Kommentar

Ungdommens overraskande stemming

Seks overraskande tendensar frå skulevalet kan fortelje oss noko om kva som er i vente i stortingsvalet på mandag.

kk

Tysdag kveld kom resultata frå skulevalet, der elevar på dei vidaregåande skulane har stemt etter å ha sett ungdomspartia debattere i dei tradisjonsrike skuledebattane. Det er velkjend at resultata frå skulevalet ofte kan gje ei peikepinn på kva veg vinden bles i det reelle stortingsvalet som kjem rett etter. Det absolutte nivået på oppslutninga i skulevalet er ikkje det mest interessante, og vil ofte ikkje treffe heilt på valresultatet til dei ulike partia. Det er fordi trendane ofte er sterkare blant ungdom enn blant dei vaksne veljarane. Dermed blir det endringane frå førre resultat som i størst mogleg grad kan fortelje oss noko interessant om kva valresultat vi har i vente, kva trendar vi ser i skulevalet.

Trendane og endringane pleier stort sett å treffe. Det vanlege er at ungdommane i skulevalet stemmer meir til venstre enn det som blir det reelle valresultatet, men at ungdommen også som oftast stemmer for eit maktskifte. Her er dei seks mest interessante trendane i årets skuleval.

1. Frp har størst framgang

Ikkje mange hadde spådd at Framstegspartiet skulle ha den største framgangen i årets skuleval. Partiet går fram heile 3,5 prosentpoeng til 13,9 prosent oppslutning, som vil gje partiet eit langt betre valresultat enn det partiets strategar har turt å håpe på. På målingane for stortingsvalet ligg Frp an til å gjere eit relativt dårleg val, og snittet på PollofPolls ligg akkurat no på 10,9 prosent.

Tendensen frå skulevalet kan likevel tyde på at noko er i ferd med å skje, og at det er noko meir i den tendensen vi har sett i fleire fylkesmålingar der partiet gjer store byks oppover — som til dømes i Nordland der Frp no er større enn Høgre.

2. MDG og Raudt går tilbake

Kanskje vel så overraskande som Frp sin framgang, er tilbakegangen til Raudt og MDG. MDG går tilbake 0,8 prosent til 6 prosent oppslutning. Raudt går tilbake 1,1 prosent til 4,6 prosent oppslutning. Partia har tradisjonelt gjort det langt betre i skulevala enn i stortingsval, fordi ungdommane har ein tendens til å stemme meir radikalt enn dei vaksne.

Det er overraskande at dei raudgrøne partia gjer det dårlegare blant skuleungdommane enn på gjennomsnittet av meiningsmålingane.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ein årsak til nedgangen for MDG kan vere at klimakrisa allereie stod høgt på dagsorden for mange ungdommar før FN kom med klimarapporten sin i august, og at det auka klimaengasjementet i valkampen primært derfor har kome blant dei vaksne veljarane. For både Raudt og MDG er det også slik at apparatet deira framleis er mindre og meir uerfarent enn valkampapparatet til dei meir etablerte partia. I skuledebattane tel dette spesielt mykje.

3. Ap går mest tilbake, men vinn igjen

Arbeidarpartiet sitt resultat på 23,3 prosent er skikkeleg dårleg til Arbeidarpartiet å vere, og partiet har den største nedgangen i skulevalet. Det er berre 0,3 prosentpoeng betre enn resultatet i 2013, det valet der den raudgrøne regjeringa tapte etter åtte år. Det er likevel langt over det historisk dårlege resultatet på 11,7 prosent frå 2001. Det som likevel reddar æra til Arbeidarpartiet er at tilbakegangen i skulevalet er omtrent den same tilbakegangen som Ap har hatt på meiningsmålingane sidan valet i 2017. At nedgangen ikkje er større blant dei unge reddar partiets siger i skulevalet. Noko av grunnen til nedgangen kan ligge i den generelle trenden om at veljarane forlét dei store partia til fordel for dei mindre, noko Venstre og SV tener på denne gongen.

Det at Ap vinn skulevalet for fjerde gong på rad, er ei fjør i hatten å ta med seg inn sluttspurten av valkampen.

4. Venstre gjer sitt beste skuleval

Venstre endar opp på 10,7 prosent, noko som er tidenes skuleval for partiet. Det er opp 3,3 prosent frå eit allereie høgt nivå i 2017. Det er utvilsamt at partiet har fått medvind av FN sin klimarapport som kom i starten av august, men for ungdommane er det sannsynleg at saka om rusreform også har spelt ei rolle. I fleire av skuledebattane har både klima og rusreform vore blant dei viktigaste sakene debattantane har diskutert, og dermed kan Venstre ha tent på å ha ei tydeleg stemme og tydeleg politikk i begge spørsmål.

Venstre er også eit parti som er kjend for å ha spesielt dyktige skuledebattantar, noko som også kan gje tydelege utslag på resultatet.

5. Overraskande styrking av borgarleg side

Samla sett går raudgrøn side tilbake med 2,5 prosent, medan dei borgarlege partia går fram med 4,1 prosent. Det er i seg sjølv overraskande, gitt at ungdommane pleier å favorisere eit skifte. Det er særleg Venstre og Frp sin framgang og Ap sin tilbakegang som er årsaka til at styrkeforholdet endra seg slik. Dagsrevyen melde om «raud bølge blant de unge», noko NRK no har beklaga som feil. Men det er vanskeleg å sjå noko slikt i resultatet — med mindre ein då siktar til SV sin solide oppgang på 2,7 prosent til 12,7 prosent totalt. Det er overraskande at dei raudgrøne partia gjer det dårlegare blant skuleungdommane enn på gjennomsnittet av meiningsmålingane.

6. KrF ligg tynt an

KrF går tilbake heile 1,1 prosent til spede to prosent. Partiet er dermed over halvparten så lite som Raudt som er på nest sisteplass. Nedgangen til KrF er som forventa etter profilen partiet har hatt dei siste åra, og dei som har deltatt i skuledebattar for KrFU har opplevd å få særs harde angrep mot seg på tema som abort og homofili. For mange ungdommar er desse spørsmåla så viktige at dei ikkje eingong vurderer ei stemme til KrF. Partiet har derfor hatt det tøft i skuledebattane gjennom mange år, men denne gongen er det nedgong i alle fylke utanom Agder og Vestland. At KrF gjennom valkampen denne gongen har profilert seg endå sterkare inn mot kjerneveljarane enn før, kan også ha ført til at skulevalet vart tøffare for partiet. I skulevalet i forbindelse med kommunevalet i 2019, hamna partiet på 2,3 prosent. Vaksenpartiet oppnådde likevel 4,0 prosent i valet nasjonalt den gongen.

Måndagens val vert ein thriller for partiet.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar