Kommentar

Audun Lysbakkens forvandling

Audun Lysbakken starta si partileiargjerning i SV på tyngst mogleg vis. Historia om korleis han no tek partiet til himmels, er nesten eventyraktig.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kva tenkte Audun Lysbakken, den gongen for snart ti år sidan på SV sitt landsmøte, der han nettopp hadde blitt vald til partileiar med femten blanke stemmer mot seg? Dei siste dagane, der heilt i starten av mars 2012, hadde vore dramatiske og mørke for den då 34 år gamle politikaren. Månader med bråk om ei tildeling på 154.000 kroner til organisasjonen Jenteforsvaret frå departementet Lysbakken styrte som barne- og likestillingsminister, hadde tvunge han til å gå av som statsråd fem dagar tidlegare.

På under ei lita veke hadde han rukke å både bli politisk audmjuka på det sterkaste, men også bli vald til leiar for eit parti som i mars 2012 gjorde målingar langt nede på 4-talet. Det såg tungt ut for det SV som Lysbakken den gongen skulle styre utan eigen plass rundt Kongens bord. Han var nederlagsdømt.

Ideologisk overtyding

Visste han allereie den gongen at dei neste månadane og åra skulle bli ein nervepirrande og trøyttande kamp mot sperregrensespøkelset? Visste han at SV nesten skulle bli utrydda som politisk parti i valet halvanna år seinare, då partiet i stortingsvalet 2013 akkurat berga seg med 4.1 prosent? Visste han at snittet på meiningsmålingane ville halde fram med å bikke under 4 prosent så lenge som til oktober 2016?

Han visste nok ikkje alt, men Audun Lysbakken har heller aldri vore kjend som ein mann som lar seg knekke av motgang. Då ville han aldri gått laus på den nådelause oppgåva som låg framfor han den gongen. Han er av folk både i og utanfor SV kjend som ein ideologisk overtydd forkjempar for eit meir rettferdig samfunn, ein som trur inderleg på den politikken partiet hans står for.

Der andre parti – som Raudt og MDG – har vald å fokusere på den raude eller grøne biten, har SV stått fast på at fattigdom og klima må stå øvst på den politiske dagsorden samstundes.

—  Emil André Erstad, kommentator

At SV nesten ti år etter dei mørke marsdagane i 2012, skulle ligge an til å kome tilbake i regjering og gjere målingar på over 10 prosent tett på valdagen, hadde nok verken Lysbakken eller nokon andre sett for seg. Der i starten på mars 2012 såg mykje ut til å ligge i oske. I dag flaksar han høgt på meiningsmålingane. Det er vanskeleg å unngå å samanlikne Audun Lysbakkens politiske karriere med legenda om Fugl Føniks.

Raudt og grønt

Etter oktober 2016 har pilane for SV peika i riktig retning. Det er ikkje først no partiet har byrja å gjere det bra, sjølv om nivået no er på veg opp mot dei største høgdene frå partiets historie. Allereie med valresultatet på 6 prosent i 2017, såg vi at noko var i emning. Så kva har Lysbakken og SV gjort rett dei siste åra?

Internt i partiet vert det snakka om minst tre sentrale grunnar til suksessen.

For det første la partiet for fleire år sidan ein relativt enkel, men viktig strategi: SV skulle vere både raudt og grønt. Kamp for klima og mot ulikskap skulle definere all politikk. Der andre parti — som Raudt og MDG — har vald å fokusere på den raude eller grøne biten, har SV stått fast på at fattigdom og klima må stå øvst på den politiske dagsorden samstundes.

Dei siste åra har trenden blant norske veljarar utvikla seg i same retning som SV sin strategi. SSB har kome med fleire rapportar om aukande ulikskap i Norge, medan klimaendringane har kome sterkare og sterkare på agendaen.

Proff organisasjon

Partiet kunne heller ikkje drøymt om at valkampen i år skulle vere meir på deira banehalvdel enn den har utvikla seg til å bli. Først kom FNs klimarapport og så sparka laksemilliardær Gustav Witzøe i gong debatten om formuesskatt. Så kom debatten om Nye Veier sine naturinngrep og dei stadige rapportane om aukande barnefattigdom. SV er perfekt posisjonert politisk for å spele ut sin offensive politikk i desse sakene. SV trefte blink.

For det andre har SV i dag ein mykje sterkare organisasjon enn på lang tid. Då partiet vart del av den raudgrøne regjeringa, var organisasjonen langt svakare og viste i åra under Jens Stoltenbergs styre at SV-leiarskapet hadde liten kontroll på fotfolket sitt. Som då partiet fann på å demonstrere på plenen framfor Stortinget, mot si eiga regjering.

Mange i SV skal ha æra for den solide medlemsrekrutteringa og profesjonaliseringa av SV-organisasjonen, men kanskje mest av alt Kari Elisabeth Kaski som i si tid som partisekretær frå 2015 til 2017, bygde stein på stein på den skjøre grunnmuren. Audun Herning som tok over etter Kaski har også halde fram med den langt meir profesjonelle organisasjonsbygginga.

Det samlande alternativet

For det tredje er SV no heilt klart det samlande alternativet på venstresida i norsk politikk. Audun Lysbakken har fått med partiet sitt på å gjere ein av sine største utfordringar — konkurransen mot parti som MDG og Raudt — til ein av sine største styrkar. Lysbakken snakkar konsekvent om politikk, framfor spekulasjonar om spel og posisjonar.

SV kjem ikkje med urealistiske lovnader om gull og grøne skogar, men konkrete planar om rettferdig fordeling av gullet og tiltak for å sikre dei grøne skogane for framtida.

—  Emil André Erstad, kommentator

SV held seg til ein enkel, forståeleg og tydeleg bodskap om at partiet kan forhandle med alle som vil ha ny regjering. Når profilar som Audun Lysbakken og finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski snakkar om SV si posisjonering på venstresida, er det nesten som å høyre ekkoet av Erna Solbergs snakk om Høgre si posisjonering for eit borgarleg samarbeid i åra før 2013: Dei opnar for samarbeid med alle som vil ha eit skifte.

SVs samlande profil står i sterk kontrast til Arbeidarpartiet og Senterpartiets stadige fokus på kven som ikkje kan få vere med på leiken, der dei to sistnemnde partia er opptekne av å avvise formaliserte samarbeid med MDG og Raudt. SV har også møtt Senterpartiets avvisande haldning til samarbeid med ei utstrekt hand.

Det er kanskje lettare for Audun Lysbakken å vere samlande på den venstresida vi no har fått, enn det er for Jonas Gahr Støre. Lysbakkens SV ligg midt i venstresida, slik den no ser ut. Det er kortare veg frå SV til Raudt og MDG, enn det er for Arbeidarpartiet til småpartia.

Gull og grøne skogar

SV sin profil vert tatt meir seriøst av mange veljarar enn tidlegare. Ved stortingsvalet i 2005 mangla partiet regjeringserfaring, som det no har mykje av. Mange av dei sentrale aktørane i partiet veit rett og slett korleis dei skal styre eit land. Fordi Raudt og MDG har kome til som reelle konkurrentar sidan sist, ser SV no meir ut som eit seriøst styringsparti i samanlikna med dei to mindre partia. Det ser vi talepunkta og retorikken frå Lysbakken og Kaski. Begge har lagt an ei moderat, realistisk, men likevel offensiv linje i debattane om klima og ulikskap.

SV kjem ikkje med urealistiske lovnader om gull og grøne skogar, men konkrete planar om rettferdig fordeling av gullet og tiltak for å sikre dei grøne skogane for framtida.

Det kan vere noko av forklaringa på at SV etter snart ti års leiing av Audun Lysbakken, er i ferd med å gjere eit av sine beste val.







Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar