Kommentar

Dei som hatar språket mitt

Eit forsøk på å forstå dei som hatar nynorsk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne veka skjedde det igjen: Det latente nynorskhatet pipla til overflata. Denne gongen kom det frå valkampen til Framstegspartiet sin ungdomsorganisasjon, FpU. På ein plakat partiet har med seg rundt i skulevalkampen står det «F**K NYNORSK», saman med eit bilete av Ivar Aasen.

Denne kampanjen dreg framskrittsungdommen i gong, trass i at nynorsk er langt viktigare for norsk kultur enn eting av svin, drikking av alkohol og handhelsing. Kvifor finst dette hatet?

Sjølv om nynorskhatet finst, er det ingen unnskyldning for at nokon dermed vel å spele på det. Ord betyr noko. Også dei orda som vert brukt mot skriftspråket til hundretusenvis av nordmenn.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ikkje noko nytt at enkelte ungdomspolitikarar tyr til lettvint retorikk om sidemålsordninga. Dei siste åra har likevel mange av ungdomspartia fått eit meir nyansert syn også i desse spørsmåla, noko vi til dømes ser i tonen frå Unge Høgre. Tidlegare har desse utspela handla om å kome sidemålsundervisninga i skulen til livs. No er det sjølve nynorsken som skal bort.

Kvifor hatar dei?

Dei FpU prøvar å appellere til med kampanjen sin, er ungdommar som går på vidaregåande skule. For mange av desse ungdommane kan nynorsken framstå som eit eliteprosjekt som stadfestar utanforskapet deira. Ein teoritung del av skulekvardagen som sorterer taparar og vinnarar på brutalt vis.

For andre kan nynorsken verke vanskeleg og lite tilgjengeleg. På grunn av den enorme eksponeringa for bokmål i sosiale media, på nettaviser og alle andre stader, kan terskelen til å lære seg skikkeleg nynorsk vere høg sjølv for dei som veks opp i nynorske kjerneområde og med nynorsk som hovudmål.

Eg ser berre korleis mange av mine vener heimefrå, dei utan høgare utdanning spesielt, tyr til bokmål som sitt daglegspråk. Trass i den enorme medlemsveksten til Noregs Mållag som følge av FpU-kampanjen – med over 800 nye medlemer på to døgn – er det mykje som tyder på at nynorsken er under alvorleg press i mange område.

Peder Lofnes Hauge og dei andre strategane i Noregs Mållag gjer klokt i å reflektere djupt og lenge over kvifor nynorskhatet fins, kvifor det held fram, og kvifor politiske parti trur dei kan tene på å spele på det. Kanskje kan politiske tiltak som betre sidemålsopplæring bidra til å kvele hatet – noko Noregs Mållag jobbar hardt for.

Ord betyr noko

Det er å lett å tenke på kampanjen som eit litt tøysete og barnsleg forslag frå eit ungdomsparti på jakt etter unge veljarar. Men, kampanjen er dessverre eit uttrykk for nynorskhatet som både FpU og moderpartiet FrP gjentekne gonger har vedtatt i programma sine. FpU vil, i følge programmet sitt, rett og slett avvikle nynorsk som offisiell målform. FrP på si side «fjerne krav om sidemål i det offentlege». Kva no enn det betyr.

Det er paradoksalt å tenke på at det programfesta nynorskhatet kjem frå den delen av det politiske spekteret som oftast har mest kategoriske meiningar om kva det vil seie å vere norsk. Heile sommaren har bubilen til Sylvi Listhaug køyrd gjennom nynorskland på Vestlandet, utan at det har skapt nemneverdig refleksjon blant partifellene hennar.

Sjølv om vi kan prøve å forstå kvar nynorskhatet kjem frå, betyr det på ingen måte at vi skal akseptere det. Sjølv om nynorskhatet finst, er det ingen unnskyldning for at nokon dermed vel å spele på det. Ord betyr noko. Også dei orda som vert brukt mot skriftspråket til hundretusenvis av nordmenn.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar