Kommentar

Mafiabossen som kan felle Erdoğan

Forkjemparane for demokrati og menneskerettar i Tyrkia hadde kanskje ikkje trudd at den største hjelpa i kampen mot Erdoğans regime ville kome frå ein av landets aller mest hardbarka kriminelle.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

49-åringen Sedat Peker har dei siste vekene publisert fleire videoar på Youtube der han kjem med detaljert informasjon om korleis han som mafiaboss i Tyrkia har stått i ein tett relasjon med regjeringa styrt av president Recep Tayyip Erdoğan og hans AKP-parti.

Peker, som rømde til Dubai etter å skulle bli tipsa om at det kriminelle nettverket hans var under opprulling av politiet, har publisert videoane på Youtube sidan starten av mai. Mannen som har stått bak grov kriminalitet i stor skala i Tyrkia gjennom fleire tiår, har sona mange fengselsstraffer i heimlandet. Då politiet i slutten av april byrja å arrestere folk frå mafiaorganisasjonen hans, valde han å gå til Youtube med bodskapen sin.

I sitt hemntokt mot styresmaktene listar Peker opp fleire grove, kriminelle handlingar som hans mafianettverk skal ha utført på oppdrag frå styresmaktene.

—  Emil André Erstad, kommentator

Sensasjonelt bodskap

Og bodskapen er sensasjonell: Den som skal ha tipsa Peker om at politiet var i ferd med å ta han og som skal ha kome med eit tilbod om beskytting, var ingen ringare enn innanriksminister Suleyman Soylu, ein av Erdoğans nære allierte frå AKP-partiet gjennom fleire år. Soylu har føreseieleg nok nekta for skuldingane frå mafiabossen, utan at det har stoppa saka frå å vekse til å bli det største samtaleemnet i Tyrkia nett no.

I sitt hemntokt mot styresmaktene listar Peker opp fleire grove, kriminelle handlingar som hans mafianettverk skal ha utført på oppdrag frå styresmaktene:

  • I 1996 skal Peker ha sendt bror sin, Atilla, for å drepe den tyrkisk-kypriotiske journalisten Kutlu Adali. Adali vart skoten og drepen på Kypros, utan at mordaren nokon gong vart funnen. I følge Peker vart drapet bestilt av den tidlegare innanriksministeren i Tyrkia, Mehmet Agar.
  • I 1993 vart den profilerte Cumhuriyet-journalisten Ugur Mumcu drepen i ei bilbombe, som Peker også knyt til den tidlegare innanriksminister Mehmet Agar.
  • Peker påstår at sonen til den tidlegare statsministeren og høgrehanda til Erdoğan, Binali Yildirim, har tette band til narkotikasmuglarar i Venezuela, og viser til at Yildirims son reiste til Venezuela tidleg i år for å drive narkotikabusiness. Yildirim avviser skuldingane ved å vise til at sonen hans reiste til Venezuela for å dele ut beskyttings- og testutstyr mot korona.
  • I 2015 skal Erdoğan ha sørga for at den fundamentalistiske jihadistgruppa al-Nusra i Syria fekk lastebilar fullasta med våpen og ammunisjon frå tyrkiske styresmakter. At tyrkiske styresmakter har tette band til så ytterleggåande grupper i nabolandet, vekker oppsikt i Tyrkia.

Turbulent historie

Nyare politisk historie i Tyrkia er særs turbulent. Militærkupp, bilbomber, drap og kaos har vore meir normalt enn unormalt – noko vi vart minna om under kuppforsøket i 2016. Mykje av narrativet Erdoğan og AKP har styrt Tyrkia på sidan dei kom til makta tidleg på 2000-talet, er at perioden med kaos, mafia og korrupsjon var ferdig for godt. Det biletet har vore fullt av sprekker ei stund, men no bruker mafiabossen Sedat Peker slegge og hammar for å knuse restane.

Det er derfor Sedat Peker er ein så problematisk figur for Erdoğan akkurat no. Nettopp fordi mafiabossen Peker var ein viktig figur i samrøret mellom politikarar, næringsliv og organiserte kriminelle som prega Tyrkia før AKP og Erdoğan kom til makta i 2002. Han er ein slik folk trudde Erdoğan hadde fjerna frå tyrkisk politikk.

Problemet til Erdoğan er at han gjennom fleire år har strama grepet i Tyrkia så mykje at ingen av dei store media vert sett på som truverdige kjelder til informasjon. Tyrkarar har stort sett akkurat like god tilgong til sosiale medier som vi har, og dermed opnar det seg ein stor marknad for stemmene som deler ufiltrert på stader som Youtube. Stemmer som mafiabossen Sedat Peker.

Det heile er ei ganske utruleg historie, og mange tyrkarar slit no med å forstå kva som er løgn og sanning. Fleire tyrkiske advokatar har derfor no etterlyst ei offisiell gransking av skuldingane Peker kjem med, for å finne ut om det fins noko sanning i dei.

For Erdoğan og AKP kunne ikkje skuldingane ha kome på eit dårlegare tidspunkt: Økonomien er hardt ramma av vanstyret til AKP, koronakrisa og tilliten til regimet vert stadig dårlegare. Presidentvalet om to år er farleg nær for ein Erdoğan som viste at han er i stand til å tape – slik han og partiet hans gjorde i ordførarvalet i Istanbul i 2019.

Eit anna Tyrkia

Han som vann det ordførarvalet, opposisjonens samlande kjæledegge og store håp, Ekrem İmamoğlu, vert av mange rekna som favoritten til å slå Erdoğan i presidentvalet i 2023. Det vil i så fall kunne bety ein heilt annan kurs for Tyrkia.

Det må likevel vere nokså absurd for Ekrem İmamoğlu, hans allierte, menneskerettsaktivistar og frie journalistar, å no oppleve at det er ein yrkeskriminell mafiaboss som ser ut til å hjelpe dei med å felle Erdoğan.

Sedat Peker er kanskje ikkje den første tyrkiske opposisjonelle ville inkludert i omgrepet «alle gode krefter».

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar