Kommentar

Kvifor slapp vi opp?

Mykje kunne sett annleis ut dersom Erna Solberg og den førre regjeringa ikkje slapp viruset fritt i september.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ingen kunne sjå for seg omikron-mutasjonen, er det fleire som hevdar i sitt forsvar for regjeringa, helsestyresmaktene og dei strenge tiltaka som no kjem. Det er for det første heilt feil: Mange åtvara mot mutasjonane av viruset, ettersom store delar av verdas befolkning ikkje ville få vaksine mot viruset tidsnok fordi den rike delen av verda prioriterte å vaksinere eigne innbyggarar.

Åtvaringane kom

Molekylærbiolog Sigrid Bratlie skreiv til dømes ein kommentar på NRK Ytring i februar 2021, der ho åtvara om at mutantane ville gjere livet surt for oss i lang tid dersom det ikkje vart tatt gode grep.

Trass denne kunnskapen om at muterte virus sannsynlegvis ville vere i omløp i månader og år framover, opna Erna Solberg si regjering opp samfunnet i slutten av september – til glede for butikkeigarar, danseløver og alle sosiale menneske. Eg var sjølv ein av dei som jubla den gongen, og som oppmoda til å unngå moralisering over at folk kosa seg ute på byen. Det står eg framleis for.

Likevel er det grunn til å spørre om det var klokt at så og sei alle tiltak vart fjerna heilt over natta. Vi byrja sakte å vende oss til eit samfunn utan munnbind, ein-meteren og mange byrja å handhelse på kvarandre. Det var som om pandemien forsvann.

Det er lett å vere etterpåklok, men samstundes må vi lære av dei erfaringane vi har gjort oss så langt i pandemien.

Restriksjonane som forsvann

Til dømes bør vi stille spørsmålet om ikkje helsestyresmaktene og regjeringa visste om mutantane som truga i horisonten? Jo, sannsynlegvis.

Mange europeiske land heldt fram med å halde på strenge restriksjonar, sjølv etter at smitten gjekk ned – fordi dei visste at mutantane ville kome, og dermed ville visse tiltak, som for eksempel ein-meteren og påbod om munnbind, vere gode å halde på.

Spørsmåla står i kø: Kor mange fleire mutantar ventar bak neste sving? Kor mange nedstengingar har vi i vente? Kor store blir dei menneskelege og materielle konsekvensane av alle nedstengingane?

—  Emil André Erstad, kommentator

Problemet med å sleppe heilt opp, slik vi gjorde i Norge, for så å stenge ned att på kraftfullt vis – slik Støre-regjeringa varsla på pressekonferansen mandag kveld – er at legitimiteten til tiltaka forsvinn. I slutten av september var det nok mange som tenkte at pandemien var «over». Det å heile tida måtte motivere seg for nye tiltak, nye nedstengingar og nye dugnadar er ikkje lett for folk. Men også tiltaka lir under den trøytta som oppstår i folket, etter kvar nedstenging og gjenopning. Kanskje gir vi litt meir blaffen enn førre gong.

I rettferdighetens namn sa Erna Solberg at pandemien ikkje var over då ho gjenopna samfunnet i slutten av september.

Positivt vaksine-krafttak

Smittevernlova har klare krav til forholdsmessighet, noko som i praksis betyr at ein kan berre innføre inngripande tiltak viss det er ein alvorleg situasjon for helsevesenet. Derfor meiner mange det ikkje var mogleg for regjeringa å halde fram med nokre av dei strenge tiltaka når samfunnet vart gjenopna. Likevel er det grunn til å spørre om kvifor for eksempel TISK-strategien – den som handla om testing, isolering, smittesporing og karantene – ikkje vart vidareført.

Grafane over smittetal viser at vi aldri nådde så låge tal for smitta at smitten vart heilt borte frå samfunnet vårt. Sjølv om omikron oppstod først i byrjinga av desember, ville beredskapen i kommunane stått langt sterkare gjennom hausten og då omikron kom, viss TISK hadde blitt vidareført.

Spørsmåla står i kø: Kor mange fleire mutantar ventar bak neste sving? Kor mange nedstengingar har vi i vente? Kor store blir dei menneskelege og materielle konsekvensane av alle nedstengingane?

Det er positivt at regjeringa no ser ut til å trøkke til med meir kraftfulle tiltak for å få fart på vaksineringa: Landets apotek og Forsvaret blir no sett inn for å få opp farten på vaksineringa.

Slutte med ønsketenking

Mykje tyder på at vaksinene handterer omikron-mutasjonen godt, i alle fall dersom alle får seg ein tredje dose. Derfor er det langt viktigare at folk får vaksine nummer ein, to og tre, enn at vi går med munnbind. I dugnaden er det sjølvsagt viktig at vi gjer begge delar, men vaksineringa er det einaste som kan få oss ut av uføret.

Så får vi slutte med ønsketenkinga og førebu oss på at det kjem verre variantar framover – medan vi brukar munnbind, held avstand, held oss heime ved sjukdom og vasker hendene.


Denne kommentaren ble utvidet litt tirsdag 14. desember

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar