Kommentar

Svart november for Støre

Folket ville ha skifte, men ikkje det skiftet dei fekk – skal vi tru Vårt Lands siste måling.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Det e svart november, havet knuse mot strand. Ein forliste drøm fra et sommargrønt land». Slik startar Vamp-låten Tirna noir.

Den kunne like gjerne handla om Arbeidarpartiet og Senterpartiet. I sommarens valkamp drøymde Støre og Vedum om å ta makta og skape begeistring med ein ny, raudgrøn kurs for Norge.

Oppsiktsvekkande tidleg nedgang

Når novembermørket no senkar seg med turbulente budsjettforhandlingar, skyhøge straumprisar og kvardagsleg styring er det lite gevinst å hente. Veljarane vender regjeringa ryggen – oppsiktsvekkande tidleg.

På Vårt Lands siste måling går Arbeidarpartiet ned heile 3,7 prosentpoeng. Regjeringspartnar Senterpartiet går ned 1,6. Totalinntrykket blir dermed at mindretalsregjeringa ikkje har klart å skape nok begeistring på den knappe halvanna månaden den har styrt Norge.

Skal Støre og Vedum lukkast med prosjektet sitt, må dei vise tydelegare fram kva retning dei ønsker å ta Norge i – og ta på alvor at tilliten til politikarar er skada etter haustens bråk om pendlarbustadar.

—  Emil André Erstad, kommentator

Vårt Lands måling er berre ei enkeltmåling, men dersom tendensen vert stadfesta av andre målingar framover er det eit alvorleg svakheitsteikn for Støre-regjeringa.

Desto viktigare blir det med suksess i budsjettforhandlingane med SV. Vi veit frå tidlegare år med budsjettforhandlingar i Stortinget at mykje bråk og vanskelege forhandlingar har gitt alle partia i forhandlingane ein smekk på gallupen. Dersom partia blir samde utan altfor mykje konflikt, viser evne til å styre landet og prioriterer klare profilsaker, kan det gje gevinst.

Ikkje skapt begeistring

Det er protestpartia ytst på flankane som gjer det best: Raudt opp 1,8, SV opp 1,0 og Frp opp 2,0 prosentpoeng. Resten av opposisjonen står nesten på staden kvil.

SV stel veljarar frå Ap, då 14 prosent av dei som seier dei vil stemme SV i morgon kjem frå Ap. Raudt stel veljarar frå alle parti, mellom anna kjem 7 prosent av dei som seier dei vil stemme Raudt i morgon frå Senterpartiet. I tillegg er det tydeleg at både Raudt, SV og Frp mobiliserer heimesitjarane i større grad enn dei andre partia.

Stor og fragmentert venstreside

Det kan vere fleire grunnar til at Støre-regjeringa slit med opposisjonen til venstre for seg.

For det første er det ein heilt ny situasjon i Stortinget med ei så stor og fragmentert venstreside. Raudt er inne med ei solid stortingsgruppe som har evna å markere seg frå første dag. No får Raudt sine representantar moglegheit til å kapre sakseigarskap og profilere forslaga sine for eit større publikum.

Store, brotne løfter

For det andre var Arbeidarpartiet og Senterpartiet ambisiøse i valkampen. Arbeidarpartiets 100-dagersplan inneheldt fleire saker som partiet må ha visst det var umogleg å gjennomføre innan 100 dagar.

No er vi komne over 70 dagar etter valet – og dei permitterte og arbeidsledige må framleis sjå langt etter feriepengane Arbeidarpartiet lova dei i valkampen.

Lågare tillit

For det tredje bør Støre og hans folk ta på alvor kritikken frå opposisjonen om at regjeringa kan sjå ut som ei litt grå og konturlaus regjering, sidan regjeringa er meir sentrumsorientert enn det vi har hatt i Norge på lang tid.

Det er naturleg å tenkje at regjeringspartia tapar mest på misbruket av pendlarbustadar, og at den eventuelle skaden på tilliten til politikarar generelt rammar regjeringa spesielt hardt – også fordi den avgåtte stortingspresidenten Eva Kristin Hansen (Ap) openbert høyrer til regjeringspartia. Vårt Lands måling vart tatt opp i dagane saka var på sitt heitaste.

Skal Støre og Vedum lukkast med prosjektet sitt, må dei vise tydelegare fram kva retning dei ønsker å ta Norge i – og ta på alvor at tilliten til politikarar er skada etter haustens bråk om pendlarbustadar.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar