Kommentar

Ukraina kan vere starten på ei ny tid

Ukrainarane som ofrar livet, fell ikkje forgjeves. Deira offer kan sørge for meir demokrati i verda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Han visste det så godt, Vladimir Vladimirovitsj Putin, då han gjekk på talarstolen i det russiske parlamentet – Dumaen – måndag 25. april 2005.

Eit drygt halvår tidlegare hadde oransjekledde ukrainarar trossa frykta for regimet, og protestert mot det utbreidde valfusket til sittande president Viktor Janukovytsj. Han vart tvungen i kne av det folkelege opprøret som fekk namnet Oransjerevolusjonen. Kvifor han ikkje valde å svare på protestane med soldatar, tanks og ammunisjon? Fordi, som han sjølv sa: «Eg ville ikkje at mødrer skulle miste borna sine og koner sine ektemenn. Eg ville ikkje at daude kroppar frå Kyiv skulle flyte ned elva Dnepr. Eg ville ikkje halde på makta gjennom å lage eit blodbad».

Putin visste dette då han gjekk på talarstolen i Dumaen og kalla Sovjetunionens samanbrot var «det 20. hundreårets største geopolitiske katastrofe».

Frykta for revolusjonen

Inga frykt er større for Putin, enn redsla for revolusjon på heimebane i Russland. Det handlar ikkje om Nato eller tryggleikspolitikk. Det handlar om Putins eiga klamring til makta i Kreml.

Russarar og ukrainarar er broderfolk. Mange har familiar, jobbar og studieerfaring frå den andre sida av grensa. I takt med at demokratiet og rettsstaten har vakse seg sterkare i Ukraina, har Putin vore redd for at iveren etter fridom, frie val og eit rettferdig styre kan spreie seg over grensa.

Putin bør vere redd. Heile maktbasen er bygd på ran av den russiske statskassen. Ingen veit akkurat kor stor den private formuen hans er, men den er moglegvis blant dei største i verda. Putins korthus er bygd på nepotisme, korrupsjon og grov undertrykking.

Åtvaring mot det autoritære

Dei siste åra har fleire vestlege leiarar ytst på den populistiske, høgreflanka flørta med Putins modell. Ungarske Victor Orbán, tyrkiske Recep Tayyip Erdogan, franske Marine Le Pen og det polske Lov- og rettferdspartiet har alle lagt kursen ut på ein veg bort frå demokratiet, mot det autoritære. Donald Trump i USA har fleire gonger uttrykt stor beundring for den russiske leiaren.

Putins syn handlar ikkje om godt og vondt, rett og galt, men berre om kven som er villige til å bruke, ta og halde på makt. Derfor har den russiske strategien vore å skape kaos, forvirring og viske ut grensene mellom sant og usant i vestlege demokrati.

I den grad det finst rettferd: Ikkje eit ukrainsk born skal døy av russiske bomber, utan at Putin og dei ansvarlege skal få straffa si.

—  Emil André Erstad, kommentator

No ser vi ei ny tid stige opp av røykskyene frå bombekratera i dei ukrainske byane. Frå Warszawa kjem krystallklare meldingar om solidaritet med det ukrainske demokratiet, som held stand i Kyiv mot den russiske invasjonen. Ungarske Viktor Orbán har eit parlamentsval å tenke på i byrjinga av april, der dei fleste ungararane ser med skrekk og gru på dei russiske krigsbrotsverka i nabolandet Ukraina. I Ankara har Erdogan tatt tydelegare avstand frå Putin enn nokon gong.

Putins undervurdering

Det kan verke som om dei hjarteskjerande TV-bileta frå Ukraina, har skremt dei semi-autoritære leiarane. Det å samarbeide med Putin fekk over natta ein langt større politisk kostnad på heimebane. Samfunnsmodellen til Putin vart med eitt eit skremmebilete, meir enn eit forlokkande alternativ. Tyrkarar, ungararar og polakkar ønsker først og fremst fridom, ikkje blodutgyting og tyranni. Det kan også hende at Putins invasjon var det som skulle til for at det republikanske partiet i USA endeleg kvittar seg med Trump-forelskinga.

I 2020 gjekk hundretusenvis av kviterussarar ut i gatene for å kreve demokrati, frie val og avgangen til diktator Aleksandr Lukasjenko. Det òg skremde Putin. Han kjende nok at protestane lett kunne spreie seg til russiske storbyar, noko dei òg gjorde med opposisjonsrørsla til Aleksej Navalnyj. Det hjelpte heller ikkje å forgifte opposisjonspolitikaren, for deretter å arrestere han. Den gryande misnøya med Putin-regimet lét seg ikkje stanse.

Kjend maktgrep

Derfor måtte Putin gjere som han har gjort kvar gong aukande misnøye har vist seg på målingane i Russland: Mobilisere militæret, skape konflikt og ekspandere landegrensene. Det Putin no gjer i Ukraina, har han tidlegare gjort i Tsjetsjenia, Georgia og på Krim.

Problemet er berre at Putin undervurderte motstanden og kampviljen til ukrainarane. Kanskje tenkte han at dei ville gjere nett slik den afghanske regjeringshæren gjorde då Taliban rykka fram mot Kabul i august i fjor: Legge ned våpena og legge på spring. Det gjorde ikkje ukrainarane. Dermed vart kampen om Ukraina langt meir blodig og brutal enn Putin toler.

Det er vanskeleg å vite akkurat kor mange russiske soldatar som er drepne i kamp på ukrainsk jord. Det ukrainske forsvaret påstår at talet er over 11.000, medan Det russiske forsvarsdepartementet hevdar talet er under 1000. Det betyr uansett at det ikkje berre er ukrainske mødrer som mister søner og døtrer i krigen, og at kostnaden for Putin-regimet aukar.

Putin til Haag?

Akkurat no er etterforskarar frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i gong med å etterforske Russland for brotsverk mot menneskeslekta i Ukraina. Det betyr at Putin og hans folk kan ende for krigsforbrytardomstolen i Haag når det heile er over, slik krigsforbrytarar som Slobodan Milošević og Omar al-Bashir har gjort før han.

Den finske kunstnaren Kaj Stenvall har sett for seg det som kan skje, og måla Putin som tiltalt i Haag.

War Hero, 2022. Öljy levylle - Oil on board, 50 x 40 cm.

Posted by Kaj Stenvall Paintings on Monday, February 21, 2022

Det var kanskje ikkje det Putin såg for seg den dagen i Dumaen, i 2005, at han ein dag kunne ende i ei celle i Haag. Skulle det skje, ville det vere den største sigen for rettferd, demokrati og rettsstat på mange tiår.

I den grad det finst rettferd: Ikkje eit ukrainsk born skal døy av russiske bomber, utan at Putin og dei ansvarlege skal få straffa si.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar