Kommentar

Tilbake til røtene

Støre og Vedum tar politikken tilbake til det mest basale for sine parti og veljarar: Kamp mot ulikskap og kamp mot sentralisering.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det finst to måtar å tolke Hurdalsplattforma frå Ap/Sp-regjeringa.

Høgre si tolking

Den eine er den som talepunkta til Høgre-politikarane på Stortinget ganske raskt vil følge i debattstudio etter debattstudio, nemleg at erklæringa frå Hurdal er akkurat det ein kunne forvente når «reverseringskameratane» sette seg saman.

At dette er ei regjering som vil ta Norge tilbake i tid.

Dei vil vise til saker som oppheving av Viken som fylkeskommune, moglegheit for oppheving av kommunesamanslåingar, endring av politireforma, endring av jernbanereforma og fjerning av 4-ar-kravet i matematikk for lærarar.

Vi vil med andre ord merke at Jonas Gahr Støre no blir statsminister.

—  Emil André Erstad, kommentator

Dei som støttar seg til denne tolkinga, vil meine regjeringa til Støre blir ei grå regjering som ser bakover.

Regjeringa for vanlege folk

Den andre tolkinga, den som troppane til Ap og Sp kjem til å støtte seg til, er den som står i første avsnitt i det 85-sider lange dokumentet, der overskrifta er «En regjering for vanlege folk».

Historieforteljinga frå dei politiske arkitektane i Ap og Sp: Etter åtte år med ei regjering som har sentralisert, kutta i skattane for dei rikaste og fokusert på ein altfor ambisiøs reformagenda, har vanlege folk blitt ståande att på perrongen. Det har ført til aukande avmakt, aukande ulikskap og dermed mindre tryggleik og samhald.

Den viktige tilliten

Det er ein hard dom over Erna Solbergs tid som statsminister.

I teksten legg dei to partia sterk vekt på ordet tillit. At tilliten er det beste med Norge, at det er tilliten som er sjølve samfunnslimet. At det er dei små forskjellane og det levande folkestyret, som gjer den høge tilliten mogleg.

Det er tydeleg at Senterpartiet og Arbeidarpartiet har funne fram til ein kombinasjon av essensen i eigne samfunnssyn. Her ligg slagordet til Arbeidarpartiet om at det er vanlege folk sin tur, som eit berande element, der både Arbeidarpartiets kamp mot ulikskap og Senterpartiets kamp mot sentralisering finn kvarandre som to kjerneelement.

Sentraliseringskamp og ulikskapskamp

Vi ser det i skatte- og avgiftspolitikken, der partia mellom anna skal gjere skattesystemet meir sosialt og geografisk omfordelande.

Vi ser det i skulepolitikken, der partia skal styrke den tidlege innsatsen i skulen, og føreslår å gje dei yngste elevane ein betre overgang frå barnehage til skule med meir aktiv og leikebasert pedagogikk det første skuleåret.

For Arbeidarpartiet passar regjeringssamarbeidet med Senterpartiet som hand i hanske for den strategien parti-strategane på Youngstorget har for partiet: At partiet skal vere eit parti for vanlege folk.

—  Emil André Erstad, kommentator

Vi ser det i arbeidslivspolitikken, der partia er einige om ei tillitsreform i offentleg sektor. Det handlar om å gje tilsette tid og tillit til å gje brukarane betre tenester, skriv partia.

«Ein aktiv distriktspolitikk er moderne for eit land som Norge», sa Jonas Gahr Støre på pressekonferansen ved vasskanten langs Hurdalssjøen. Slik viser han korleis Senterpartiet og Arbeidarpartiet allereie har forstått kvarandre på eit grunnleggande nivå.

Passar Støre sin strategi

Det vert sagt at forskjellane ikkje er så store mellom partia i Norge, og spesielt ikkje dei to største partia: Arbeidarpartiet og Høgre. Likevel viser erklæringa at det er ganske lenge sidan det har vore så stor forskjell på retninga Høgre vil ta samfunnet, og den retninga den nye regjeringa til Støre har staka ut.

Vi vil med andre ord merke at Jonas Gahr Støre no blir statsminister.

For Arbeidarpartiet passar regjeringssamarbeidet med Senterpartiet som hand i hanske for den strategien partistrategane på Youngstorget har for partiet: At partiet skal vere eit parti for vanlege folk.

Fleire klagar over at venstresida dei siste åra har blitt ei sytete, elitistisk og identitetspolitisk rørsle der det handlar meir om å ha korrekte meiningar, enn å stille opp for dei menneska venstresida eigentleg er til for.

Støre viser at han tar denne kritikken på alvor – og er nok takksam for at Senterpartiet gav han draghjelpa til ein meir folkeleg profil gjennom forhandlingane på Hurdal.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar