Kommentar

SV vann igjen – men verdas fattige tapte

Meir, men ikkje nok til verdas fattige. Auka støtte til nordmenn med dårleg råd og brems av klimagassutslepp, er tydelege SV-sigrar. Likevel er sjølve forhandlingane SVs største siger.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tysdag morgon vart dei einige – SV, Ap og Sp – som har sitte innelåst i Statsrådssalen på Stortinget dei siste vekene, for å forhandle om revidert nasjonalbudsjett.

Dermed kan det raudgrøne fleirtalet på Stortinget banke gjennom endringane som har skjedd sidan regjeringa la fram statsbudsjettet i oktober i fjor. Og SV kan smykke seg med tittelen som Stortingets viktigaste parti.

Aps manglande sjølvforståing

For Senterpartiet og Arbeidarpartiet har det nok sitte langt inne å komme til denne erkjenninga. Likevel er det liten tvil om at SV er det einaste av dei tre partia som akkurat no opplever medvind på meiningsmålingane. Dei siste vekene har partiet fleire gonger snusa på 10 prosent, medan Ap har sett 19-talet og Sps fall er langt meir dramatisk ned mot 6 prosent.

Sidan valet i fjor har Jonas Gahr Støre fleire gonger snakka om at Ap må endre sjølvforståinga: Partiet som i tiår har vore ørnen i norsk politikk, kan ikkje lenger tenke at normalen er oppslutning på 40 prosent. Kanskje må partiet tenke at det reelle nivået for eit sosialdemokratisk parti i vår tid ligg nærare 25 prosent.

Det er ikkje utenkeleg at Audun Lysbakkens mannskap held fram med å stige på målingane framover, medan forhandlingane ikkje gir like stor grunn til optimisme for Støre og Vedum.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er sympatisk at Støre forstår denne endringa. Han er kjend som ein dyktig politisk analytikar. Problemet er at sjølvforståinga blant Ap-forhandlarane på Stortinget og i resten av partiet, er annleis. Der reknar dei seg framleis som ørnen i norsk politikk, noko som har gjort forhandlingane med SV vanskelegare.

Nærare Sp enn SV

Dessutan er det fleire som har observert at Ap verkar langt meir sensitive for Sp enn SV. Tidlegare har det vore omvendt, der det i store delar av Ap har vore eit tettare forhold til samarbeidspartnaren på venstre flanke. Saka der folk i Søgne og Songdalen skal få stemme over å vere del av storkommunen Kristiansand – stikk i strid med standpunktet til lokale Ap-folk – er eit slikt eksempel.

Dei langtekkelege forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett har derfor skapt inntrykk av tre parti som i liten grad forstår kvarandre. Verst er dette for Ap, som er det partiet som skal fungere som lim mellom SV og Sp. Derfor er det alvorleg for Ap at mange oppfattar at partiet ikkje lenger forstår eller lyttar godt nok til SV.

Når resultatet no er klart, er det tydeleg at SV har fått klare sigrar i forhandlingane.

Pussar på Norges omdøme

For verda og Norges omdøme internasjonalt, er det viktig at SV har fått auka bistandsbudsjettet med 2,5 milliardar. Det er kring to tredjedelar av kuttet Støre-regjeringa la opp til i sitt forslag. Kuttet skapte reaksjonar langt utanfor Stortinget og det norske miljøet for bistands- og utviklingspolitikk.

Store FN-organisasjonar har uttalt at kuttet vil ha ei negativ signaleffekt globalt, i ei tid der fattigdoms- og menneskerettsutfordringane er større enn på lenge. Krigen i Ukraina skapar ikkje berre millionar av ukrainske flyktningar, men òg fleire sveltande magar i Afrika.

Kutta skjer i ein situasjon der ein del fattige land no er i ferd med å falle under den grovaste fattigdomsgrensa. Slik sett er det ei skam at dette budsjettet ikkje aukar bistandsprosenten.

—  Emil André Erstad, kommentar

Frå SV-hald vert det peika på at partiet føreslo kutt på andre område som ville gitt pengar til å reversere heile bistandskuttet, men at dette vart avvist av Ap og Sp. Bistandspengane har vore eit av dei viktigaste tema mot slutten av forhandlingane, der Ap og Sp lenge ikkje ville gi SV tilstrekkeleg gjennomslag.

Ein kan hevde at 1.5 milliardar i bistandskutt – som SV ikkje fekk reversert – framleis vil skade Norges omdøme internasjonalt. Ein kan mette mange fattige magar i Afrika for den summen. Det er likevel Ap og Sp som har prioritert slik, og kjempa mot ei større reversering. Det skjer i ein situasjon der ein del fattige land no er i ferd med å falle under den grovaste fattigdomsgrensa. Slik sett er det ei skam at dette budsjettet ikkje aukar bistandsprosenten.

SV-profil på gjennomslaget

SV har i tillegg har fått store gjennomslag for å redusere klimagassutsleppa. Desse gjennomslaga inkluderer å mellombels stanse oljeboring i eller nær Iskanten, å bygge mindre motorveg, å gje meir pengar til kollektivtrafikk og å auke støtta til skogvern.

Attpåtil har SV fått på plass ei kraftig auke av sosialhjelpssatsane frå 1. juli, og meir pengar til at alle skal ha ein trygg stad å bu – gjennom auka bustøtte.

Desse sakene skapar ein profil på SVs budsjettgjennomslag som passar som hand i hanske til den rolla SV ønsker å ha i norsk politikk. Dermed er det tydeleg at det for SVs del er mykje å tene på å stå utanfor regjeringa. I regjering ville kanskje partiet blitt tvungen til å gå med på eit større bistandskutt som dei måtte presentere for Stortinget saman med Ap og Sp, utan å kunne ytre seg kritisk.

Optimisme for Lysbakken

For Jonas Gahr Støre er det likevel grunn til hovudbry. For hans del ville det vore ein klar fordel om SV var del av regjeringa han leier. Så lenge han sit saman med Sp på innsida, medan SV står på utsida, vil avstanden og den manglande forståinga for SVs syn sannsynlegvis auke.

SV kan derimot bruke forhandlingssigeren til å profilere seg som det viktigaste partiet på Stortinget. Den konkurransen mange tenkte på mot MDG og Raudt etter valet i fjor, har SV effektivt kvitta seg med som følge av den tøffe forhandlingsrolla partiet har tatt. MDG og Raudt står att som mindre relevante aktørar på utsida.

Det er ikkje utenkeleg at Audun Lysbakkens mannskap held fram med å stige på målingane framover, medan forhandlingane ikkje gir like stor grunn til optimisme for Støre og Vedum.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar