Kommentar

Gje folk lange feriar

Det er på tide å sjå den utskjelte lediggangen i eit nytt lys. Litt meir lediggang er godt for både tankane, kroppen, jorda og dei rundt deg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I sommar tok eg ferja over til Danmark og køyrde av garde i ein rusta Toyota Hiace med heimesnikra seng, nyinnkjøpt portapottidass og surfebrett i lasterommet. Målet var strendene i den franske regionen Bretagne.

David Sviland

Vekene før eg reiste, gjorde tanken på å køyre nedover kontinentet heilt åleine meg heilt euforisk. På veg over den tyske grensa kom nervane for einsemda snikande. Det var då eg kom på at eg kanskje hadde ei kjenning i Hamburg-området, Johan som budde i kollektivet mitt i Oslo for nokre år sidan. Det viste seg at Johan var på eplegarden til foreldra, halvannan time vest for Hamburg og at eg var hjarteleg velkommen.

Herre over eiga tid

I kvar vår hagestol oppdaterte vi kvarandre på liva våre. Johan fortalde at han lengta etter eit enklare liv. Han ønskte å eige minst mogleg. No hadde han selt motorsykkelen som berre gav hovudbry og uventa rekningar, og kjøpt seg ein sykkel. Det glitra i auga då han fortalde om alle stadene han kunne sykle til. Neste veke byrja ferien for Johan og sykkelturen gjekk til Polen.

GODT GJENSYN: Saman med min tidlegare kollektivbebuar, Johan (t.v).

Johan fortalde òg at han har seriøse planar om å ordne seg fleire fridagar i livet. Han sparar ein vesentleg del av løna kvar månad. Til hausten skal han spørje sjefen om å gå ned til 80 prosent stilling. På sikt håpar han at han kan leve på renter frå oppsparte midlar og ei relativt beskjeden arv.

Johan har slutta å bry seg om høgare steg i karrierestigen. Han vil heller klatre ned.

—  David Sviland

Kva vil du ta deg til med då? Spurde eg. Det visste han ikkje. Det viktigaste var å vere herre over si eiga tid. No jobbar Johan i eit oppstartsfirma som leverer grøne energiløysingar. Miljøet er prega av unge kollegaer og optimisme. «Neste månad er vi der!», «Dette er ei unik moglegheit for deg» og liknande frasar pregar språket på arbeidsplassen. Men Johan har slutta å bry seg om høgare steg i karrierestigen. Han vil heller klatre ned.

Strålte av ferielykke

Neste dag forlét eg Johan og køyrde ut av den drenerte tyske myra og inn på dikebeskytta vegar i Nederland. Det var laurdag 30. juli. Sjølve startskotet for ferien til tyskarane, nederlendarane, belgiarane og franskmennene. Eg var heldig og fekk den aller siste ledige plassen på den største campingplassen eg nokon gong har sett.

Naboane mine, ein tysk småbarnsfamilie, tok meg varmt i mot og strålte av ferielykke. Straks begynte laurdagens Abba-konsert, fortalde dei, og feriedagane låg langstrekte føre dei. Eg varma meg eit måltid på primus og gjekk for å få med meg siste del av konserten. Det var som å vere på Øyafestivalen og Allsang på Grensen på ein gong. Mødrer, fedrar, besteforeldre og alle i mellom, svinga seg til dei fengande rytmane og song med. Den noko meir sidrumpa camping-kulturen i Norge har mykje å lære her.

«Forbruket må ned»

Eit par dagar seinare var eg framme på stranda La Torche i Bretagne. Men alle campingplassane i nærleiken var fullbooka dei to neste vekene. Like ved stranda fanst det ein parkeringsplass med bubilar som stod tett i tett. «Max 24 timar camping» stod det på eit skilt, så eg rygga meg inn på ein smal flekk mellom to bilar.

Det viste seg at folk budde her i vekevis, og det var lett å bli kjent med folk. Eg fekk meg ein tysk vennegjeng som likte det same som meg: surfe morgon og kveld og snakke laust om meininga med livet over ein øl på kvelden. Ein av tyskarane heite Sebastian. Han jobba med fornybar energi og snakka oppglødd om store vindkraft- og solcelleprosjekt. Eg spurde om han har trua på at desse prosjekta og betre teknologiske løysingar skal ta oss ut av klimakrisa. «Nei», sa han med det same. «Det er ikkje nok. Forbruket må ned». Michael var derimot av den meir optimistiske typen, og la til at ferierande campingfolk har vore med på å utvikle smarte løysingar som sparar energi. Ved å legge ein pose med vatn i sola om dagen, får dei seg ein varm dusj på kvelden. Dette hadde inspirert til permanente varmtvannsløysingar som no blei brukt på husa til folk, kunne han fortelle.

Eg trefte også ein familie på tre: Robert, Natasha og deira eitt år gamle son. Dei var på ein tre månadar lang ferie i ein varebil omgjort til bubil. Dei brukte foreldrepermisjonen til dette. Robert hadde dessutan akkurat sagt opp jobben sin i IT-bransjen. No fantaserte han om alternative måtar å leve livet sitt på. Kanskje han skulle jobbe med det han elska aller mest, fotball? Eller fanst det ei moglegheit for at han kunne jobbe så lite som mogleg og bruke meir tid med sonen sin? Robert sa at han hadde det greitt i den gamle jobben sin, men no ønskte han å ordne seg slik at han kunne gjere meir av det han har lyst til.

Produktivt slaraffenliv

Den slitne Toyotaen tok meg trygt tilbake til Norge og arbeidspulten min kor eg no kan mimre om møta med ferierande europearar som nyt det enkle campinglivet i djupe drag, og nyttar pusterommet til å tenkje over kva ein eigentleg vil med livet sitt.

Eg tykkjer vi skal gje folk litt mindre pengar og skikkeleg lange feriar.

—  David Sviland

Der eg kjem frå, står arbeidet høgt i kurs, medan lediggang blir vurdert til å vere rota til mykje vondt. Men eg trur det er på tide å sjå den utskjelte lediggangen i eit nytt lys. Litt meir lediggang kan vere godt for både tankane, kroppen, jorda og dei rundt deg. Ein ekstra dag i veka til dømes. Det er jo berre å gå ned til ein 80 prosent-stilling. Mange vegrar seg nok for å spørje sjefen om det. Du risikerer å bli satsa mindre på og gå glipp av «dei unike karrieremoglegheitene». Men eg trur det kan vere verdt det.

Jorda har i alle fall godt av at vi får litt mindre pengar å bruke på flyturar til storbyar i helgene. Eg tykkjer vi skal gje folk litt mindre pengar og skikkeleg lange feriar. Slik at ein får moglegheit til å ta toget til Kina og tilbake igjen om det er det ein vil. Eller to månadar slaraffenliv i sin eigen heim. Min hypotese er at det kjem noko produktivt eller i det minste hyggeleg ut av det. Litt fleire invitasjonar til hageselskap. Tid til å endeleg begynne å sy dine eigne klede. Lære deg å ha ein samtale på italiensk. Bli skikkeleg god på sjølvberging. Eller skrive diktet som i ein augeblink gjer det klart for deg kva livet handlar om.

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar