Kommentar

Er pinsevennane eigentleg så gode på nåde?

KARISMATIKK: Inga synd er for stor til å rokke ved Guds grenselause kjærleik, trudde eg. Så fekk eg høyre at det finst pinsevennar som fryktar at både den eine og den andre kjem til helvete.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg trur eg var fem år då eg kom i syndenaud. Kva for ei synd eg hadde gjort, hugsar eg ikkje. Men ho var stor nok til at eg ikkje fekk sove den kvelden. Eg begynte å tenke på kva eg kunne om synd, og hugsa at Gud og Jesus hadde noko med syndene mine å gjere. Var det ikkje slik at Jesus ville sleppe meg inn i himmelen viss eg berre ba om orsaking? Eller var det omvendt, at viss han fann ut av synda mi venta evig fortaping? Jo meir eg låg og grubla på dette i mørkret, dess sikrare vart eg på at det var såleis det hang i hop.

David Sviland

Tårene kom og far kom og mor kom inn til meg. Til mi store lette kunne dei forsikre meg om at Jesus hadde tilgitt meg for alt gale eg hadde gjort og alt eg kom til å gjere, og at eg skulle til himmelen.

Guds grenselause kjærleik

Far hadde luthersk bedehus- og statskyrkjebakgrunn, men vart i ung alder fenga av mor mi og karismatikken ho kom frå. Improviserte talar, enkle akkordar og spontane kjensleutbrot sto høgare i kurs enn liturgi, noter og stillesittande gudstenester. Slik blei vi ein familie som fann seg til rette i pinsekyrkjer, frikyrkjer og på karismatiske sommarstemner. I ungdomstida var eg aktiv i fleire pinsekyrkjer.

Ein av grunnane til at det var lett for meg å like pinsekarismatikken, er at dei er kompromisslause på to ting: nåde og respekt for Bibelen. Pinsevennane, slik eg kjenner dei, tar Guds ord på alvor. Det sikrar kontinuitet og at det viktigaste står fast i ei verd kor kva som er rett og gale skiftar. Nåden finn vi i språket som skildrar Gud; ein kjærleg far som vil deg det beste. Han støttar deg og har ein plan skreddarsydd for livet ditt. Inga synd er for stor til å rokke ved Guds grenselause kjærleik til deg. Om du snublar i synda, rekk han deg handa og hentar deg opp igjen og igjen og igjen.

Å leve i synd

Det var difor eit stort sjokk då eg mykje seinare i livet fekk høyre at ikkje alle pinsevennar ser det slik. Nokre meiner at det finst ei grense for Guds nåde for dei som lever i synda. Logikken er enkel. Dei som ikkje går med på at det dei gjer er gale og held fram med å gjere det, verken vil eller kan bli tilgitt. Dette råkar særleg samlivs- og seksualitetsspørsmål. Det kan skape eit problem for dei som vil ha sex utanfor ekteskapet utan å skamme seg. For ikkje å snakke om dei som organiserer utukta i eit sambuarskap. Når dei ikkje angrar, kan dei ifølge denne logikken ikkje få tilgjeving.

Men den finst håp. Den seksuelt aktive kan i teorien gifte seg, angre og få tilgjeving for det som skjedde før ekteskapet. Då er det verre for han som ikkje er heterofil, som i mange tilfelle ikkje har sjans til å angre på legninga.

Kall meg naiv. Men eg har faktisk gått rundt heile livet og tenkt tilbake på dei roande orda til mor og far og trudd at Jesus tilgir alt

Dei har logikken på si side

Eg skal ikkje gå djupare inn i desse debattane, men halde meg til poenget, nåden. Kall meg naiv. Men eg har faktisk gått rundt heile livet og tenkt tilbake på dei roande orda til mor og far og trudd at Jesus tilgir alt, uansett om du er klar over synda di eller ikkje. Så får eg altså høyre sjokkmeldinga om at det finst pinsevennar som fryktar for at både den eine og den andre truande skal komme til helvete.

Eg skal innrømme at dei har logikken på si side. Viss Jesu død skal vere meiningsfull, må han tilby frelse. Og skal ein vere mottakeleg for frelse, må ein ønske å bli frelst frå synda.

Problemet med denne ordninga er at det er vanskeleg å unngå å leve i synd. Det vil du til dømes gjere om du lever i eit dysfunksjonelt ekteskap kor ein syndar ved å såre kvarandre, samstundes kan ein ende opp med å leve i synd viss ein bryt ekteskapet og går ifrå kvarandre. Dessutan er det ikkje berre i samlivet at ein kan leve i synd. Vi lyg for oss sjølve og kvarandre medan vi øydelegg jorda og fortapar oss i skadefryden som oppstår når vi skrollar filmar av russisk tanks som bli bomba i fillebitar. Skal ein vere like konsekvent med «leve i synd»-konseptet som konseptet krev, er vi dårleg ute alle saman.

Sjølv har eg fått ei sterk tru på håpet om at det finst ein ulogisk Gud som tar meg med til himmelen trass i at eg lever i synd

Eg vil høyre kva de meiner

Sjølv har eg fått ei sterk tru på håpet om at det finst ein ulogisk Gud som tar meg med til himmelen trass i at eg lever i synd. Trua på at det er pinserørsla som er gode på nåde, har derimot blitt svakare. Eg opplever stadig at dei er utydelege på om det er slik at Guds nåde er grenselaus nok til at homofile som ønsker å vere homofile og folk som lever i sambuarskap heile livet, skal få bli med til paradis. Dei eintydige svara eg hugsar frå talarstolane på pinsemøtene, blir som regel bytta ut med frykt når eg spør pinsevennar desse vanskelege spørsmåla.

Då må eg seie at eg lar meg imponere meir av Misjonssambandet og Espen Ottosen som ikkje tek fem øre for å fortelle om og argumentere for det konservative synet dei har i aktuelle samlivsspørsmål. Ein av grunnane til at vi ikkje får høyre så mykje konkret om teologien til pinsevennane, er naturlegvis at dei ikkje har ein offisiell teologi og at kvar kyrkjelyd i prinsippet står fritt til å forme eigen teologi. Det gjer ikkje informasjonsbehovet mindre. Eg vil høyre kva Betel, Jerusalem, Salt, Klippen, Tabernakelet og Hillsong meiner om nåde, og det å leve i synd.

Det de meiner er viktig. Difor vil eg oppmode deg som er pastor i ei pinsekyrkje, til å sende oss ei utgreiing om kor langt Guds nåde rekk. Vi spanderer eit Vårt Land-abonnement på førstemann.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar