Kommentar

Venstresida må vinne valet før dei fordeler posisjonar

Fleire på raudgrøn side bør gjere som Audun Lysbakken, viss dei verkeleg vil vinne i september: Halde kjeft om kva som skjer etter valet.

AUDUN: Fleire på venstresida bør gjere som Audun Lysbakken, ved å snakke meir om eigen politikk og halde moglegheitene opne for kva som vil skje etter valet.

Den siste veka har statsministerkandidat Trygve Slagsvold Vedum tatt det meste av fokuset i norsk politikk. Sjølvsagt er det framleis kamp mot geografiske og økonomiske forskjellar som står øvst på Senterpartiet sin dagsorden, men den utilsikta konsekvensen av statsminister-strategien deira blir meir snakk om posisjonar og spel.

Vi som jobbar med politisk journalistikk er så opptekne av alt som handlar om statsrådspostar, regjeringsmakt og samarbeidskonstellasjonar, at det i mange valkampar dei siste åra har handla meir om desse tinga, enn om politikken som politikarane går til val på.

Skiljelinjer på kryss og tvers

I eit land som Norge der ei nokså mangfaldig gruppe parti kjempar om veljarane sin gunst, med skiljelinjer som går litt på kryss og tvers, kan alt snakket om regjeringsmakt verke fordummande på veljarane. Vi stemmer på parti, ikkje på regjeringar. Vi stemmer på stortingskandidatar, ikkje på statsministrar.

Denne tendensen med at alle politiske parti og kandidatar skal bli avkrevd fullstendige svar på korleis dei vil handtere alle moglege scenario som kan oppstå etter valet, er ein uting. Norsk politikk har for mange parti rundt sperregrensa til at det kan bli særleg mykje orden i kaoset før stemmene er talt opp.

Vi kan bruke SVs partileiar Audun Lysbakken som eksempel.

Den siste veka har han sitte nokså stille i båten, trass i mange harde utfall frå Senterpartiet om å halde SV ute av regjering. Kvifor har ikkje SV-leiaren gått hardare til motangrep?

Audun Lysbakken har ein smart strategi: Han ønsker å breie ut partiet sitt politisk ved å appellere til fleire veljargrupper enn partiet tradisjonelt har gjort tidlegare. I tillegg til dei klassiske veljargruppene av unge veljarar, kvinner og urbane menneske, prøver SV i denne valkampen å målrette meir av bodskapen sin mot folk som bur i distrikta, fleire arbeidarar og fleire menn. Målet er å kapre ein større del av den viktige veljarmassa som er medlemer av LO.

Liknar meir på Sp

Slik sett er det litt ironisk at Senterpartiet dei siste vekene har markert større avstand til SV enn tidlegare, for SV har dei siste åra nærma seg Senterpartiet i mange viktige spørsmål. Viss avstanden mellom desse to partia har auka, er det utelukkande fordi Senterpartiet har bevegd seg bort frå sine tidlegare grøne posisjonar, fordi SV liknar meir på SP i dag enn for fire eller åtte år sidan.

For Audun Lysbakken handlar det nok om at det er smart å tenke langsiktig. Han ser ingen grunn til å dyrke noko motsetnadsforhold med Senterpartiet, slik Senterpartiet gjer med SV. Interessa for kulturkrig mellom SV og SP er derfor ikkje gjensidig. På førehand er det vanskeleg å spå kven som vil vere avhengige av kvarandre etter valet. Det har SV-leiaren openbert forstått. Han har no gjort det til eit kjenneteikn å ikkje brenne bruer eller smelle dører i andletet på potensielle forhandlingspartnarar.

Kva skjer viss Raudt og MDG kjem over sperregrensa? Kva skjer viss SV hamnar på 10 prosent oppslutnad, og Senterpartiet på 15 prosent? Poenget er berre: mykje kan skje. Å bruke dei neste tre månadane på å snakke ned moglege samarbeidspartnarar etter valet, treng ikkje vere ein spesielt god idé. Heller ikkje for Senterpartiet.

Lærdomen er banal: Ein må vinne val først. For å vinne val må ein snakke om kva politikk ein har tenkt å gjennomføre, ikkje kva departement ein har lyst å styre.

—  Emil André Erstad, kommentator

For SV-leiaren er regjeringsforhandlingar stikkordet. Og forhandlingar blir det. Sjølv om fleire sentrale folk i Senterpartiet førre veke så godt som utelukka å sitte i regjering med SV, er alle klare på at partia vil sette seg ned og forhandle. Også i Arbeidarpartiet har folk ro og tru på forhandlingar. Poenget er: Alt kan skje i forhandlingar.

Nøkkelrolle

Der kan ei ny raudgrøn regjering oppstå, eller der kan draumen om å gjenskape prosjektet som styrte Norge frå 2005 til 2013, døy. Spørsmåla SV ville stille seg er ganske enkle: Er plattformen god nok på klima og miljø? Er svaret ja, kan det bli regjering. Er svaret nei, kan SV få ei nøkkelrolle i Stortinget som forhandlingspartnar for ei Ap/Sp-regjering.

I SV meiner mange det trass i forskjellane mellom partia på raudgrøn side ligg an til å bli samde om ein plattform som skapar ei tydeleg retning og begeistring i Norge, det SV-arar omtalar som «eit modig regjeringsprosjekt». Fleire i SV peikar på den begeistringa Joe Biden har klart å skape som ny president i USA, sjølv om mange på amerikansk venstreside hadde låge forventningar til kva han ville oppnå politisk. Låge forventningar til dei raudgrøne partia sitt politiske potensial kan skape ein tilsvarande overraskingseffekt i norsk politikk, sjølv om det er noko heilt anna å etterfølge Erna Solberg enn Donald Trump.

Fokus på politikken

Det handlar om det politiske gjennomslaget, og derfor er det fokuset på denne politikken SV ønsker å bruke valkampen til å fokusere på. Fram til no har det også vore Senterpartiets strategi.

Alt snakket om posisjonar og samarbeidskonstellasjonar den siste veka kan bringe fram traumatiske minner for raudgrøn side frå valkampen i 2017, ein valkamp ingen av partia der ønsker å kopiere. Internt i Arbeidarpartiet er det ei kjend sak at fordelinga av regjeringsposisjonar byrja lenge før stemmesetlane var komne i valurna, ei fordeling av posisjonar som aldri vart noko av anna enn på notatblokka.

Lærdomen er banal: Ein må vinne val først. For å vinne val må ein snakke om kva politikk ein har tenkt å gjennomføre, ikkje kva departement ein har lyst å styre.



Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar