Kommentar

Derfor er terroristen framleis farleg

Terroristen prøver å kome seg ut av fengsel med manipulasjon, løgn og ein presentasjon av eit forvirra og livsfarlege verdsbilete. La oss bidra til at han kjenner seg gløymd.

RISIKO: Psykiatar Randi Rosenqvist forklara i rettssaka i Skien fengsel korleis 22. juli-terroristen er ein løgnaktig psykopat med radikale politiske syn. Han bør ikkje få sleppe ut, skriv kommentator Emil André Erstad.

Verkelegheitsfjernt, stormannsgalskap, vanvettig, ekstremt og radikalt.

Det er orda vi sit att med etter å ha høyrt terroristen forklare korleis han no er klar for å sleppe ut av fengsel på prøvelauslating, som skjedde første dag av rettssaka i gymsalen på Skien fengsel.

Eit anna ord som kom til oss som høyrde på, var ordet livsfarleg.

Fantasiunivers

Etter PR-showet der terroristen viste fram lappar med høgreekstrem propaganda som han hadde limt på dressen, kofferten og fleire plakatar, kom ei lang forklaring som ikkje hang saman. Terroristen sa imot seg sjølv fleire gonger, og verka både forvirra og uforståeleg. På cella har den høgreekstreme massemordaren hatt god tid til å lage ei rekke papirtigrar, som inkluderer eit oppdikta forretningsimperium, fleire politiske parti og eit fredsinstitutt med namnet Quisling Peace Institute.

Det heile verka berre å eksistere i hovudet på ein ynkeleg og livsfarleg mann som stod midt i rettssalen.

La oss aldri meir gi han eit mikrofonstativ. La oss ikkje skape eit publikum for han. La han sitte på den isolerte cella si og kjenne seg gløymd

—  Emil André Erstad, kommentator

Terroristen viste i retten nesten ein total mangel på empati, og dei gongene han prøvde, verka det innøvd og anstrengt. Han sa mellom anna at han var villig til å leggje bort alt politisk arbeid, at han no tar avstand frå politisk vald og at han hadde blitt hjernevaska og radikalisert på internett til å utføre terrorangrepet.

Men i same augneblinken snakka han om alle dei positive effektane terrorangrepet hadde hatt.

Tøvete og usamanhengande

Dagen etterpå sette psykiater Randi Rosenqvist det heile i samanheng ved å greie ut om risikovurderinga ho har oppdatert med jamne mellomrom sidan hausten 2011. Det var aktoratet som kalla inn psykiateren med lang erfaring frå Ila fengsel, som vitne.

Ho meinte mannen som vart dømt for 77 drap og terrorangrep, har same diagnose og risiko som han hadde i 2012 — og skildra eit menneske som vil ha enorme vanskar med å klare seg i storsamfunnet.

Han er – viss vi skal tru Rosenqvist og det etterlatne inntrykket av forklaringa han sjølv gav – ein livsfarleg, djupt forvirra og ekstremt radikal psykopat som på ingen som helst måte må få kome ut att i samfunnet med oss andre.

—  Emil André Erstad, kommentator

Rosenqvist meinte òg at tala og alle forretningsideane terroristen diktar opp, er ein viktig del av forteljinga han fortel seg sjølv. Alle planane han brukar timevis på, bidreg berre til å utvide det tøvete og livsfarlege politiske universet han har vikla seg inn i. Rosenqvist sa òg at «han trur som enkelte amerikanske politikarar at viss han seier det same mange nok gonger, så blir det sant», og at det derfor er ganske belastande for fengselspersonalet å føre samtalar med han.

«Sprø og heilt på jordet»

Rosenqvist nemnde både asberger, autisme og at massemordaren er heilt tydeleg å rekne som psykopat. Ifølgje Store medisinske leksikon er psykopatar kjenneteikna ved at dei er løgnaktige, manipulerande og at dei misbruker andre menneske. Rosenqvist skildrar diagnosen som ei dyssosial, narsissistisk personlegdomsforstyrring.

Likevel heldt ho fram at han ikkje er psykotisk, men at dei politiske tankane hans er «sprø og heilt på jordet». Det er kanskje den beste skildringa av det vi fekk høyre dagen før. Han er stormannsgal, sjølvherleggjerande og sjukleg oppteken av seg sjølv. Rosenqvist sa at ho går heilt i surr av alle omgrepa terroristen konstruerer om si eiga utvikling.

Rosenqvist meiner at terroristen ikkje er til å stole på, fordi han brått endrar strategi og lyg. Han skiftar taktikk etter kva som tener han og saka han påstår å vere ein slags talsperson for. Personlegdomsforstyrringane er ifølgje henne så stabile og rigide at dei ikkje vil endre seg.

Ein livsfarleg psykopat

Og her er vi ved kjernen i rettssaka: Terroristen og massemordaren Anders Behring Breivik er framleis farleg.

Det er ingen grunn til å tru at noko vil endre seg dei næraste åra, og sannsynlegvis aldri. Det er ingen teikn til at terroristen er ein annan i dag enn han var i 2011. Det er ingen teikn til at hans politiske syn er mindre radikalt i dag, enn det var då.

Han er — viss vi skal tru Rosenqvist og det etterlatne inntrykket av forklaringa han sjølv gav — ein livsfarleg, forvirra og radikal psykopat som på ingen som helst måte må få komme ut att i samfunnet med oss andre.

Meir stille neste gong

Det betyr sannsynlegvis at vi som storsamfunn må førebu oss på nye rettssaker der terroristen vil gjere det han kan for å få prøvelauslating, kvart andre år framover. Det er naturleg med ei grundig mediedekning av den første rettssaka om prøvelauslating som går føre seg no, men mykje talar for at vi bør la framtidige rettssaker gå forbi i langt større stille enn denne.

Terroristens frykt for å bli gløymd, er så sterk at psykiater Rosenqvist og folka hennar var redd for at han ville gå inn i ein djup depresjon og bli heilt desperat etter at den store rettssaka i 2012 var ferdig og media ikkje lenger ville skrive om han.

Terroristen bør førebu seg på fleire tiår i fengsel, kanskje resten av livet. Han vil få god tid til å tenkje og reflektere over alle menneska han drap, mellom anna dei mange, unge idealistane som mista livet den regntunge sommardagen i 2011.

Hugse kampen, ikkje terroristen

Vi må aldri gløyme 22. juli, men la oss aldri meir gi terroristen eit mikrofonstativ. La oss ikkje skape eit publikum for han. La han sitte på cella og kjenne seg gløymd.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar