Kommentar

Vanlege russarar ber eit stort ansvar

Utan støtte frå vanlege russarar kunne Vladimir Putin aldri terrorisert den ukrainske befolkninga. Det russiske folket ber eit kollektivt ansvar for at diktaturet og overgrepa får halde fram.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Rett etter Russlands invasjon av Ukraina opplevde mange russarar å bli utsett for eit sterkt hat. Russiske born vart trakassert i barnehagar og på skular, russiske akademikarar fekk trugsmål og fleire norske hotell gjekk ut med at dei ikkje ønska russiske gjester.

Trakassering og hat mot folk på grunn av sin nasjonalitet, er uakseptabelt. Det fører ingenting godt med seg, og styrkar berre Putins narrativ om at russarar utsett for det han kallar «russofobi».

Putin styrer med støtte frå folket

Amnesty International i Norge gjekk ut med ein bodskap om at «det er Putin og regjeringen i Russland som har invadert Ukraina, ikke vanlige russere».

Amnesty sa òg at «det er viktig å skille mellom russiske myndigheter og russere flest».

Men kor sterkt er eigentleg det skiljet? Og kor rettferdig er det at sanksjonane mot den russiske staten for overgrepa i Ukraina, rammar vanlege russarar?

Resten av det russiske folket ber eit ansvar som ikkje berre kan bortforklarast med propaganda og informasjonsmangel

—  Emil André Erstad, kommentator

Russland er openbert eit autoritært diktatur som kveler all opposisjon, knuser den frie pressa og arresterer menneskerettsaktivistar. Likevel seier 83 prosent av russarane at dei støttar Putin.

Støtta har auka som følge av dei russiske folkerettsbrota i Ukraina – slik den òg gjorde etter brutal, russisk krigføring i Tsjetsjenia, Georgia og på Krim.

Berre 15 prosent av russarane seier at dei ikkje støttar Putin.

Kan ikkje skulde på propagandaen

Det er rett at propagandaen frå det russiske regimet i Kreml er sterk. Det finst knapt frie media att, og russiske styresmakter stengde for ein månad sidan tilgangen til Facebook og Twitter. Ingen vanlege russarar kan skru på TV-en og sjå dei myrda kroppane ligge i gatene i Burtsja eller dei ukrainske lidingane frå Mariupol.

Det sentrale spørsmålet vi bør stille oss er om haldningane i det russiske folket er ein konsekvens av Putins propaganda, eller om propagandaen er tilpassa haldningar som allereie eksisterer i det russiske folket?

For sjølv om Putin er ein autoritær tyrann som styrer landet med hard hand utan frie val og pressefridom, er han openbert òg avhengig av å opptre på ein måte som sikrar støtte og reduserer motstand. På mange måtar opptrer han som ein populist, og ein populist speler på det han veit er populært å meine.

Meir enn berre hjernevasking

I Russland er det populært å meine at Ukraina ikkje er eit sjølvstendig land, men eit slags Lille-Russland.

Den frittalande ukrainske FN-ambassadøren Serhij Kyslytsia sa nyleg at han «kjøper ikke denne versjonen om at de er så hjernevasket at de ikke fatter hva som skjer – for vi lever ikke i Sovjettiden hvor det ikke var internett, eller hvor borgerne ikke kunne reise utenlands eller hadde noen midler til å få informasjon».

Det er mykje som tyder på at Kyslytsja har rett. Eit stort tal russarar har i årevis reist på ferieturar og reiser til utlandet. Mange av dei har familiemedlemer og vener i utlandet, som formidlar verkelegheita til dei. Mange av dei har høg utdanning og store ressursar.

Russland er ikkje eit underutvikla samfunn der folk manglar intellektuell kapasitet. Dei fleste russarar kjenner nok sanksjonane på kroppen, og må derfor forstå at «den militære spesialoperasjonen» i Ukraina i realiteten er ein krig som verda rundt fordømmer.

Vanlege russarar har sett

Det er dei same vanlege russarane som i 22 år har sett Putin drepe og forgifte opposisjonspolitikarar og kritiske journalistar.

Den ukrainske FN-ambassadøren Kyslytsia peikar òg på at russarane kanskje er så terroriserte og trakasserte at dei ikkje offentleg tør å anerkjenne kva som skjer, men legg til at «det er sånn demokratier blir bygget; når borgere tar skjebnen til landet sitt i egne hender».

Den amerikanske historieprofessoren Timothy Snyder gav i boka Om tyranni tjue råd til korleis vanlege folk kan overvinne diktatur og autoritære regime. Der viser Snyder til korleis det meste av makta til ein autoritær leiar – slik som Putin – kviler på at makta vert gitt av vanlege folk som bøyer seg. Eit regime held seg levande så lenge folk støttar det.

Motstand kunne stoppa Putin

Viss hundretusenvis av russarar, eller millionar, hadde tatt til gatene mot krigen dei første dagane – hadde dei kanskje fått stansa båden blodbadet og Putin.

Problemet er at russarar flest ikkje ønsker det. Dei trur på noko anna. Krigen er berre mogleg fordi desse ikkje gjer motstand. Den motstanden har vore relativt liten dei 22 åra Putin har styrt.

Vanlege russarar skal ikkje bli stilt for krigsforbrytardomstolen i Haag, berre dei ansvarlege leiarane og dei som sjølv stod med handa på avtrekkaren. Men i oppgjerets time bør ingen gløyme ansvaret vanlege russarar hadde for at dei lét Putin herje

—  Emil André Erstad, kommentator

Dei har sett han drepe og forgifte motstandarar. Dei har sett han arrestere modige journalistar og opposisjonspolitikarar.

«Viss ingen er førebudd på å døy for fridomen, vil alle døy under tyranni», skriv Snyder i Om tyranni.

Heltane er ikkje mange nok

I Russland finst det modige krefter, som den fengsla og forgifta opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj og Novaja Gazeta-redaktøren Dmitrij Muratov. Desse, og dei 15 modige prosentane av folket som seier at dei ikkje støttar tyrannen i Kreml, fortener all støtte.

Åleine er det likevel lite desse kan forandre.

Resten av det russiske folket ber eit ansvar som ikkje berre kan bortforklarast med propaganda og informasjonsmangel.

Vi har sett det før i historia.

Vanlege russarar skal ikkje bli stilt for krigsforbrytardomstolen i Haag, berre dei ansvarlege leiarane og dei som sjølv stod med handa på avtrekkaren. Men i oppgjerets time bør ingen gløyme ansvaret vanlege russarar hadde for at dei lét Putin herje.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar