Kommentar

Despoter som vaskar seg

Korleis blei internasjonal fotball eit populært badekar for diktatorar med milliardar?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ingen sport har fått sterkare kyrkje-støtte enn fotballen, med orda frå Johannes Paul II som i unge år i Krakow i Polen var ein habil fotballspelar: «Av alle uviktige ting er fotball den viktigaste». Knapt nokon er i dag «meir katolsk enn (den no avdøde) paven», enn Raudts stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson.

I NRK-podkasten «Heia fotball» frå 2020 fortalde den muntre og munnrappe kommunisten at han heilt sidan han var åtte har heia på Chelsea. At laget kjem frå Londons rike vestkant, er uviktig. Fotball er «pur glede» – og har ingenting med politikk å gjera.

Ekte fotballfans skifter difor aldri lag. Kristjánsson meinte det ville vera «idiotisk og absurd» å bytta sjølv om Chelsea var kjøpt av den russiske oligarken Roman Abramovich.

Like absurd fann han ideen om at heiagjengen til Manchester City skulle bytta lag sjølv om «Abu Dhabi-gjengen» kjøpte klubben i 2014. Han siterte ein kjent City-supportar som ikkje ville bytta klubb – med nye, rike eigarar kunne laget hans endeleg vinna noko.

Ingenting er viktigare.

«Farleg menneske»

Abramovich måtte selja Chelsea på grunn av Putins krig. Hadde politikk og fotball ikkje hatt noko med kvarandre å gjera, hadde Putin-oligarken framleis finansiert Stamford Brigde.

Abu Dhabi Group, som har kjøpt dei lyseblå i Manchester, er eigd av sjeik Mansour bin Zayed Al Nahyan. Men han som kontrollerer City, er kronprins Mohammed bin Zayed – «MbZ». «Han er ett av de mektigste og farligste menneskene i regionen», seier menneskerettseksperten Nicholas McGeehan til VG. Landet bryt menneskerettar og er utan ytringsfridom og frie val. «De har også en farlig visjon om en verdensorden som de ønsker å eksportere til andre land. Det handler om en autoritær tankegang som skal gi stabilitet,» seier McGeehan.

Likevel får «MbZ» vaska milliardar i City.

Ein unytta talarstol

Ståle Solbakken fritok Erling Braut Haaland frå å svara på spørsmål om City. Sportsjournalistane godtok premisset for pressekonferansen. Fotballen er for viktig.

Publikum som elskar Lionel Messi og jublar over at Haaland bankar Sverige, snur ryggen til

—  Johannes Morken

Spelarane skal sjølvsagt ikkje bera hovudansvaret. Men ein 21-åring har røysterett og rådgjevarar – og som stjerne ein talarstol andre ikkje har. Lionel Messi gjekk til Qatar-eigde PSG i Paris, også han utan eit ord om despotar som vaskar seg.

Publikum som elskar Lionel Messi og jublar over at Haaland bankar Sverige, snur ryggen til.

Det største ansvaret ligg naturlegvis på dei internasjonale forbunda (UEFA og FIFA) som gjer toppfotball til flugepapir også for diktatorkapitalistar. Fordi eit globalt publikum hyler etter meir, held galskapen fram.

Klubbar som dopar seg med prestasjonsfremjande despot-milliardar, får delta i Champions Leauge

—  Johannes Morken

Idrettens valdgiftsrett CAS frifann City for brot på det økonomiske Fair Play-reglementet. «Abu Dhabi-gjengen» hadde blåst opp sponsorkontraktane slik at klubben kunne bruka meir pengar enn den hadde av inntekter. I Paris får Qatar-eigde PSG betala ei astronomisk løn til Messi som klubben etter Fair Play ikkje har råd og lov til.

Klubbar som dopar seg med prestasjonsfremjande despot-milliardar, får delta i Champions League. Dei slepp straff der Therese Johaug – rettmessig – av CAS vart stengt ute frå OL for doping-regelstridig bruk av ein krem for såre lepper, utan effekt på prestasjonen.

Vi morar oss til døde

Neil Postman gav i 1985 ut den mediekritiske boka Vi morer oss til døde, om TV som gjer alt til underhaldning og trugar demokratiet. Han hadde ikkje rett i alt. Men i lys av TV-industrien som seinare er bygt opp rundt internasjonal fotball, er det verdt å lesa boka på nytt:

«Vår politikk, religion, idrett, utdannelse, nyhetsformidling og handel er forvandlet til samstemte vedheng til underholdningsindustrien, stort sett uten protester, faktisk uten at det har vakt særlig oppsikt blant folk flest. Følgen er blitt at vi nå er et folk som står i fare for å more seg i hjel».

Lukrative TV-avtalar er den viktigaste drivaren i fotballindustrien. Det kostar 8.000 kroner i året å følgja Premier League. Dei ihuga skal også ha fotballdrakter. Ei City-drakt kostar 1.100 kroner, noko mindre for barn. Når avkommet tryglar om Haalands trøye, er det få som tek praten «slik snakkar du med barnet ditt om ‘MbZ’». «Pur glede» over fotballen står i vegen for forbrukarmakt.

Møter saudi-finansiering av moskear i vest sterkare politisk kritikk enn saudi-kjøp av fotballklubbar?

Leflar med dødssynda

Eg har aldri heia på diktatoreigde klubbar. Eg slit nok med at eigarane av Manchester United let den gjeldfrie klubben bera gjelda for kjøpet deira. Eg leflar med dødssynda – å bytta klubb. Eller kanskje sluttar eg å bry meg om tabellen i Premier League.

På tabellen finn vi også Newcastle, kjøpt av Saudi-Arabias kronprins Mohammad bin Salman, «MbS». Fotballfans lever godt med at han som gav ordren om å partera ein kritisk journalist i ambassaden i Tyrkia, har teke over St James’ Park.

Fotball har sidan pavens ord fall teke farlege hakk opp frå å vera det viktigaste av det uviktige. Diverre er det mykje artigare å mora seg til døde enn å protestera til same lagnad.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar