Kommentar

Slutten på sjølvvalt abort i USA?

Femti års konservativ ambisjon i USA ser no ut til å kulminere i Høgsterett i sommar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det slo ned som ei bombe tysdag morgon norsk tid: Høgsterett vil oppheve den føderale retten til sjølvvald abort i USA.

Det er nesten utan presedens i amerikansk historie at eit utkast til ein høgsterettsdom lekk til pressa før dommen vert avsagt, men det er altså nettopp det som no har skjedd. Nettstaden Politico har fått tilgang til eit utkast til fleirtalsdommen i saka «Dobbs v. Jackson Women’s Health Organization». Saka dreier seg om ein abortlov som vart vedteken i Mississippi i 2018 og som set abortgrensa ved 15 veker, men dommen ser ut til å gå lenger: I utkastet som no er blitt kjent, argumenterer skrivande dommar Samuel Alito for at dommane som utgjer grunnlaget for sjølvvald abort i USA må opphevast.

Abortlov i USA er i stor grad styrt av eit sett avgjerder frå Høgsterett, først og fremst «Roe v. Wade» frå 1973. I Roe sette ein ned eit einskapleg rammeverk for sjølvvald abort i heile landet. Seinare avgjerder har sett den nasjonale abortgrensa ved levedyktigheit for fosteret, normalt definert ved 24 veker, sjølv om ein i no ser for tidleg fødde som kan overleve ned til 22 veker.

Grunnlaget for at grensene er sett slik er paragrafen i det fjortande grunnlovstillegget som forbyr staten å vilkårleg ta frå innbyggjarar liv, fridom og eigedom. Retten har tolka dette som at staten ikkje har rett til å nekte ei kvinne fridomen til å søke abort fram til fosteret er levedyktig. Denne tolkinga står no for fall.

Ulik delstatslov

Det er ulikt frå delstat til delstat kva som vil bli resultatet dersom dommen i Dobbs ser ut som det lekka utkastet når den endeleg vert avsagt, truleg i månadsskiftet juni/juli.

I det store fleirtalet av delstatar er abortgrensa i dag lovfesta til 22–24 veker eller ved levedyktigheit for fosteret – det er openbert svært liberalt. No står pendelen klar til å svinge hardt i andre retninga.

Blir «Roe v. Wade» og dei andre aktuelle dommane oppheva, står delstatane fritt til å lage lovar som går så langt den enkelte delstatsforsamlinga kan einast om i å avgrense abort. I delstatar med demokratisk fleirtal vil lovgjevinga truleg bli liggjande slik den er i dag, men i ei rekke delstatar kan retten til sjølvvald abort heilt eller delvis forsvinne.

Allereie no er grensa i Texas sett til seks veker i ein såkalla «hjarteslag-lov», etter tidspunktet i svangerskapet der ein kan høyre hjartelyd frå fosteret. Slike lover er på trappene også andre stader. I 13 delstatar finst det såkalla «trigger»-lovar, som vert utløyste om «Roe v. Wade» vert oppheva, og som fullstendig fjernar retten til sjølvvald abort. Andre delstatar har ulike sovande lovar som sterkt avgrensar eller forbyr abort og som kan tre i kraft att dersom Høgsterett opphevar Roe.

Dersom abort vert heilt eller delvis forbode i rundt halve USA, slik det no kan vere grunn til å forvente, vil det truleg føre til store konsekvensar for kvinner sine levekår i dei aktuelle delstatane

Arven etter Trump

Det er konservativt fleirtal i Høgsterett, seks mot tre. Vi veit med det lekka dokumentet at høgsterettsjustitiarius John Roberts, som er den mest moderate av dei konservative dommarane, ikkje er del av fleirtalet i denne saka og at det dermed i hovudspørsmåla står 5-4. Det er altså Donald Trump sine tre oppnemningar til Høgsterett som saman med dei eldre konservative Clarence Thomas og Samuel Alito utgjer fleirtalet som no vil opne døra for at delstatar kan forby abort.

Det er ein stor siger for dei konservative kreftene som heilt sidan «Roe v. Wade» vart avgjort i 1973 har ønska å endre lovverket for å betre vareta det ufødde livet, men det er også svært dramatisk.

Dersom abort vert heilt eller delvis forbode i rundt halve USA, slik det no kan vere grunn til å forvente, vil det truleg føre til store konsekvensar for kvinner sine levekår i dei aktuelle delstatane. Etter at Texas innførte ei abortgrense på seks veker i fjor haust, fall talet på abortar ved klinikkar i delstaten med rundt 50 prosent, men mange kvinner har vore i stand til å skaffe seg abort i nabodelstatar eller ved å kjøpe abortpiller via nett, og den reelle nedgangen var truleg på berre rundt 10 prosent.

Dette vil bli vanskelegare når fleire delstatar nær kvarandre får tilsvarande eller strengare lovgjeving. Klinikkar i delstatar som grenser til områda der abort er så sterkt avgrensa vil truleg oppleve kapasitetsproblem. Kvinner må reise lenger og bruke meir tid, i tillegg til at dei kan tenkjast å verte utsette for rettslege konsekvensar i heimstaten. Det vil i særskilt grad ramme fattige kvinner og minoritetar. Det kan også føre til ei oppblomstring av ulovlege og utrygge abortar.

Om det no er slik at Høgsterett vel å oppheve tidlegare vedtak, og gjere abort til eit spørsmål som lovgjevarane skal avgjere, er spørsmålet kor godt demokratane klarer å mobilisere fram mot mellomvalet i haust. Dei er avhengige av å gjere det langt betre enn det som til no er spådd for å hindre tunge republikanske fleirtal i delstatsforsamlingane som skal handsame nye lovforslag om abortgrenser, og om dei skal søke å lovfeste sjølvvald abort nasjonalt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar