var ein unik politikartype som klarte å tenke visjonært – men samstundes heilt konkret.

Etter at stortingsperioden var over i fjor haust, ytra den erfarne politikaren at ho framleis ville påverke partiet. «For folk er lei av at KrF skal bruke pekefingeren hvordan du skal innrette livet ditt», og sa at KrF burde akseptere dagens abortlov. Om debatten som ville kome, svara Bransdal i kjend stil: «Jeg mener vi må ha debatten og jeg håper at jeg vinner debatten da.»

Ofte var den erfarne og eldre politikaren både meir visjonær og radikal enn dei yngre partifellene.

Ingen var for høg eller låg for hennar politiske kamp

—  Emil André Erstad

Alvor og moro

Å kome inn i eit rom der Torhild Bransdal sat, var som å kome inn i ei trygg, god og varm stove med rungande latter, skjemt og moro. Politikk kunne vere alvorleg samstundes som ein hadde det gøy, såg ho ut til å meine.

Sjølv i tøffe stunder med vanskelege saker, kunne Bransdal fyre av ein salve som vekka latteren rundt bordet.

Mange menneske i Norge kan takke KrF-nestoren frå Sørlandet for saker ho tok tak i. Den takksemda er det nok fint å kjenne på for mange av dei som stod henne nær, no som livet omsider ebba ut.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar