Kommentar

Dei forstod det ikkje sjølv

Det er alvorleg for politikarane på Stortinget at dei måtte ha hjelp av politiet for å rydde i eige hus.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ingen tvilar på at Eva Kristin Hansen har det tøft. Ingen tvilar på at ho har hatt store utfordringar i privatlivet. Ingen tvilar på at kollegaene på Stortinget kjenner seg forplikta som medmenneske til å stille opp for henne. Det mediekøyret ho har vore gjennom dei siste dagane, kan knekke dei sterkaste av oss.

Likevel kjem vi ikkje unna at Hansen har misbrukt ordninga med Stortingets pendlarbustadar. Ho burde derfor trekt seg lenge før Oslo politidistrikt opna etterforsking mot henne. Det burde ho, partiet hennar og kollegaene på Stortinget forstått lenge før dei faktisk forstod det. Likevel gjorde dei ikkje det. Det er oppsiktsvekkjande at dei trong hjelp av Oslo politidistrikt til å forstå det.

Det koselege Stortinget

Stortinget er eit spesielt hus. Ingen stader i Norge finst ei slik stemning som inne i den gamle bygningen midt i Oslo. 169 representantar frå heile det politiske spekteret sit på små og store kontor rundt om kring, med rådgjevarar, administrasjon og journalistar tett på. I korridorane helsar folk frå ulike parti venleg på kvarandre. I den subsidierte stortingskantina slår mange av ein hyggeleg prat om laust og fast.

Den kollegiale omsorga i nasjonalforsamlinga er sterk, spesielt når det stormar. Det er fint at vi har det slikt. Det sterke fellesskapet som pregar norsk politikk over partigrensene, er sunt. Det hindrar polarisering, skapar grunnlag for breie kompromiss og stødig styring.

Viss det på kvelden ikkje var unaturleg med etterforsking, korleis kunne då presidentskapet og dei parlamentariske leiarane tidlegare på dagen i det heile tatt vurdere å la Hansen halde fram som stortingspresident?

—  Emil André Erstad, kommentator

Men det kan også bli for mykje av det gode. Det kan bli for tett mellom politikarane. Det kan vere lett å gløyme at folk der ute har eit heilt anna og langt meir høgtideleg syn på det som skjer i denne bygningen, enn den ofte uformelle stemninga på innsida skapar inntrykk av.

Politihuset vs. presidentens kontor

I saka om pendlarbustadane blir denne kontrasten altfor skarp og tydeleg.

I går føregjekk to parallelle prosessar som kan illustrere som eksempel:

  • Inne på kontoret til dåverande stortingspresident Eva Kristin Hansen sat heile Stortingets presidentskap og alle dei parlamentariske leiarane samla for å drøfte oppfølginga av saka om Hansens pendlarbustad.
  • Under to kilometer unna, nede på Politihuset på Grønland, sat juristar og politifolk saman for å diskutere same sak. Politiet hadde fått interesse for saka gjennom det dei hadde lese i media. Ingen hadde meldt saka. No vurderte dei om Oslo-politiet skulle opne etterforsking.

Plutseleg forstod alle

At ikkje politikarane som sat inne på møterommet til stortingspresidenten forstod alvoret i saka, er tydeleg. For då dei kom ut att frå møtet, var Eva Kristin Hansen framleis stortingspresident. Ho skulle framleis bruke tid på å forklare seg, mellom anna ved å sende eit skriftleg brev til Stortinget der ho greia ut for saka si. Brevet vart sendt nokre timar seinare, og gjorde greie for djupt personlege ting i livet til Eva Kristin Hansen. Det må ha vore audmjukande å skrive brevet. Fleire av politikarane – også dei frå opposisjonen – gav uttrykk for kollegial omsorg for Hansen. Få var tydelege på at ho burde gå av.

Så, utpå ettermiddagen ein gong, tok politifolka nede på Politihuset ei avgjerd som fekk slutt på nølinga: Dei opna etterforsking mot minst seks, ikkje namngjevne, stortingsrepresentantar som kan ha misbrukt ordninga med pendlarbustad. President Eva Kristin Hansen seier ho er viss på at dette gjeld henne.

Vi kan ikkje ha politikarar i Norge som er avhengig av politiet til å rydde i sitt eige hus.

—  Emil André Erstad, kommentator

No forstod plutseleg alle at Hansen måtte gå av. Alle dei parlamentariske leiarane forstod det, Arbeidarpartiet forstod det og Eva Kristin Hansen forstod det sjølv. Men dei forstod det ikkje før dei hadde fått hjelp av politiet til å forstå det.

Må rydde i eige hus

Etter at Hansen hadde trekt seg, seier plutseleg Stortingets visepresident Svein Harberg (H) at «det ikke er unaturlig at det blir etterforskning». Viss det på kvelden ikkje var unaturleg med etterforsking, korleis kunne då presidentskapet og dei parlamentariske leiarane i det heile tatt vurdere å la Hansen halde fram som stortingspresident tidlegare på dagen?

Vi kan ikkje ha politikarar i Norge som er avhengig av politiet til å rydde i sitt eige hus.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar