Kommentar

Den manglande forståinga for abortmotstanden

Utan å forstå argumenta til abortmotstandarane, vert det vanskeleg med ein opplyst abortdebatt. Ei slik forståing kan vere nøkkelen til å unngå amerikanske tilstandar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då det vart kjend at den amerikanske høgsteretten er i ferd med å gå inn for å gjere abort forbode i halve USA, skrolla eg gjennom nyhendestraumen på Facebook. Mange av mine oppegåande konservative kristne vener i Norge gav uttrykk for at dei støtta innskrenkinga av abortlova i USA. «Kvifor dekker media det som ei negativ utvikling?» var mantraet. Fleire var òg kritiske til at denne avisa – Vårt Land – vinkla nyheita frå amerikansk høgsterett negativt.

For store delar av den norske befolkninga er det konservative synet på abort fjernt og vanskeleg å forstå. Då er det lett å ty til argument som at det er gammaldags, at «vi trass alt lever i 2022» og at dei som meiner noko anna er mørkemenn.

Prinsipielt og etisk vanskeleg

Det er ikkje sikkert dei lettvinte slagorda er dei mest effektive argumenta, eller at nokon av dei viser innsikt i den brennbare politiske debatten. Abort er og blir eit prinsipielt og etisk vanskeleg spørsmål, og då tener det ikkje saka at vi lèt som noko anna.

Det er verd å nemne at talet på abortar i Norge er kraftig redusert på berre ti år. Der det i 2010 vart utført 15.741 i Norge, vart det i 2021 utført 10.841 abortar

—  Emil André Erstad, kommentator

Den norske abortdebatten treng ikkje bli like hard og uforsonleg som den amerikanske. Det er lite som tyder på at nokon vil tene på det. I USA er abortdebatten blitt ei identitetspolitisk slagmark mellom dei som vil kjempe for retten til seinabort opp til, og over 20 veker, og på den andre sida dei som meiner abort bør bli forbode, i enkelte grupper er synet at det òg bør gjelde der abortane skjer etter valdtekt og incest. I USA har abortdebatten fleire gonger blitt valdeleg, mellom anna ved gjentekne og dødelege angrep på abortklinikkar dei siste tiåra.

Siste nytt frå amerikansk høgsterett vil kanskje ikkje gjere debatten særleg mykje betre.

Abortdebatten etter 2018

I Norge har det vore brei konsensus om abortlova – sjølv om enkelte grupper har ønskt å utvide den, og andre har ønskt ei innskrenking. Dei siste åra har abortdebatten vore hardare også her, etter at Kjell Ingolf Ropstad og Erna Solberg forhandla om endringar i abortlova under KrFs retningsval. Partiet Venstre fremja nyleg forslag om å ta bort nemndene og utvide fri, sjølvbestemt abort til veke 18. No tyder alt på at forslaget vert nedstemt i Stortinget før sommaren.

I 2018 svara 68 prosent av veljarane at dei stilte seg negative til spørsmål om endringar i abortlova. Berre 16 prosent ønskte innskrenking.

Sidan argumenta for abort er velkjende, utbreidde og opplesne, kan det vere interessant å dukke djupare i kva desse 16 prosentane som vil stramme inn abortlova, faktisk meiner. Denne gruppa utgjer trass alt ein relativt stor del av befolkninga. Det kan vere ei nyttig øving uansett kva syn ein sjølv måtte ha i abortspørsmålet.

Livsvernarar eller abortmotstandarar

Synet til abortmotstandarar finn ein i korleis denne gruppa ser på seg sjølv. Den som er prinsipiell, juridisk og politisk motstandar av abort, ser gjerne på seg sjølv som ein vernar av livet, mange kallar seg sjølv livsvernarar. Heile grunnsynet bygger på at ein tenker det alltid er gale å med intensjon ta livet av eit uskuldig menneske. Ein motstandar av abort ser på eit foster som eit uskuldig menneske.

Motargumentet, vil mange hevde, er at eit foster er noko anna enn eit fødd menneske. Når startar eigentleg livet? Det spørsmålet samanfattar kjernen i abortdebatten ganske treffande. Det er ofte her tilhengarar og motstandarar av sjølvbestemt abort er usamde, men ikkje alltid. Også fleire tilhengarar av sjølvbestemt abort meiner at eit foster er eit liv, men at eit forbod mot abort er vanskeleg å forsvare. Er eit foster like mykje menneske som eit barn som ligg i mors armar etter fødselen?

Ulikt syn blant abortmotstandarar

Det aller mest sentrale argumentet til abortmotstandarar er likevel dette: Kan vi vite med hundre prosent tryggleik at eit foster ikkje er eit fullverdig menneske? I så fall må samfunnet vere føre var og i størst mogleg grad hindre at abort skjer, meiner abortmotstandarar. Tvilen må komme fosteret til gode, er argumentet.

For mange som tenker slik, vert konklusjonen dermed eit forbod mot abort. Men også her er det ulike syn blant folk som ser på seg sjølv som prinsipielle livsvernarar eller abortmotstandarar.

I abortdebatten vil alle tene på at argument og fakta har den mest sentrale plassen. Det handlar ikkje om tona i debatten, men om å unngå amerikanske tilstandar i abortdebatten.

—  Emil André Erstad, kommentator

I Norge – til dømes – forstår dei fleste at eit forbod mot abort er politisk umogleg å få til. Derfor har abortmotstandarar her heime kjempa med andre middel. Kampen har ofte handla om å fjerne den såkalla paragraf 2C i abortlova, som gir rett til seinabort i tilfelle der fosteret har Downs syndrom eller indikasjon om annan alvorleg sjukdom, eller manglande levedyktigheit. Dåverande KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad kjempa òg for å fjerne retten til såkalla tvillingabort.

Handlar ikkje om tona i debatten

Mange prinsipielle abortmotstandarar støttar likevel dagens abortlov. Desse ser at alternativet til dagens abortlov vil vere meir skadeleg enn den lova vi har i dag. Eit av argumenta for dette synet er at abortraten er høgare i land som har forbod mot abort enn i land der kvinner lovleg kan ta sjølvbestemt abort.

Derfor er det ein del som spør seg: Har lovgjevinga noko å seie? Eller er det andre faktorar som speler inn på aborttala? Til dømes er det sterk samanheng mellom utdanningsnivå, økonomi, livssituasjon, tilgang på prevensjon og abort. Derfor er det også verd å nemne at talet på abortar i Norge er kraftig redusert på berre ti år. Der det i 2010 vart utført 15.741 i Norge, vart det i 2021 utført 10.841 abortar.

I abortdebatten vil alle tene på at argument og fakta har den mest sentrale plassen. Det handlar ikkje om tona i debatten, men om å unngå amerikanske tilstandar i abortdebatten.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar