Kommentar

SVs forbannelse

SVs alternative budsjett liknar eit ambisiøst svalestup. Risikoen er stor for at det blir eit mageplask.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I dagane før SV skulle leggje fram sitt alternative budsjett på måndag, kom den eine lekkasjen etter den andre frå opposisjonspartiet. Partiet vil mellom anna auke skattane med over 20 milliardar kroner, krevje ein milliard kroner til skulefritidsordninga (SFO), innføre ei avgift på 21 milliardar kroner for oljenæringa, krevje ein milliard til tannhelse og reversere Solberg-regjeringa sine usosiale kutt med over fem milliardar kroner.

Skapar høge forventningar

Allereie før det alternative budsjettet var presentert, var summen på lista over kva SV ville flytte på i budsjettet nærare 40 milliardar kroner. Då budsjettet vart presentert auka SVs ønsker om å flytte på pengar, med mange milliardar kroner.

Å forstå den intrikate forskjellen mellom SVs alternative budsjett, den kortare lista over prioriteringar og SVs forhandlingsstrategi, er derimot for dei få og ikkje for dei mange.

—  Emil André Erstad, kommentator

I regjeringspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet er det stor uro for at SV i forkant av forhandlingane spente forventningane så høgt at forhandlingane umogleg kan innfri. Når gapet mellom forventningar og resultat blir for stort, oppnår du det motsette av det du prøver på.

Komplisert prosess

Det er nettopp gapet mellom forventning og realitet som er forbannelsen som ligg over den posisjonen SV har vald i Stortinget. Og det er komplisert for SV med alle dokumenta som no utgjer grunnlaget for forhandlingane, og vi må halde tunga rett i munnen for å skilje hummar frå kanari. Så her er ei kort oppsummering:

  • Tysdag 12. oktober la avtroppande finansminister Jan Tore Sanner (H) fram Solberg-regjeringa sitt siste statsbudsjett, nemleg statsbudsjettet for 2022.
  • Nesten ein månad seinare, måndag 8. november, la Støre-regjeringa fram sine endringar i statsbudsjettet i det som vart kalla tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2022.
  • Måndag denne veka la SV fram sitt alternative statsbudsjett for 2022.

Det er forholdet mellom desse tre dokumenta som gjer det ekstra komplisert med haustens budsjettforhandlingar. Vi har ikkje hatt ein like komplisert budsjetthaust i Stortinget sidan Solberg-regjeringa tok over etter Stoltenberg hausten 2013, og deretter skulle forhandle med opposisjonspartia Venstre og KrF.

Låg terskel for nederlag

Blant SV-politikarane på Stortinget som har laga partiets alternative budsjett, er det nok ei tydeleg forståing av at det alternative budsjettet berre viser partiets primærpolitikk. SVs forhandlingsleiar, Kari Elisabeth Kaski, som no har gått i gang med å forhandle med Senterpartiet og Arbeidarpartiet, har med seg ei langt kortare liste over kva som er dei aller viktigaste sakene for SV å sikre gjennomslag for.

For SVs partiorganisasjon, medlemer og veljarar, er nok forskjellen på det alternative budsjettet og den kortare lista med prioriteringar i forhandlingane langt mindre synleg og forståeleg. Dei store ambisjonane frå det alternative budsjettet spenner forventningane høgt. Alle resultat under dette, blir dermed lett å karakterisere som eit nederlag eller skuffelse.

SVs største problem

«Eit budsjett for dei mange, ikkje for dei få», sa Kari Elisabeth Kaski då presenterte SVs alternative budsjett. Å forstå den intrikate forskjellen mellom SVs alternative budsjett, den kortare lista over prioriteringar og SVs forhandlingsstrategi, er derimot for dei få og ikkje for dei mange.

Det er SVs største problem.

Det er ingen naturlov at SV måtte leggje fram eit heilskapleg, alternativt budsjett. Partiet kunne like gjerne berre presentert ei kortare liste over prioriteringar for forhandlingane med regjeringa, og dermed vist veljarane, medlemene og offentlegheita eit meir realistisk bilete av kva partiet er i stand til å få til. Då ville vi riktig nok sett mindre av SV sin primærpolitikk, men resultatet etter forhandlingane ville vore meir i tråd med SV sine prioriteringar.

5-6 milliardar kroner

Så kva er det eigentleg realistisk at SV kan oppnå i budsjettforhandlingane med Senterpartiet og Arbeidarpartiet dei neste vekene? Vi må sannsynlegvis tilbake til den spesielle budsjetthausten 2013 for å finne svar.

Den gongen flytta Solberg-regjeringa på rundt fem milliardar kroner, i tillegg ei auke i oljepengebruken på rundt fire milliardar. KrF og Venstre klarte gjennom forhandlingane å flytte på rundt 2,2 milliardar kroner, i tillegg til ei auke i oljepengebruken.

Fordi SV skal balansere rolla som opposisjonsparti med ansvarleg styringsparti, er det SV som har den vanskelegaste jobben.

—  Emil André Erstad, kommentator

Støre-regjeringa rakk i oktober å flytte på rundt 18 milliardar kroner. Det er derfor ikkje sannsynleg at SV klarar å flytte på så mykje meir enn 5-6 milliardar kroner – som er langt under det partiet presenterte i sitt alternative budsjett. SV ønsker heller ikkje å auke oljepengebruken, og dermed blir handlingsrommet i forhandlingane mindre enn det den var då dei borgarlege partia forhandla budsjett.

SV har den vanskelegaste jobben

Det som kan tale til SVs fordel i forhandlingane, samanlikna med då KrF og Venstre forhandla med Solberg-regjeringa, er at SV foreslår ein god del inndekning for sine forslag. Partiet kjem med ei rekke forslag til korleis det skal klare å finansiere forslaga sine. Mange av forslaga – som auka avgifter og skatt – vil neppe få støtte i forhandlingane.

Dermed er risikoen stor for at SVs ambisiøse svalestup av eit alternativt budsjett, endar opp som eit litt flautt mageplask den dagen ei einigheit om statsbudsjettet skal presenterast.

For det minst sannsynlege er at SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet ikkje vert einige. Og fordi SV skal balansere rolla som opposisjonsparti med rolla som ansvarleg styringsparti, er det SV som har den vanskelegaste jobben.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar