Kommentar

Mykje blir som før

Dei fleste lovnadane frå valkampen er lettare sagt enn gjort, og vert derfor aldri realisert fullt ut. Ofte er det positivt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Arbeidarpartiet lovar å fjerne kontantstøtta, Høgre lovar å kvitte seg med formuesskatten og MDG lovar sluttdato for norsk oljeproduksjon. Det er berre nokre av løfta partia no slenger rundt seg med for å vinne veljarane sin gunst.

Det fine med løfter frå politikarane er at dei viser oss veljarar kva dei vil bruke makta til, dersom vi gir dei tillit. Det betyr noko kva vi vel, særleg med tanke på retninga på samfunnet. Likevel bør vi ha eit så realistisk forhold til politikkens vesen at vi ikkje forventar at løfta blir gjennomført akkurat slik dei blir presentert.

Lettare sagt enn gjort

Dersom det går slik gjennomsnittet på målingane no ligg an til, vil Norge få ei ny regjering frå omtrent midten av oktober, sannsynlegvis leia av statsminister Jonas Gahr Støre. Den dagen han tar over regjeringskontora, startar den politiske kvardagen der jobben med å realisere løfta frå valkampen skal omgjerast til politiske resultat.

Det er lettare sagt enn gjort i eit så velfungerande og byråkratisk effektivt land som Norge. Vi kan til dømes ta det mykje omtalte løftet om å kutte kontantstøtta, som etter alt og døme vil ha fleirtal på Stortinget etter valet. Trass i fleirtalet og ei ny regjering som eventuelt vil ta dette inn i ei regjeringserklæring, er det langt meir sannsynleg at kontantstøtta overlever endå ei regjering enn at den blir fjerna.

Kanskje blir konsekvensane av å fjerne kontantstøtta for store til at Støre og regjeringa ser det hensiktsmessig å fjerne den. Kanskje vert den redda av den treige kverna vi kallar norsk politikk.

—  Emil André Erstad, kommentator

Verdas beste byråkrati

Viss regjeringa Støre bestemmer seg for å fjerne kontantstøtta, vil dei først måtte sette i gong eit enormt utgreiingsarbeid. Der vil dyktige og nidkjære byråkratar sjå nærare på spørsmål om kva konsekvensar fjerning av kontantstøtta vil få for dei som i dag er mottakarar av ordninga. Vil ei fjerning føre til meir barnefattigdom? Vil det ha noko å sei for talet på barnehageplassar? Vil det vere upopulært, no som ferske målingar viser sterk støtte til ordninga?

Kanskje blir konsekvensane av å fjerne kontantstøtta for store til at Støre og regjeringa ser det hensiktsmessig å fjerne den. Kanskje vert den redda av den treige kverna vi kallar norsk politikk. Kanskje trappar dei den ned, slik Høgre har gjort med formuesskatten dei lova å fjerne.

Vi skal vere takksame for at norsk politikk er eit treigt og grundig maskineri, sterkt støtta opp av eit av verdas beste byråkrati, der dei fleste lovnadane frå politikarane aldri vert noko av. Det skapar tillit, stabilitet og føreseielege forhold. Det kan vere greitt å tenke på når vi no ser den floraen av politiske parti som kan sjå ut til å få innflytelse på Stortinget, at det meste blir som før.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar