Menn med makt må oppføre seg

Det stiller heilt særskilte krav til menn med makt. Dei som forstår det like dårleg som Odd Roger Enoksen, bør ikkje ha slike posisjonar.

MAKT: Det stiller heilt særskilte krav til menn med makt. Dei som forstår det like dårleg som Odd Roger Enoksen, bør ikkje ha slike posisjonar
MAKT: Det stiller heilt særskilte krav til menn med makt. Dei som forstår det like dårleg som Odd Roger Enoksen, bør ikkje ha slike posisjonar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Norsk politikk hadde tydelegvis ingen planar om å ta påskeferie. Medan folk flest tok ferie, kom ei sak frå VG om at forsvarsminister Odd Roger Enoksen frå Senterpartiet hadde hatt eit forhold til ei 18 år gammal jente i 2005. På det tidspunktet var Enoksen sjølv 50.

Til VG fortel den unge kvinna – som no er blitt vaksen – at Enoksen pressa henne langt, utnytta sårbarheita hennar og at ho har kjend mykje på skamkjensle i åra etter.

I 2005 var ho elev på vidaregåande, og deltok på ein skuletur til Stortinget med politikk-klassen sin. Der fekk ho mellom anna møte Enoksen, som på det tidspunktet var stortingsrepresentant, og som seinare den hausten vart olje- og energiminister. I etterkant av skuleturen innleidde Enoksen det som vert skildra ein «svært nær og seksualisert relasjon» til jenta.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP