Kommentar

Donald Trumps parti?

Donald Trump er stadig i politisk aktivitet. Er han leiar av opposisjonen eller sjuande far i huset?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når ein president går av, er det vanleg skikk at han held seg unna offentleg liv, i alle fall dei første åra. Donald Trump representerer, i dette som i mange andre ting, eit vasskilje i amerikansk politikk. Han viser ingen vilje til å trekkje seg tilbake frå politikken, tvert om er han bortimot like aktiv som då han var president.

Støtta svinn

Noko av årsaka er sjølvsagt at i motsetnad til tidlegare avgåtte presidentar anerkjenner Trump framleis ikkje nederlaget som førte til avgangen. Trump er heller ikkje særleg innstilt på pensjonisttilværet. Han ymtar stadig om sjansen for å stille på nytt i 2024, utan at det er klart kor stor realitet som ligg i det.

Gjennom det siste halvanna året har andelen republikanarar som ser på seg sjølv først og fremst som tilhengjarar av det republikanske partiet framfor av Donald Trump gått frå 37 prosent til 56 prosent. Tilsvarande har delen som først og fremst ser på seg sjølv som Trump-tilhengjarar gått frå kring 50 prosent til 36 prosent.

Det er dårleg nytt for den avgåtte presidenten, som gjennom si periode i Det kvite huset hadde eit jerngrep om veljarane sine. Framleis ville oppslutninga Trump har i partiet sitt truleg vore nok til å vinne eit nominasjonsval dersom det var Det kvite hus som var i spel førstkommande november, men det er langt frå den unisone støtta han hadde då han var president. På liknande målingar seier 73 prosent av republikanarar at dei liker president Trump, men langt færre, rundt 60 prosent, seier at dei ønskjer å sjå han som presidentkandidat på nytt.

Styrkeprøve

Den kommande tida står Trump overfor ein serie prøver på sin politiske styrke. Han bruker mykje av tida si på å møte kandidatar som ønskjer seg Trump si støtte i republikanske nominasjonsval før mellomvalet i haust. Dei håpefulle satsar på at støtte frå Trump, både på papiret og økonomisk frå ei av dei mange pengesterke grupperingane som utgjer det politiske nettverket hans, vil utgjere skilnaden i tøffe nominasjonskampar.

Historisk har det likevel ikkje alltid gått like godt for Trump sine utvalde kandidatar. Det ser ikkje ut for at Trump utan vidare er i stand til å låne bort sin politiske popularitet til andre når han sjølv ikkje står på valsetelen.

Nominasjonsvala som vert avvikla dei nærmaste månadene vil gje ein viss peikepinn på kva posisjon Donald Trump har i det republikanske partiet. Dersom kandidatane han støtter vinn fram, vil det kunne sementere Trump sin posisjon som leiar av partiet.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Trump har gitt si støtte til fleire kandidatar allereie i år. Felles for desse er at dei står han nære, både i politikk og i stil. Lik han sjølv står dei alle fast på at valet i 2020 ikkje var gyldig. Enkelte av dei stiller mot sitjande republikanske politikarar som på eitt eller anna vis har hamna på feil side av Trump, til dømes ved å røyste for at han skulle stillast for riksrett i 2021.

Motvekt

I ein annan seksjon, men nominelt på same banehalvdel, står Mitch McConnell, den mektige leiaren for republikanarane i Senatet. Tidlegare i år vart senatoren frå Kentucky sitert på at han ikkje har til intensjon å late det bli nominert uvalbare «tullingar» til Senatet. Både i 2010 og i 2012 var fleire av republikanarane sine kandidatar av eit kaliber som gjorde det relativt lett for demokratane å ta og halde fleirtalet i Senatet. Den situasjonen vil McConnell for alt i verda unngå.

Han har difor, saman med ei gruppe sentralt plassert i partiet, stått i spissen for eit systematisk arbeid for å rekruttere populære delstatspolitikarar til dei kommande senatsvala. Det har så langt hatt svært avgrensa suksess. Fleire sitjande og tidlegare guvernørar har takka nei til å kaste seg inn i kampane – og samstundes kanskje pådra seg Donald Trump si vreide.

Kynisk og effektiv

Ingen kan skulde Mitch McConnell for å vere spesielt oppteken av kampen om sjela til det republikanske partiet. Dei siste åra har han fokusert berre på arbeidet i Senatet og lukka auge og øyre for bråket og kontroversane som følgde Trump. Slik kunne han utnytte fleirtalet sitt og ein republikansk president til å gjennomføre politikk som er populær i partiet, og mellom anna skaffe republikanarane eit stort fleirtal i Høgsterett. McConnell er kynisk, og difor er han effektiv.

Ifølge fleire kjelder er McConnell ikkje på talefot med den avgåtte presidenten, og føretrekker å ikkje nemne namnet hans. Trump på si side har offentleg lekt med tanken på å krevje av senatskandidater han støtter at dei ikkje skal stemme på McConnell når senatsgruppa skal velje seg leiar. Forholdet har aldri vore hjarteleg, men skal ha surna fullstendig etter valet i 2020 og hendingane etterpå.

Det er likevel ikkje noko som tyder på at Mitch McConnell har tenkt å forsøke å stoppe Trump-støtta senatskandidater dersom dei er i stand til å vinne mot demokratiske kandidatar i november.

Alt ligg til rette for at Mitch McConnell skal overta som majoritetsleiar i Senatet etter valet i november, men fleirtalet hans vil nok ikkje bli stort. Resultatet kan bli at han får problemet som fleirtalsleiarar i båe kammer og frå båe parti har hatt før han: Ein energetisk fraksjon som er på vippen, men som ikkje utan vidare vil stø deg og dine prioriteringar, og som kanskje er meir opptekne av å kaste stein på «etablissementet» enn av å faktisk forme politikk som er mogleg å gjennomføre.

Frampeik

Nominasjonsvala som vert avvikla dei nærmaste månadene vil gje ein viss peikepinn på kva posisjon Donald Trump har i det republikanske partiet. Dersom kandidatane han støtter vinn fram, vil det kunne sementere Trump sin posisjon som leiar av partiet. Det vil, i sin tur, gje ny styrke til spekulasjonane om 2024-valet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar